Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004

Roald Helgheim:
Ta ein svipptur til Afrika!

Overskrifta er ikkje namnet på eit nytt kurs ved Politihøgskulen i Oslo. Det er tittelen på ein artikkel skriven av ein journalistturist, i dette tilfellet i Aftenposten. Reiselivsjournalistar som vi brukar å kalle dei, er det mange av. På reisekanalane i fjernsynet strenar dei jorda rundt i eitt sett, i avisene fôrar dei oss nesten dagleg med tips om reisemål, og dei beste i bransjen er gjerne dugande reporterar som i mogen alder har gått over i ein lettare divisjon. Journalistturisten er ingen gravande systemkritikar, med mindre det gjeld manglar ved hotellstandarden ved reisemålet. Eit populært nytt turistmål dei seinare åra er Sør-Afrika. Sett gjennom journalistturisten sine auge kan Sør-Afrika sjå slik ut:

«Sett deg på flyet i Europa om kvelden, og våkn opp i Afrika neste morgen. Med sterk krone og lav randkurs... får du mye for pengene i Sør-Afrika akkurat nå... Cape Town har alt du måtte trenge for en tradisjonell storbyferie – opera, symfoniorkester, flere teatre, gode restauranter, museer, spennende natteliv og shopping. Men du bør også ta en pause fra «Det gode liv». Apartheid er historie, og Sør-Afrika sliter fortsatt med å reise seg fra ruinene av raseskillet. Et besøk på fangeøya Robben Island eller til en township gir reisen balanse.»
Det var dette som stod under tittelen «Ta en svipptur til Afrika» i ein artikkel i Aftenposten for to år sidan. Eg har lånt sitatet frå boka Å se verden fra et annet sted av Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen. I dette tilfellet er det Simonsen som med journalistturismen som utgangspunkt tar for seg det nye «Syden i Sør-Afrika».
Uansett reisemål er det eit interessant trekk ved turistreportasjane at dei har ein positiv grunntone. Det er ein fin stad å reise til, maten er god og framfor alt billeg, og dyra er eksotiske. Denne vinkelen bryt i dette tilfellet radikalt med «den store forteljinga om Afrika». I den forteljinga er Afrika død, liding, naud og elende, krig og aids, med brot på menneskerettane på toppen. «Den klassiske Afrika-fortellingen er bygd opp omkring et hjelpetrengende kontinent, et offer for kolonialisme og imperialisme, strukturtilpasiningsprogrammer, sykdommer og lokale despoter», skriv Simonsen. Og denne forteljinga blir også fortald først og fremst av journalistar. Når eg høyrer den nesten monomane stemma til Afrika-korrespondent Tomm Kristiansen i eteren, er eg garantert liding og elende. Samstundes er Afrika det mest underdekte kontinentet i media på våre kantar. I Norge, Danmark, Finland og Island utgjer Afrika fire prosent av den samla utanriksdekkinga. Det gjer bildet av det enorme «Afrika» endå meir fragmentert, tilfeldig, utan samanheng, utan bakgrunnskunnskap, utan historie. Kva folk krigar om, blir uforståeleg, i enden blir dei stammekrigar i det som i den store Afrika-forteljinga er eit land, og ikkje eit kontinent. Endå det er så stort at Europa vest for Russland får plass i Sahara-ørkenen.

Dette forflata bildet av eit kontinent er unikt for det afrikanske. Ingen vil hevde at asiatiske land som Kina og Nepal eigentleg er det same, men kva er skilnaden på Senegal og Angola? Ulike forteljingar frå ulike land blir uinteressante, for så lenge det er krig i eitt av dei, er det «krig i Afrika», og alt er som før.

At elendebildet er grunnstammen i all nyhendejournalistikk, råkar ikkje berre Afrika, men det er ikkje vanskeleg å sjå at det står i ei særstilling. Bildet av «afrikanaren» som blir teikna når politistudentane i Oslo skal lære «kulturforståing», er som stereotypi eigentleg ikkje til å bli så sjokkert av. Når leiinga ved Politihøgskulen skal forklare bakgrunnen, opplyser dei typisk nok at «det aktuelle kurset er laget av en norsk polititjenestemann som vokste opp i Afrika». Mannen voks opp i Tanzania, får eg opplyst. Sett frå «vår» synsstad er det vel grunnlag godt nok til å skildre folkekarakteren til «afrikanaren»? «Kurset gir et personlig perspektiv fra den aktuelle foredragsholderen, som er annerledes enn mange andres perspektiv», forklarar skulen til Aftenposten. Annleis enn kven då?

Slike stereotypiar om «dei andre» som vi kan lese ut av undervisningsmateriellet ved Politihøgskulen, går att i mange samanhengar, ikkje minst i norsk innvandringsdebatt. Eit journalistisk kriterium for at eit utland skal vere interessant i Norge, er at det finst ein norsk vinkel. Norge merkte seg ut som ein solid støttespelar for kampen mot apartheid. I alle fall likar vi å tru det. Vi har støtta frigjeringsrørsler i andre afrikanske land også, men Sør-Afrika kom i ei særstilling. Difor er Sør-Afrika ikkje lenger så «Afrika», som resten av kontinentet. Det har ei norsk reim i seg, det er håp. Det er eit land vi så å seie har ein liten aksje i. Sør-afrikanske flyktningar frå apartheid fekk seg tidleg ein fristad hos oss. Men den «afrikanaren» som kjem til Norge i dag, er ein somaliar ingen har bede komme hit. Og den somaliske flyktningen er som kjent synonymt med svart kriminalitet og omskjering av kvinner. Før visste nordmenn knapt kvar landet låg. I dag er «Afrika» i Norge det same som Somalia – og muslimane heiter Mulla Krekar.

Det er den mest eineståande posisjonen av dei alle. Utan tvil er han ein stor klovn, slik Shabana Rehman er ein stor komikar. Men den brautande nasjonale sjølvgodleiken som har breidd seg etter mulla-løftet, er ikkje noko vakkert syn. Måtte «dei andre» der ute sjå i nåde til oss alle.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |