Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004
Økofilosofi:
Kollektiv moral og miljøkrise
Vi har vore altfor vande med å sjå på miljøomsyn som eit sisteledds tiltak, som eit reinseanlegg vi hektar på den farlegaste industrien. Vi må gjera det til første ledd, skriv Fredrik Barth.
Årsaka til miljøkrisa i verda finn ein ved å sjå på korleis menneska i industrialiserte samfunn verkar i miljøet ikkje i dei naturlege prosessane i same miljøet. Ein må skjøna dei naturlege prosessane for å identifisera korleis dei einskilde industritiltaka verkar på miljøet, men om vi vil gripa inn i årsakene, må vi gripa inn i menneskesamfunna, ikkje i naturen. Det er den teknologiske tenkjemåten at problemet kan løysast ved «a tecnical fix», som har ført oss inn i ei miljø- og livsøydeleggjande stode. Ei nytenking må dessutan gå vidare enn vanleg moralfilosofi: det er ikkje det einskilde mennesket sin moral som vil endra verda. Det er den kollektive verksemda i samfunna den samla effekten når sosiale massar og omfattande industri står bak som må endrast.
Økologiske omsyn vert heile tida formulerte slik at folk tykkjer at dei verkar i strid med hovudprioriteringane våre: velferd, levestandard, sysselsetjing, fridom, vekst. Men dersom heile miljøet, livet, står i fåre for store øydeleggingar sjølv om det kanskje vil ta 100 år og ikkje 25 år då må sunn sans og folkevit føra til at økopolitikk står sentralt. Vi har vore altfor vande med å sjå på miljøomsyn som eit sisteledds tiltak, som eit reinseanlegg vi hektar på den farlegaste industrien. Vi må gjera det til første ledd. Målet med tiltaka skulle vel vera å skapa eit godt miljø for alle menneske?
Vi har ikkje grep
I dag fungerer ikkje dette slik. Vi er ikkje i inngrep med realitetane. Den produksjonen og handelen som skader jorda i dag, trur vi er sjølve grunnlaget for velstand og lukke. Men om vi ser på varene som flyt i internasjonal handel og reknar ut pengeverdien, er største posten våpenhandel, den neste narkotika og den tredje olje-produkt. Vi veit òg at produksjonslivet i verda er organisert slik at fattigfolk i storbyar, frå Calcutta til New York, har sterkast vekst. Det er altså ikkje ein gong slik at vi skaper lukke i dag med den industrielle utviklinga, om enn på kostnad av øydelagt miljø og usikker framtid. Tvert imot skaper store deler av masseproduksjonen i dag naud og ulukke, samstundes som han øyder uerstattelege ressursar.
Dette tenkjer vi lite over.
Fram til 1960-nivå!
Men tenk om produksjon i Noreg skulle gå mot det nivået vi hadde i 1960, då ville alle institusjonar reagera som på ein katastrofe. Berre eit ymt om ein slik tendens ville produsera samanbrot i bankar og børsar, kaos i industrien, masseprotest i fagorganisasjonar, og kriseprogram i dei politiske partia. Og dette trass i at det er mange som hugsar Noreg som eit lukkelegare land i 1960 enn i dag mange objektive indikatorar på livskvalitet tyder på det same og miljøeffekten av norsk verksemd var langt mindre øydeleggjande den gongen enn i dag.
Den radikale lærdomen av dette er at det kollektive målet bør vera å bringa Noreg attende (eller fram!) til kva det var i 1960. Det er både viktig og turvande at filosofane våre hjelper oss med å omgrepsfesta ein moral som syner større vørdnad for alt liv og alt levande, slik Arne Næss har arbeidd mykje med.
Kollektiv fornuft
Vi treng avgjerdsmakt som gjer det mogleg å utøva eit minstemål av kollektiv fornuft. Vesten sin styrke har vore kunnskaps- og forskingsbasert. Mange sivilisasjonar ja også såkalla enklare kulturar har dyrka fram det framifrå vakre i sine kunstformer, stor visdom i filosofi, visjonær rettferd og godt hjartelag i sine religionar, og omfattande menneskeleg lukke i samfunnsformene. Den vestlege vitskapstradisjonen har leita etter kunnskap om alt, og sett dette i sving for å endra tilhøva vi lever under, frå det mest fundamentale til det mest banale. Knut Erik Tranøy ser klårt når han åtvarar mot kunnskap utan innsikt, og strevet fram mot allmakt. Makt, i denne meininga, som dugleik i å få det som ein vil, føreset klåre mål, og at desse måla må hanga på greip, utan vil slik makt føra til kaos, og slett ingen vil få det som dei vil.
Det er der vi står no.
Kollektive avgjerder
Vi har til nyleg hatt universitet der kunnskapssøkinga har hatt karakter av fri forsking. Men spør vi etter prioritering i dag, får vi eit anna bilete. Slumpar ein forskar i dag på noko som kan seljast til forbrukaren, kan det bli sett inn svære ressursar, og investorar, teknikarar, maskinindustri, agentar, reklame og seljarar blir mobiliserte, og hjula går for fullt. Sjølv offentleg styrde midlar går i stor mun til utvikling av kunnskap som kan vera nyttig for næringslivet nyttig i meininga lønsemd og vekst. Vi har ikkje organ som vurderer om råstoffa som går med bør prioriterast for andre føremål, om produktet fører til eit rikare liv for brukaren, om masseeffekten har negative sider, og så bortetter. Det vert gjort vedtak som om ressursane i verda var uuttømelege, og søppelplassane uoppfyllelege, som om produksjonen berre hadde den produserte vara som konsekvens, og som om
forbrukaren i det store og heile gjer kloke, informerte val, som automatisk er optimale for fellesskapet.
Det vi treng, er betre måtar å ta kollektive avgjerder på, og som betre reflekterer den lagnadsfellesskapen vi er saman om. Økologiske omsyn må formulerast slik at dei ikkje er i strid med hovudprioriteringane våre, men er ein sentral del av dei.
Fredrik Barth
|