Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004
Leiar:
Ulvepolitikk på avvegar
17, eller var det 20 ulvar regjeringa opphaveleg ville ha i dette landet? SV baud sjølvsagt høgst og vil ha 50-60 ulvar. Tjue, førti eller seksti i den store samanhengen er det ingen skilnad. Det vert latterlege små tal når vi veit at Russland har 50.000 ulvar.
Kvifor då bry seg? Truleg er det symbolpolitikk av verste slag som skal gje inntrykk av at vi innfrir internasjonale plikter og avtalar. Og det er miljøpolitikk som ikkje tek noko omsyn til kva lokalbefolkninga måtte meina og kva konsekvensar det får for bruken av utmarka til husdyrbeite og rekreasjon.
Kva mange miljøvernarar vil med eit titals radiomerkte ulvar med halsband, er vanskeleg å skjøna. Ulvar som ved jamne mellomrom vert pesa ut av cowboyar på helikopter og snøskutarar, bedøvde og stadig forska på. Det er misforstått miljøpolitikk på avvegar.
I dei store villmarksområda i Canada og Russland kan ulven leva fritt og ha sin naturlege plass i faunaen. Men i Noreg har vi alltid hatt, og har heldigvis enno, ein intensiv og aktiv bruk av utmarka. All slags beiting er uansvarleg i område med ulv. Særleg er det uansvarleg i område med revirhevdande ulv altså ikkje berre streifdyr og små tilfeldige flokkar. I slike område må ein rett og slett fjerna beitedyra.
Hadde det vore slik at ulven var sterkt truga, og norsk innsats for å berga arten var tvingande naudsynt, så hadde saka vore annleis og ein måtte vurdera å ta dei negative konsekvensane som kom. Men her er det ikkje snakk om å berga ein eksisterande og gamal bestand, men å halda liv i ein utpost av ein stor og levedyktig bestand i Russland og Finland.
Vi kan ikkje seia at vi ikkje vil ha ulv i Noreg så lenge Sverige vil ha ulv. Det vil alltid koma dyr over grensa. Men ein aktiv norsk ulvepolitikk som tek sikte på å byggja opp ein bestand i eit utvida område, er manglande respekt for dei som skal leva tett opp til dyra.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|