Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004

Kommentar:
Betaling til venstre
Smøring, svarte pengar, betaling under bordet. Betaling «na leva» – til venstre – heiter det på russisk. Det er heilt vanleg og skjer kvar dag og overalt. Vi sit tre kjenningar rundt eit kafébord i Moskva og snakkar om korrupsjon. Dei har nett fortalt meg at eg må betale for å få ut noko informasjon eg treng. Eg seier eg har store problem med det og kjenner meg svært uvel med å skulle gjere slikt. Dei synest eg er rørande uskuldig, og ler godt. No skal vi lære deg, seier dei. Og gjev meg ei innføring i kvardagskorrupsjon.

Russarar ordnar små og store ting med å betale litt eller gje ei gåve, som kan vere alt frå ei lita konfektøskje, ein pose god kaffi eller noko anna lite, men kanskje knapt gode. For å få vite litt, fikse noko eller kva det no kan vere. Og det kan vere alt muleg.

I helsevesenet har det vore vanleg å smørje legar og personell for å sikre seg god behandling og hygiene, ei god jordmor når ein skal føde eller nok anestesi ved eit abortinngrep.
Den mest utbreidde korrupsjonen i kvardagen for mine kjenningar, er smøring til trafikkpolitiet. Før var ein jobb i denne etaten verkeleg lågstatus, men er no blitt ei svært så innbringande verksemd. For ein trafikkonstabel er det ein dårleg dag om han kjem heim med mindre enn 200 dollar, altså rundt 1500 kroner. For andre kan dette utgjere ei månadsløn. Trafikkpolitiet stoppar folk heile tida, og finn alltid noko å utsetje på bilane eller køyringa. Dei fleste russiske bilar har ein skavank. Ein knust spegel, ein sprekk i frontruta, manglande lys, dårlege dekk. Også importerte bilar har manglar, då det ikkje alltid er så lett å få tak i reservedelar. Alt dette skor trafikkpolitiet seg på. Og ein køyrer feil. Eller for fort. Eller for sakte. Eller ein har ikkje gjort noko gale, men dei seier at det har ein. Og trugar med bot og ein halv dag i kø på stasjonen, noko ingen har lyst eller tid til. Kor mykje, er spørsmålet, og det er berre å bla opp.

Ei av dei rundt bordet budde nokre år i utlandet, og hadde gløymt korleis slike ting gjekk føre seg. Då ho vart stoppa, bladde ho opp tjue dollar som ho stakk ut av ruta. Ein fortvila trafikkonstabel bad henne dra til seg pengane faderleg kvikt, og sa at det var ikkje slik ho skulle gjere det. Ho fekk opplæring på staden av konstabelen.  
For det er viktig at smøringa skjer på ein korrekt måte. Og at det skjer i det stille, at andre ikkje ser eller veit. Det skal ikkje skape problem for dei som tar i mot. Det skal heller ikkje vere for mykje eller for lite. Ein skal ikkje overdrive. Du får ditt, og dei får sitt.

Ein annan av dei rundt bordet er arkitekt, og fortel om ein av kundane sine. Kunden er ein av dei mange nyrike russarane som har så uhorveleg mykje pengar at det er vanskeleg i det heile å førestelle seg det. Kunden er ein av dei mange nye industribaronane. Han har fleire eigedomar ulike stader i Russland og store leilegheiter i dei tre største byane. No skal han bygge seg eit jaktslott midt ute på tundraen. Slottet skal brukast eit par veker i året under jaktsesongen. Og han har kjøpt endå ei ny leilegheit i Moskva, som berre skal pussast opp sånn moderat, fordi han og familien kjem ikkje til å vere der noko særleg, berre ei helg i ny og ne. Først om eit par år skal dei ta den verkelege store oppussinga, sjølv om dei ikkje skal bu her, då heller. Arkitekten fortel at dei no likevel har bestilt interiør og møblar til skyhøge prisar. Dei skal ha all slags luksus, og leilegheita skal ose av pomp og prakt.

Desse folka eig ikkje smak, heile oppussinga er fullstendig ute av proporsjonar, seier arkitekten og himlar med augo. Dei vil vere så fine på det, men dei oppfører seg som bønder likevel, får eg vite. Til badet har frua tinga eit forgylt italiensk badekar som ikkje skal badast i. Det skal brukast til å bløyte kleda i før dei skal vaskast i den tipp topp moderne vaskemaskina. Vanen med bløyting i vaskebaljen sit i ryggmargen på desse folka som eigentleg kjem frå små kår ute i periferien. Uansett kor sofistikerte dei vil vere, så klarer dei aldri å bli det, seier arkitekten med ein hånflir. Og fortel kva som er barometeret på rikdom mellom dei nyrike akkurat no. Det er når damene seg imellom skryt av kor store fryselager dei har for pelskåpene sine – på hytta! Kona til industribaronen har plass til 29 pelskåper i fryselageret på datsjaen sin.
Eg spør korleis denne mannen vart så stinkande rik. «Han stel», kjem det kjapt.

Det viser seg at mannen var om seg då privatiseringa av fleire av dei store industriføretaka tok til for nokre år sidan. Han nytta høvet, og har i dag kontroll over ei svært lukrativ bedrift som produserer viktige råvarer både for den russiske og den internasjonale marknaden. Kva han gjorde og korleis han fekk det til, veit dei ikkje, men har sine klare teoriar om det. Og er samde om at det ikkje berre er korrupsjon, men reine ran av fellesgode som har gått føre seg i stor stil. Det er mange som no har kontroll over store ressursar som før tilhøyrde fellesskapen, og som no altså blir brukte til pelskåpelager.  

Før vi går, gjev dei meg nøye oppskrift på korleis eg skal gå fram på ein «korrekt» måte, kva eg skal seie og korleis eg skal få fram kva eg vil samtidig med at eg skal gje denne personen ein pose kaffi eller ei konfektøskje. Dei kan ikkje fatte at det skal vere så vanskeleg, det er då nesten ingenting. Når eg likevel seier at eg tvilar på at eg kjem til å klare det, synest dei nesten synd på meg.    
Stakkars Russland, tenkjer eg.
Bente Riise

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |