Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004
Bøker:
Når dei gamle ser
Styrken til Anne Karin Fonneland er at ho tar både livet og lyrikken på alvor. Det krev både godt handverk og stort talent for å få til.
Anne Karin Fonneland:
Kvit, og som vind
Wigestrand
Lyrikaren Anne Karin Fonneland er ute med oppfølgjaren til den flotte Når dei vakne ser frå 1999. I den førre boka var det dei nybakte foreldra det handla om, og kva som hender når dei ikkje lenger kan gå beine vegen til kvarandre fordi dei plutseleg sit med ei levande ikjøting av kjærleiken mellom seg. Årets samling tar òg utgangspunkt i det kvardagslege, mellommenneskelege, men i motsett ende: Nå handlar det om ein institusjon for eldre, det vil seia for døyande.
Men Kvit, og som vind er ikkje indignasjonslyrikk frå det offentlege fattignoreg. I staden er det, på same måte som i den førre samlinga, dei poetiske opningane som står i sentrum, dei biletlege refleksane som spelar fram og tilbake mellom den som fører ordet og ja, korleis skal eg seia det: det denne personen går inn i og observerer og samstundes er del av.
For her er meir enn eit møte med eit dødsleie. Her er òg førestellingane om livet og døden. Her er ramene institusjonen set. Her er måten den som fører ordet er vikla inn i livet til den gamle på. Samstundes som dette då er ein knute som held på å løysa seg opp, både for den gamle og for den som fører ordet. Og då ikkje slik at kvart einskilt dikt faldar ut alt dette, men slik at boka i sum gjev ein presentasjon av ei totaloppleving, av eit «meiningsunivers».
Rørsla byrjar i oss som ser på dei gamle når dei søv, og ser døden og vinteren i dei. Men så, i andre avsnittet, byrjar fingrane å skrapa seg igjennom og kjem til draumen og månen i dei som søv, og med det til den historia, den ungdommen dei ein gong var sjølv. Denne kontakten er både mental, i draumen, og visuelt nærverande, i og med at det svake lyset gjer at dei gamle ser unge ut. Og denne kontakten mellom det synlege og det mentale, og mellom den som ser og den som blir sedd, er etter mitt syn typisk for denne samlinga. Likeins måten den som ser si skraping inn i den gamle blir knytt saman med den gamle si skraping inn i seg sjølv på, slik at det oppstår ei dobbeleksponering av biletet. Den som ser og den som blir sedd vev seg saman, til eitt bilete.
Og slik er det i dette universet, der det sentrale altså er at det blafrar til, som vind, i brytinga mellom det som er til å halda og det som løyser seg opp i det store gåtefulle. Og det som på ny imponerer meg stort, er Fonnelands evne til å gripa fatt i noko som på eine sida er forankra i kvardagen og på andre sida lar poesien spela ut heile registeret sitt, men utan å bli søkt, tenkt eller bisart. Ikkje fordi eg har noko imot det søkte, tenkte eller bisarre. Men fordi styrken i desse bøkene, i hennar diktsamlingar, er at dei tar både livet og lyrikken på alvor. Og det er heilt klart at det krev både handtverksmessig dugleik og stort talent for å få til dette.
Ei ny stor samling frå Anne Karin Fonneland. Og eit tap for Samlaget, som altså har klart å mista denne forfattaren.
Hadle Oftedal Andersen
|