Dag og Tid nr. 18, fredag 30. april 2004

Natur og miljø:
Økofilosofi, ei kort innføring
Det er liten tvil om at vi har systemkrise, med åtak på alt, frå einskildmennesket til samfunnssystem og natur. Økofilosofien si oppgåve er å freista å skjøna dette, og gjera framlegg om vegar ut av uføret.

Ein av grunnane til at dette arbeidet tok til – på slutten av sekstitalet – var ei kjensle av å koma til kort overfor spesialistar og ekspertar i statsadministrasjonen og det private bedriftslivet. Den tanken forma seg at ein som ikkje var spesialist på dei aktuelle fagfelta berre kunne møta argumentasjonen ved å utdanna seg til «generalist», dvs. ein slags «superamatør» som kunne argumentera om saker på ein måte som spesialistane ikkje meistra, nettopp av di dei var spesialistar. Poenget var å slå spesialisten der han var sårbar – så og seia per definisjon. Ein god samfunnsborgar bør i alle tilfelle ha litt kunnskap og dugleik innanfor mange felt. Han må vera ein «vidsynt amatør». Demokratiet er tufta på slike samfunnsmedlemer. Demokrati er «amatørvelde». Ekspertstyre er ikkje demokrati.

Å sjå heilskap

Det har vorte sagt at vi alle er filosofar (Arne Næss). Orda må i så fall skjønast på ein måte som ligg langt frå det som er gjeldande på eit filosofisk institutt i dag.

Institusjonaliserte filosofar, i dag som i antikken, har hatt ein tendens til å sjå verda frå ein materielt verna posisjon, og ein må rekna med at «dei djupaste og mest grunnleggjande spørsmåla» har sett annleis ut for dei enn for det store fleirtalet som tente til livsopphaldet med kroppsarbeid. Likevel har dette fleirtalet – framfor alt ut frå den stoda og dei tilhøva dei måtte arbeida i vore med på å forma tankane og kjenslene som ligg attom det vi tenkjer når det gjeld menneske, natur og kultur. Ei grunnleggjande idéhistorie vil vera avgrensa og redusert inntil ein studerer henne som del av folkekulturen si soge. Men folk flest har ikkje noko gjennomtenkt heilskapssyn. Dette gjer det krevjande å få tak i den underliggjande strukturen. Samstundes er det truleg sunt å rekna med at dei akademiske filosofane i dag er så spesialiserte i det dei held på med, at ein like lite hjå dei kan tala om eit formulert heilskapssyn som til dømes hjå murarar, bønder, fiskarar og lærarar.

Vi står i dag overfor ei total «systemkrise», det vil seia ei krise der vi ser åtak på alt, frå kroppen og sjela hjå einskildmennesket, til samfunnssystemet og den naturen det heile fungerer i. Økofilosofien si oppgåve er å prøva å skjøna denne kriseutviklinga, mest mogleg som heilskap, og med grunnlag i dette gjera framlegg om vegar ut av uføret, og inn i noko nytt og meir føremålstenleg.

Det allsidige forsømt?

Det må vera viktig at den vanlege samfunnsmedlemen utviklar seg i allsidig lei. Utan kan han vanskeleg greia seg i ei kompleks verd. Skal vi kunna skjøna det som hender, kan vi heller ikkje vera bundne av dei reglane for varsemd og nøytralitet som gjeld i vitskapen. Vitskapen kan gje oss nyttig kunnskap, men kan ikkje gje rettleiing i verdispørsmål. Vi må sjølve klårgjera dei føresetnadene og verdiane vi står for. Vi treng også innleving, utan kjem vi knapt nok til handling. Kjensler ligg innanfor råma til oppgåva vår, og har krav på å verta tekne omsyn til. Vi må innanfor ei rimeleg råme gjeva oss sjølve lov til å nytta bilete og livfulle skildringar, når dette trengst for å gjera saka tydeleg og lettskjønleg. Dette er også punkt der vi går utanfor den vitskaplege metodepraksisen.

Arbeidsfeltet «økofilosofi» kan i kortversjon omtalast ved hjelp av fire kjenneteikn. Når ein arbeider med økofilosofi bør alle fire kjenneteikna vera med. Det vil ikkje seia at ein økofilosof til kvar tid oppfyller alle fire krava, men at det han gjer som økofilosof alltid er del av større prosjekt som stettar alle krava.

Dei fire punkta skal sjåast i samanheng:

Interesseretning

Ei betre forståing av menneske og naturtilhøve som heilskapar, der delane påverkar kvarandre. Det tykkjest fruktbart å sjå på jorda, med plantar og dyr, som ein sjølvstyrande stororganisme som freistar å verna seg sjølv mot øydeleggjande endringar («Gaia-teorien», ein tverrfagleg vitskapleg teori, arbeider ut frå denne modellen). Her har vi å gjera med både konflikt og harmoni. I slike studiar legg ein vekt på 1) endring, prosess, (livsytringane endrar seg heile tida), 2) oppbygging, struktur, men aldri som permanente byggverk, og 3) kommunikasjon, innafor det økososiale nettverket, (som vitskapen på langt nær har full oversikt over).

Reiskapar

I dette arbeidet må ein nytta alle menneskelege evner og utvegar – tenkjeevne, sansar, kjensler, å skjøna mønster, heilskapar og endringar, innlevingsevne, intuisjon – praktisk og politisk. Å ta del i politiske og sosiale konfliktar i arbeidet for livsverdiar, er sentralt både som formidling og som kjelde til ny kunnskap.

Ein skal i utgangspunktet stilla seg kritisk til vitskap, teknikk og økonomisk-politiske strukturar, og den verknaden desse har på menneskelege handlingar og haldningar til natur og samfunn. Det levande, biologiske har andre lover enn det tekniske.

Mål og arbeidsformer

Økofilosofien prøver å formulera og føra fram verdiar, normer og vegar å gå. Handling, gjerningar, ikkje berre ord.

Økofilosofien er eit altomfattande engasjement. Han bør verta like omfattande som dei åtaka ein ser på menneskesamfunn og økosystem i dag. Overforbruk, naturøydelegging og uheldige verknader på samfunn og kultur er trugsmål mot sivilisasjonen. Den akademiske tradisjonen er eit ekte barn av det konkurranseindustrielle systemet, og legg diverre avgrensingar som vi må stella oss kritiske til, og jamvel bryta ut av. Vitskapen har lang tradisjon for å skilja, dela opp for å vinna kunnskap, delen har vore sentral. Denne partikkelforståinga gjeld både uorganisk materiale, organisk liv og menneske-samfunn. Men det er mykje som tyder på at eit nytt paradigme er på veg inn i vitskapen, der heilskapen er det sentrale, der sjølve eininga er heilskap.
Sigmund Kvaløy Setreng

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |