Dag og Tid nr. 18, fredag 30. april 2004

Leiar:
Nedleggjinga i landbruket held fram
4000 årsverk er borte frå landbruket siste året. Er det noko som tilseier at nedgangen vil verta mindre til neste år, om to år eller året etter det att? Nei. No er det rett nok knapt mogeleg for andre enn byråkratar og lobbyistar å skjøna noko som helst av norsk landbrukspolitikk, eller EU sin for den del. Likevel skjønar vi ut frå den politikken som vert ført at utviklinga kjem til å halda fram. Ingenting tyder på at jordbruksforhandlingane som no er i gang, vil endra på det.  

Alt prat og alle politiske utspel går på at matvareprisane skal enno meir ned. Dette kravet vert meir og meir uforståeleg. Maten er svært billeg i Noreg i dag. For billeg, om ein skal ta andre omsyn enn interessene til dei såkalla forbrukarane – som miljø, kvalitet og levande bygder.   

Men kvar finn du ein stortingspolitikar som seier at maten no er meir enn billeg nok? Og kvifor får bøndene så lite støtte i opinionen? Det kan ikkje vera fordi dei tener så godt. At 4000 årsverk forsvann i fjor tyder på det motsette. Eit betre svar er kanskje at norsk landbruk produserer keisam mat. Samvirkeorganisasjonane har fokusert på kvantum og bulkvarer og ikkje tradisjon og variasjon. Det er som om rasjoneringa etter krigen har halde fram til i dag.

Det siste er i ferd med å endra seg. Dei lokale tradisjonane og særpreget vert no framheva som viktige for at landbruket skal kunna overleva. Noreg treng eit landbruk som er til å leva av, og optimistiske bønder. Difor må ein berre håpa på at støtta til bøndene kan styrkjast, og at kravet om effektivisering og lågare prisar, drive fram av næringslivsøkonomar, kan møta motstand frå modige politikarar som torer å tala økonomane imot.
Svein Gjerdåker
   

Takk til Kjerland og Skei

Arne-Ivar Kjerland sluttar i dag som disponent i Dag og Tid etter over 23 år i stillinga. Også Hans H. Skei sluttar etter 10 år som styreformann. Vi takkar begge for godt samarbeid og stor innsats for avisa.
Dag og Tid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |