Dag og Tid nr. 18, fredag 30. april 2004
Nøste Kendzior:
Flotte greier!
Iblant hender det at nokon dunkar meg på skuldra og seier: «Flott jobba, Nøste!» Nokon kallar meg til og med «flott dame», medan dei klappar meg på skuldra eller endåtil på hovudet (Flott, Fido! Flink hund!). Og eg smalnar i blikket, ser meg mistenksamt omkring og er på vakt. For eg veit at det å vere flott dame i dag eller endå verre: flott jente (når ein er ei halvgammal røy) det har ingenting med utsjånaden å gjere. Det handler om å vere middelmåtig.
Denne noko paranoide tankegangen er utvikla etter mange år i ei stilling i samarbeid med byråkratar på både høgt og lågt nivå. Der var det jaggu meg mange flotte jenter ute og gjekk! Dei flotte jentene, det var dei som gjorde jobben sin, dvs. den jobben dei var sette til å gjere. Og som gjorde jobben slik det vart forventa av dei, dvs. flinkt, fantasilaust, på det jamne og utan nye idear. Når jentene hadde jobba «flott», var byråkratane glade, for då hadde dei fått det slik dei ville, utan friksjon, irritasjon, motstand.
I dag, i ein heilt annan jobb, ein kreativ jobb som krev ein viss trass, hender det at eg treng ei sitatbok. Nyfiken og velviljug innstilt skaffa eg meg difor Den store norske kvinnesitatboka, som kom ut på Cappelens Forlag i høve Kvinnedagen i år. Ho er svær, med over 3500 sitat, som i baksideteksten til boka er karakterisert som «spenstige, spissformulerte, sylskarpe, tørrvittige, fyndige og glitrende!»
Glitrende er eit like farleg ord som flott; det blir flittig brukt i flosklar, av folk som likar å karakterisere måtelege handlingar med store ord. Så når eg i baksideteksten vidare les at boka er ei «flott synliggjøring av norske kvinner», er allereie mismotet på veg. Det blir styrkt av første setning i føreordet: «Dette landet er fullt av flotte damer i ansvarsfulle stillinger og med posisjoner i det offentlige rom til og med i styrerommene i konsernene, så smått.»
Desse «flotte damene» er 766 stykk i alt, og eg finn meg sjølv som ei av dei. I optimistisk forfengelegheit blar eg ivrig for å sjå kva for spenstige, sylskarpe, tørrvittige, fyndige og glitrande spissformuleringar som har gjort meg fortent til denne ærefulle synleggjeringa. Det viser seg at eg har sagt noko traust om kua, noko flinkt om litteraturen og noko snusfornuftig om tid og eit par andre fenomen. Glitrande? Hallo!
Kven er kvinnene som blir siterte i denne boka? Dei er heil- og halvkjendisar frå media og politikken, folk som Anne-Cat., Valgerd, Shabana, Wenche, Mette-Marit og andre vi er på førenamn med. Sjefredaktørar i dameblad, programleiarar i NRK, forfattarar og andre kunstnarar, forretningskvinner.
Ifølgje redaktørane av sitatboka Lisbeth Nilsen og Kari Marie Thorbjørnsen er desse sitata å «sammenlikne med en diamant som løftes ut av sin innfatning. Den funkler der også, men i det øyeblikk den løftes ut, blir enda flere fasetter av den blottlagt og kan fange lyset og reflektere det kanskje til og med i nye retninger? Det er slike språklige diamanter vi har ønsket å samle i denne boka.»
Og kva for funklande diamantar får vi skode; kva er det dei siterte kvinnene seier så sylskarpt og glitrande?
«Det er utrolig deilig å være gift!», seier Mette-Marit. «Frihet er grovt undervurdert i vårt samfunn», seier Anne Holt. «Latter er vel en guddommelig egenskap!», seier Sissel Lange-Nielsen. «Menneskets hode er ikke det ryddigste stedet vi kan forestille oss», seier Nina Karin Monsen. «Jeg tror ikke toppidrett er det sunneste en kan drive med», seier Bente Skari. «Det er ingen belastning å være blond», seier Celina Midelfart. «Må vi snakke så mye om navnet mitt?» spør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Boka er full av slike tilforlatelege banalitetar sjølv frå kvinner som vanlegvis er kjende for sine spenstige og tørrvittige spissformuleringar.
Korleis har redaktørane klart å gjere denne boka så keisam? Fordi dei har jobba så «flott». Å gje ut ei kvinnesitatbok på Kvinnedagen er sanneleg ikkje verdas mest originale idé, men det er ein snill og flink idé. Og tanken bak er så god: Føremålet er synleggjering. For «synliggjøringen er mentalitetsendrende, og mentalitet er praksisbestemmende», skriv redaktørane i jattande utgreiingssjargong. Og så er ideen sett i verk på ein tilsynelatande uangripeleg måte: Dei siterte kvinnene er siterte for noko dei har uttalt på eigne vegner, anten i intervju eller i sakprosatekstar som kommentarar, artiklar, brev og anna; ikkje via fiktive personar i skjønnlitteratur. Det er vel og bra. Men når ein ser nærare på kvar sitata er henta frå, er det heilt tydeleg at redaktørane har gått minste motstands veg: hovudsakleg til vekeblad- og avisintervju
av dei siterte kvinnene, slik at redaktørane arbeidssparande kunne hente ut fleire sitat frå same tekst og slik få ei passande mengd sitat frå kvar. Men dette dessverre utan at sitata nødvendigvis synleggjorde det luraste og mest «glitrande» desse 766 kvinnene har uttalt. Når sjølv ein skarp og rampete skribent som Sissel Benneche Osvold blir slått til «flott dame» med utsegna «Å bo i byen, med terrasse, det er lykken», så har vi vel her å gjere med ei uskadeleggjering snarare enn ei synleggjering.
Til redaktørane Nilsen & Thorbjørnsen: Flott jobba, jenter! Dette er ei glitrande sitatbok for middelmåtige lesarar!
Nøste Kendzior
|