Dag og Tid nr. 18, fredag 30. april 2004
Klok på bok 661:
For mørkt til å sjå
Ei rose. Ei raud rose er det på kortet. Rett nok har rosa ei aning oransje i seg, men når eg myser litt, overser eg lett det oransje, og dermed ser eg ei raud, raud rose på kortet frå Maj Voss. Ho har sendt meg dette kortet til ære for Robert Burns, fortel ho, «og ikke minst til hans fabelaktige oversetter Hartvig Kiran». For ein gongs skuld gjer ho dette, Maj Voss, ho er ikkje ei dame som strør om seg med blomsterkort i utrengsmål, lat det vera klart. Og grunnen til denne sjeldne bløminga? Ho har sjølvsagt kjent att oppgåva frå to veker attende, ho har kjent att orda frå diktar Burns («My Love (eller Luve!) is like a Red Red Rose») via omsetjar Kiran («Min elsk er lik ei rose raud»). Og ikkje er Voss åleine, om attkjenning og anerkjenning av desse
orda og også andre talar til meg i blomar denne veka. Det tiltaler meg! Frå Ranveig Lundquist kjem kort med syrinblomar og rett svar. Frå Elen Maria Todal kjem svaret i følgje med ei kvitsymre frå tidleg trøndervår. Og frå Harald O. Linbach kjem svaret på baksida av eit Hamarøy der liene grønkar som hagar. Men aller råast er kanskje eit kort frå Naddvik, med ein signatur eg ikkje heilt klarer tyda med bilete av ein mørk og taus og stille fjord, der snøgrimete fjell speglar seg så ein knapt kan skilja opp frå ned, og med lina «om over tusen fjell -» under biletet. Det tek til å syngja i meg att: Så lev då vel, du elskte du, lev vel ved dag og kveld og eg skal koma att, mi møy, om over tusen fjell. Tør eg å tru, tru? Eg ser på mine eigne fjell, min eigen blågrå fjord som no nærmar seg ni gradar, det er vår,
kven skulle trudd det, at vi skulle koma oss hit ein gong til, eg ville i alle fall ikkje ha sett særleg mange pengar på det då januar bøygde ryggane våre og krøkte sjelene, men når vi først har kome oss så langt som dette, skulle vi ikkje da kunna tru på sommar i same slengen? Ei rose raud, som renn ei junistund?
Jauda!
Eg opnar eit nytt brev. Og blir ståande og måpa. Det er frå Harstad, dette brevet. Det er ikkje så oppsiktsvekkjande uvanleg mange av svara denne veka kjem frå Nord-Noreg, eg trur dei veit enda betre enn oss søringar kva våren kan vera verd. Men i alle fall brevet frå Asbjørn Eidnes inneheld ikkje berre rett svar, det rette svaret gjer han elegant unna i forbifarten: «Denne gongen var det ikkje noko stort problem å finne fram til opphavsmenn for det aktuelle diktet. (...) Og når eg seier at det ikkje var noko problem, så legg eg ved årsaka til det: For 12 år sidan laga eg ein tone til dette diktet, for damekor med barytonsolo. Sjølv synest eg det er ein passande romantisk melodi men dessverre har eg enno ikkje fått prøve den for kor og solist.» Og visst er han der, melodien, han ligg vedlagd brevet, datert 25.8. 1992. Og eg som ikkje les notar! Om berre
den notekyndige Dale-Oskar var her no, tenkjer eg. Eg let blikket gli over linene, prøver å følgja flukta til melodien, høgt, lågt, prøver å ana korleis barytonen til Eidnes flyg, boren oppe av bruset frå damekoret. Og ja, eg trur eg kan kjenna det. Måtte Eidnes ein dag bli heimsøkt av tallause syngande kvinner, så melodien hans blir lyd, så notane blir ein fager song som tonar ljuvt i lund! Inntil vidare må han nøya seg med ein premie frå Klok på bok.
Det kom så mange brev denne veka. Ikkje kan eg yta alle kloke brevskrivarar rettferd, nei, på langt nær. Men eg kan ta med litt av brevet frå Rut Andrea Nervik, som sluttar det særs kunnige skrivet sitt slik: «Sjølv vart eg kjent med diktet i riktig gamle dagar da det var ein kar som las det for meg. Det vekkjer mange hyggelege minne, og eg må seia: No må de verta meir poetiske karar, og lesa nokre dikt for jentene dykkar, kanskje er det den lille dropen som vanta. Eller er det jentene som må til å lesa for gutane?»
Nei, Rut Andrea, det er gutane som må lesa for jentene. Slik er det berre. Dei må lesa og syngja for oss. Dei må aldri slutta med det. Om dei så må tigga, stela eller låna for å få det til, slik fleire av dykk veit at Evert Taube har gjort: «...ikke rart at Bohusläns store sønn lot seg inspirere av dette diktet. Det er nok mange som nynner «min älskling du er som en ros» uten å tenke på at visa er fri tolkning av den skotske poeten Robert Burns dikt med samme emne, som Taube skriver» som Wilma Fikke Schønning skriv. Og no noko heilt anna!
Klok på bok 661
«Det får fremtiden vise», sa Bankes, på vei inn fra terassen.
«Det er nesten for mørkt til å se», sa Andrew, på vei opp fra stranden.
«En kan nesten ikke se hva som er hav og hva som er land», sa Prue.
Det er frå ein omsett roman, dette, slett ikkje ein song, men dette vesle utdraget får meg til å nynna likevel: «Its getting dark, too dark to see», nynnar eg, aldeles malapropos, eller kanskje ikkje. Kva skal til for å skilje hav frå land, for å berga dei sjøfarande i mørke og stormfulle netter? Denne forfattaren skreiv ved eit anna høve: «Ta notat og smerta går bort.» Men notata berga ho ikkje heilt fram. Det vart for mørkt til slutt, og under gjekk ho. Att står bøkene hennar. Og dei kjenner de nok, tenkjer eg. Kven var ho? Og kva bok er utdraget henta frå?
Kloke lesarar: Svar til klok@dagogtid.no, til Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10. Eg skal ta vel imot dykk.
Helene Myrbråten |