Dag og Tid nr. 18, fredag 30. april 2004
Bøker:
Noko ganske nytt
Det mest påfallande med lyrikkdebutanten Mathias Vauldal er at det er tre ulike forfattarar som står bak dette namnet: Martin Bratt (f. 1977), Henning Reinton (f. 1974) og Andreas Benjamin Schei (f. 1977).
LYRIKK
Mathias Vauldal:
Kall det hukommelse
Aschehoug
Og dette får, i alle fall for meg, konsekvensar for lesinga av boka. Eg byrjar å lura på kven som har skrive kva, på om det er slik at kvar har skrive sin del, eller kvar sine eigne dikt, eller kvar sine avsnitt i dei einskilde dikta. Og på grunn av denne uvissa byrjar eg òg å spørja meg om det er ulike røyster eg høyrer, eller om det er ei røyst som av og til endrar seg.
I den vesle intro-teksten står det: «dette vil skje/lokalet mørklegges/og vi lytter». Kanskje er dette ei peiking mot det eg opplever når eg les boka. For det er som om eg sit i eit mørkt rom og høyrer ulike røyster, utan å sjå kven det er som talar, og utan å vita om det er den same personen som legg om røysta si frå gong til gong.
Ein kan godt oppfatta denne måten å laga diktsamling på som ein refleks av noko nytt, noko som er i tida. Ser ein på det nystarta tidskriftet LUJ, så inneheld det første nummeret fleire ulike eksperiment der forfattarar skriv tekstar saman eller blandar ulike språk. Så utfordringa av tanken om den monologiske lyrikken er definitivt her. Og gjennom dette blir òg lesaren involvert i teksten på ein annan måte.
Den profesjonelle lesaren
For på same måte som me må ta stilling til Dag Solstads bruk av sin eigen person i 16.07.41, på same måte som Erlend Loes bruk av dokumentarisk materiale i L, på same måte som Hanne Ørstaviks bruk av ein litteraturforskar, altså ein profesjonell lesar, som hovudperson i Uke 43, etablerer òg Vauldals bok eit felt mellom lesaren og boka som staden der mykje av spenninga og interessa, og med det meininga, blir til.
Dette er vesentleg. Dette er spennande. Dette gjev ei jublande kjensle av at det hender noko, noko ein absolutt ikkje hadde sett føre seg. Og på grunn av dette blir det òg feil å sitera eit einskilt dikt, og sjå på det. For då føler eg at eg med ein gong blir tvungen til å vurdera det som monolog, altså som ein vanleg dikt-ting i ei vanleg dikt-bok. Men la meg i alle fall seia at denne omfangsrike samlinga, på 86 sider, inneheld fleire dikt som vil stå seg godt sjølv om ein les dei på «gamlemåten».
Særleg dei rapsodiske tekstane i den første bolken, og dei små gåtene i sluttbolken. Og la meg, med atterhald for at ei viktig side ved boka ikkje kjem godt nok fram nå, visa fram eit av dikta:
det flyter et hus ute på et hav
det går sirkler rundt en øy spunnet i sommerdis
i fantasien vokser det en skog av postkort
som puster gjennom bergene
opp gjennom hendene
langt under jorden brenner det vi ikke kjenner
men hilsningene har sine svale motiver
kjærligheten er nøye planlagt
skrittet opp langs svaberget og inniblant steinene
opp mellom klippene
til der glasstårnet ble bygget
for å gi oversikt over alt
sitte der og vente på postbåten
på et vink fra noen vi kjente
et sted vi aldri hadde vært
Slik eg ser det, står dette diktet godt til tittelen Kall det hukommelse. Frå dei to opningslinene, som kanskje skildrar postkortmotiv, altså minnebilete sende frå ein person til ein annan, går diktet i resten av det første avsnittet vidare til å konstatera at me har eit landskap i minnet, eit landskap som eksisterer i og med vår fantasi, og som ligg oppå det umedvitne. I andre avsnittet blir denne motsetnaden, mellom det utvendige postkortet og det indre minnet, utvikla vidare. For det er altså slik at «hilsningene» og «kjærligheten» inngår i eit mønster, i eit spel, slik at det ligg noko kalkulerande, omformande og avindividualisert i kommunikasjonen. Og det som er det store spørsmålet, er då: Er det ikke òg slik med den formidlinga som ligg til grunn for våre eigne minne?
Som me ser, oppstår det på denne måten ein refleksjon kring dette med ei eller fleire røyster som så å seia går frå det utvendige, møtet avsendar-mottakar, eller forfattar-lesar om ein vil, til det som går føre seg i den einskilde. (Og kanskje er dei to «postkortmotiva» i opninga lån frå ei anna røyst, frå Knut Hamsun, slik at det fleirstemde får endå ein dimensjon.)
Dette er særs tankevekkande, særs spennande, og verkeleg godt gjennomført. Alt i alt ei imponerande bok, ei bok på høgd med både det nye og det gamle.
Hadle Oftedal Andersen
|