Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004


Roald Helgheim:
Anatomien til eit brotsverk
Det kling betre på engelsk, som når Anthony Sampson skreiv sine glimrande analysar av det britiske samfunnet under titlar som The Anatomy Of Britain, eit standardverk han oppdaterte med jamne mellomrom. Men kva er anatomien – eller organismen – til eit samfunn? Og korleis kan vi analysere anatomien i og omkring ei einskild hending, som eit ran med døden til følgje? The Anatomy Of A Killing er eit lærerikt temaoppslag i det daglege magasinet til The Guardian, der reporteren går dei samfunnsmessige følgjene av eit enkelt mord systematisk etter i saumane. Våpen blir meir og meir vanleg i britiske byar, og talet på mord og skotvekslingar er inne i ei spiralliknande utvikling. Kva er dei verkelege kostnadene etter eit væpna drap for familie, grannelag, politi og alle andre involverte? Kva kan eit studium av eitt tilfelle vise om kriminalitetsutviklinga generelt?

Vi skal ikkje gå inn i dette einskildtilfellet, men ein konklusjon av kriminalitetsforskinga er nokså eintydig: Det blir ikkje mindre vald av meir våpen til politiet. Det blir ikkje mindre skyting av det, og det blir ikkje færre drepne. Det gjer ikkje samfunnet tryggare. USA er eit av dei mest væpna landa i verda, og tronar åleine på kriminalitetstoppen målt i fengsla personar etter folketalet. Rett over grensa er Canada den rake motsetninga. Sjølv Russland likar ikkje lenger å liggje USA hakk i hæl, og har teke åtgjerder mot det. Og sjølv om England enno er i ein lågare divisjon, byrjar fangetala å bli det Nils Christie kallar «austlege», på line med dei austeuropeiske landa. Det heng både saman med auka sosiale skilnader, og med at domstolen si makt er svekt. Som i USA blir dommarane forsynt med lister over kva som er vanleg straffeutmåling. Rettsavgjerdene blir summariske.

Uansett selskap er Norge framleis for ein kriminell smågut å rekne, absolutt og relativt, med ein fangepopulasjon på line med Sverige og Finland. Finland likte ikkje å bli likna med grannen i aust, og fekk fangetalet ned til ein tredjedel med enkle åtgjerder (som færre fengslingar av fulle folk).

Ved inngangen til den stille veka kom det eit væpna ran i Norge. Det burde gi viktig tilfang til eit studium av anatomien til eit brotsverk. Enno er dette brotsverket ungt. Etter berre tre veker held det i media på å drukne i andre kriminalsaker. Men ransmennene sitt drap på ein norsk politimann fekk både fagfolk og andre til å påstå at det var ei hending som hadde forandra Norge! Same kva som faktisk skjer bak etterforskingsdørene, får det sin eigen offentlege mediedramaturgi. Profesjonaliteten bak ranet blir terpa på i innslag etter innslag. Og i slike saker lurer eg alltid på kvifor journalistar stadig hamrar på spørsmål dei må vite at politiet av etterforskingsgrunnar ikkje kan svare på. (Ein parallell er det samtidige Spania-mordet, der sindige norske politiembetsmenn stadig måtte forklare at norsk politi ikkje utan vidare kan blande seg inn i ei sak i eit anna land). Det er som om nokon stadig må stå til rette. Presset pregar media, som alltid må ha noko «nytt» å melde, om moglege fluktruter, meir om det svensk-albanske sporet, dei utbrende bilane, stadige variasjonar over eit tema, etter ei hending som publikum sakleg sett, etter tre veker, veit om lag like lite eller mykje om som dei første dagane. Nesten gløymde er dei som heilt sikkert var skuldige svensk-albanarar.

Dette er inga nedvurdering av det nitide politiarbeidet og dei tusenvis av tips som røynde etterforskarar føyer inn eit enormt puslespel. Det er normaliteten som pregar ei slik etterforsking, som etterforskingar flest. Det er mediedramaturgien som fordrar stadig stiging i ei sak som ikkje lar seg løyse etter krav frå ein opinion. Sverige greidde å oppklare Anna Lindh-drapet snøgt nok til å unngå eit nytt Palmesyndrom. Det har blitt ei vedteken sanning at klassisk politiarbeid vart forsømt på grunn av storpolitiske føringar på Palme-etterforskinga. Men det vil ikkje seie at saka elles hadde vore lettare å løyse.

Brotsverkets anatomi – alle faktorane som gjer seg gjeldande og grip inn i kvarandre når samfunnet opplever ei så dramatisk hending som i Stavanger – det er ei forskaroppgåve ikkje berre for kriminalforfattarar. På sitt beste får dei fram korleis ei kriminell handling frys fast samfunnet i gjerningsaugneblinken. I denne augneblinken sitt lys blir hendingar som elles verkar trivielle og normale, meir eller mindre mistenkelege moment i eit kriminelt puslespel, blåst opp for alt det er verd av media som får ferten av dei. Men det sikraste elementet i det som omgjev eit skakande brotsverk er a) dei som vil slå politisk mynt på det, og b) dei som vil væpne politiet. Ofte er det ein politikar som står bak begge utspela, lik ein Carl I. Hagen som ville vite kva som hadde hendt med nokre førehandsvarsel om drapet, og som utan vidare la skulda for manglande oppklaring på blautaktige politikarar og ein statsminister som var bortimot indirekte ansvarleg for ein død politimann. Farlegare er likevel kravet om politivæpning, som kom frå ein tillitsmann som etterpå prøver å snakke seg bort frå det. Det måtte ein professor frå Politihøgskulen til for å stille det betimelege spørsmålet om væpning hadde gjort noko frå eller til, anna enn å utløyse fleire skot med aukande livsfare for fleire. Væpna svensk politi skyt i snitt fem gonger oftare enn norske kollegaer, og skader fleire mistenkte. Men det blir ikkje tryggare av det. Meir væpning set berre fart i valdsspiralen. Det er noko av det sikraste vi veit, same kva anatomi vi snakkar om.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |