Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004


Natur og miljø:
Økofilosofi: Menneske, natur og kultur
Bedriftsøkonomi og pengar dominerer det offentlege ordskiftet, og har prestisje som «hardare vitskap», skriv initiativtakarane til denne økofilosofi-spalta.

«Det er grunn til å spørje om økonomene burde prege offisielle politiske tekster om miljøpolitikk så sterkt som de gjør. Hvorfor gis det så liten plass til økofilosofiske refleksjoner om forholdet menneskenatur? Særlig siden vi har en såpass sterk norsk økofilosofisk tradisjon, er det bemerkelsesverdig».

Førsteamanuensis Werner Christie Mathisen skriv dette i ein rapport frå maktutgreiinga (rapport nr 58, 2003), der han drøftar to stortingsmeldingar om miljøspørsmål: St.m.46 (1988-89), og St.m. 58 (1996-97). Han finn ei tydeleg endring frå 1988 til 1996, men båe meldingane har økonomisk effektivitet som basis.

Den første (St.m.46) tek utgangspunkt i samansetning og retning på økonomisk vekst der målet skulle vera å få i stand eit rasjonelt forbruk. Økonomiske vurderingar står i sentrum, og ein vurderer kostnad/nytte og verkemiddel som skattar og avgifter. Samfunnsstrukturelle spørsmål, for ikkje å nemna livsstil, blir ikkje sett på som problem. Meir naturvitskapleg informasjon, miljømedvitne forbrukarar, og å vekkja folk til økologisk medvit i skuleverket vert halde fram. Kulturelle endringar eller mentalitetsendring i grøn retning vert ikkje drøfta.

St.m.58 har fleire problem med i analysane, og vurderinga av økonomiske verkemiddel er ikkje fullt så dominerande. Her blir det nemnt at politiske og samfunnsmessige val, og vekst i forbruk kan føra til vanskar – jamvel ut frå andre premiss enn dei økologiske. Denne meldinga opnar også for dialog med frivillige organisasjonar, og interesse eller engasjement frå folk flest.

Folk som «kundar»?

Men ingen av dei to meldingane legg opp til ei grunnleggjande drøfting av miljøspørsmåla. Derimot blir det nemnt at «de sentrale miljøutfordringene i dag, - klima, biologisk mangfold, farlige kjemikalier - henger sammen med aktiviteter som oppfattes som helt nødvendige deler av levesettet. For i dag kreves det stor mobilitet, og dessuten forutsettes det at store deler av transportbehovet dekkes med privatbil». Økonomiske vurderingar, effektivitet og marknad, folk som «kundar», får stor plass også i St.m. 58. Mathisen nemner at dette kan kome av at økonomi har større prestisje som ein «hardare» vitskap enn andre samfunnsfag som sosiologi eller økofilosofi. Økonomien må ha pengar inn i biletet. Når ein verdi eller kvalitet ikkje har prislapp, må ein nytta kost/nytte vurderingar. Ein kan undrast over at Arne Garborg alt i 1901 skreiv grunnleggjande om dette i diktet «Um pengar», det er berre skalet av alle ting ein kan få for penger, «kjernen er ikkje for pengar fal».

Miljøpolitikk krev handling også når uvissa er stor. Det kan vera vanskeleg å vita kor alvorlege problema er. Dessutan er miljøpolitikken full av tunge normative spørsmål, som det slett ikkje alltid er fasitsvar på. Då er føre-var prinsippet godt å ha, men også dette er under press frå næringsliberalistiske krefter.

Føre var-prinsippet

Eitt av økofilosofien sine mål er å forstå samtida, slik at ein kan vurdera det som pregar utviklinga i industriland med marknadsøkonomi. To sentrale stikkord peikar seg ut: privatisering, og internasjonalisering. Adam Smith utvikla teoriar om frihandel alt på 1700-talet, med arbeidsdeling som grunnlaget for auka produktivitet, der «den usynlege handa» skulle leia utviklinga mot ein harmonisk tilstand til beste for alle. Men Smith bygde på to viktige føresetnader: (1) spesialisering og samlebandorganisering, og (2) utnytte dei komparative (samanliknande) føresetnadene. Då ville dei ulike landa spesialisere seg på den produksjonen der dei relativt sett var best, og landa ville ha fordel av å selja til kvarandre. Men i dag har vi «fri flyt» av kapital, og då fungerer ikkje denne teorien. Det blir dei absolutte og ikkje dei komparative fordelane som dominerer. Kapitalen vil investere der kostnadene er lågast, og rike land vil oppleve utflagging. Vi skjønar Trygve Haavelmo sine ord om at «frihandel er en forbannelse for menneskeheten».

Heilskap og samanheng

Privatisering, konkurranseutsetjing, utflagging, sal av «arvesølv», og globalisering med mange og lange transportar er alle uttrykk for hendingar som burde vore grundig drøfta. I staden grip dette om seg. Det er knapt råd å opna ei avis utan at der er framlegg om at sentrale verdiar skal seljast, og om arbeidsplassar som går tapt. Vil vi eigentleg dette?

Tidleg på 1900-talet gjorde Stortinget eit omfattande arbeid med konsesjonslover, og det vart kjøpt attende fallrettar og industriverksemder som var på utanlandske hender. Også etter siste verdskrigen vart industriverksemder kjøpt attende til norsk eigarskap. I dag blir dette selt ut av landet. Politikken har snudd.

Her trengst det drøfting på breitt grunnlag, men verdistandpunkt og etiske normer for handling, og heilskap-oversyn-samanheng, ligg utanfor vitskapen og høyrer til filosofien.

Ein må elles hugsa på at økofilosofi og økopolitikk heng nær saman, og set dei økologiske realitetane framom dei økonomiske realitetane. Det er fåfengt å føra eit ordskifte med naturen.

Sigmund Kvaløy Setreng,
 Arne Vinje og
 Jon Gjerdåker,  
redaktørar av Økofilosofi-spalta i Dag og Tid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |