Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004
Leiar:
Farleg og naiv grunngjeving av William Nygaard
Aschehoug gjev ut boka om Mulla Krekar i namnet til ytringsfridommen. Det er greitt, sjølvsagt kan ein ikkje sensurera og nekta utgjevinga av ei bok som dette. Det allmenne ytringsfridomsvernet er ein grunnpilar i demokratiet.
Vi må berre ha klinkande klart for oss kva Mulla Krekar står for. Han var leiar for Ansar al-Islam, ein radikal militærorganisjon som står i ein jihad-salafistisk tradisjon av sunni-islam. Salafismen står for ei streng, bokstavtru tolking av Koranen. Ansar al-Islam har heilag krig som middel og eit totalitært samfunn basert på streng sharialov som mål. Det overordna målet er verda styrt etter desse islamske prinsippa. Krekar og Ansar al-Islam har hatt kontakt med al-Qaida og sentrale personar i islamistiske terrororganisasjonar.
Aschehougs forlagssjef William Nygaard grunngjev bokutgjevinga i sitt eige marknadsføringsblad Aschehoug Informerer. Der skriv han: «Det er hans (altså Krekars) subjektive sannhet som beskrives. Og her er vi ved hovedsaken: Det objektive sannhetsbegrepet er faktisk ikke det avgjørende for utgivelsen av en bok som denne. Poenget er å la ulike sannheter hans og våre møtes og brytes mot hverandre. Meningsbrytning skjerper vår forståelse og bidrar nettopp til å bygge bro mellom ulike religioner og kulturer».
Utgjevinga er rett, grunngjevinga er naiv og farleg. La oss snu på det og flytta oss tilbake til 1932. Mussolini har nettopp kome ut med pamfletten «Ein doktrine for fascismen». Aschehoug gjev ut den norske utgåva og grunngjev utgjevinga med: Poenget er å la ulike sannheter hans og våre møtes og brytes mot hverandre og bidra til å bygge bro mellom fascismen og vår egen kultur». Ei slik grunngjeving ville vore utenkjeleg. Kvifor skal Krekar og Ansar al-Islam vurderast annleis?
Vi har å gjera med ein totalitær fiende av demokratiet. Willam Nygaard representerer her ei naiv haldning, og ein misforstått liberalitet, til den fundamentalistiske trusselen vi står over for. Dialogen til Nygaard krev eit minimum av felles normer. Det finst det ikkje grunnlag for her.
Svein Gjerdåker
|