Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004
Marit Arnstad:
Meiningsfulle meiningsmålingar
Mange meiningsmålingar er både misvisande og tidvis «skeive.» Bruk av meir treffsikre «politiske børsar» utgjer eit utradisjonelt og spennande supplement, skriv Marit Arnstad, parlamentarisk leiar for Sp.
Politiske børsar vart fyrst oppretta i samband med det amerikanske presidentvalet i 1988. Sidan har slike vore nytta til å spå utfallet av val og folkerøystingar i 13 land. Ein politisk børs kan best beskrivast som eit prognoseinstrument, og nesten utan unnatak har desse børsane spådd valutfall meir presist enn vanlege meiningsmålingar.
Kva er og korleis fungerer eigentleg ein slik børs? La oss sjånærare på eit svensk eksempel: Hausten 1994 vart det oppretta ein politisk EU-børs i Sverige. Dette var ein internett-basert «børs» der folk kunne kjøpe og selje ja og nei til EU-«aksjar». Kursane på desse aksjane kunne tolkast som kva «marknaden» forventa utfallet i den komande folkerøystinga ville verte.
Meir konkret: På EU-børsen kunne folk kjøpe «aksjepakkar». Kvar pakke gav kjøparen 1 nei-aksje, 1 ja-aksje og 1 blank røystaksje. Kvar aksjepakke kosta 10 kroner, og kvar aksje var såleis i utgangspunktet verdt 3,33 svenske kroner. Etter folkerøystinga kunne aksjane løysast inn, og utbetalinga var proporsjonal med andelen av røystene kvart alternativ fekk. Til dømes vart nei-prosenten i folkerøystinga 46,8, og ein nei-aksje kunne då løysast inn mot (10 SEK x 0,468 =) 4,68 svenske kroner. På børsen kunne då aktørane tene pengar dersom dei kjøpte (selde) aksjar som dei meinte var prisa for lågt (høgt) jamført med det dei trudde eller forventa ville verte det endelege valresultatet.
Børsen trefte betre
Gjennom heile hausten spådde den svenske EU-børsen at ja-side ville vinne folkerøystinga. Ikkje berre det: Kursane på nei-aksjane låg tett oppunder 4,7 kroner, og indikerte såleis ei nei-oppslutning på om lag 47 prosent. Motsett viste børsen at ja-sida kom til å få kring 52 prosent, som også vart sluttresultatet. Dette biletet var meir eller mindre konstant frå midten av september og fram til 12. november; dagen før folkerøystinga. Dei aller fleste meiningsmålingane gav derimot eit anna inntrykk, i regelen bar dei jamvel bod om at nei-sida ville vinne.
Sakleg sett er det ikkje aksjar, men terminkontraktar som vert omsette på politiske børsar. Men nett som på ein vanleg børs speglar dei politiske «aksjekursane» all informasjon som aktørane - av ulike årsaker og på ulikt vis - har om den aktuelle saka. Den politiske børsen er med andre ord ein mekanisme som effektivt samlar informasjon frå «desentraliserte kjelder», og som gjer at prisane på sett og vis speglar den kollektive informasjonen. Erfaringane både frå Sverige og spesielt USA viser at slike marknader «treffer» valresultatet oppsiktsvekkjande presist; fleire gonger er det berre snakk om heilt minimale avvik frå «fasit» - valutfallet.
Røysta frå marknaden
Kvifor fungerer politiske børsar betre enn meiningsmålingar? Ein mogleg årsak kan vere at meiningsmålingar og politiske børsar i røynda måler forskjellige ting. Ei meiningsmåling koker ned til spørsmål om kva den spurde sjølv ville ha stemt der og då. Ein politisk børs «spør» derimot etter kva «marknaden» trur alle vil stemme på sjølve valdagen. Dessutan kan folk i ei meiningsmåling snakke usant, og utvalet treng ikkje vere representativt. Før 1992-valet i Storbritannia svarte til dømes mange at dei ikkje ville stemme på dei konservative, kanskje fordi dette var eit «belastande» standpunkt å seie offentleg. Men på valdagen gjorde dei det likevel - i hemmeleg val. Og John Major fekk halde fram som statsminister. Her heime rapporterte meiningsmålingane i fjor haust systematisk dårlege tal for Sp, og høg SV-oppslutnad.
Valet viste det motsette. Misvisande meiningsmålingar er eit alvorleg fenomen av di dei i regelen fører til store oppslag i media, påverkar åtferda og retorikken til partia, og attpåtil kan endre veljaråtferd: Det er lettare for mange - i sluttfasen av ein valkamp - å støtte eit «winning team» enn å vere med utpeikte taparar ned.
Dessutan er det ikkje utan vidare enkelt å lese ut trendar og tendensar frå meiningsmålingar gjennomførte av ulike meiningsmålingsinstitutt som gjerne fylgjer forskjellige opplegg og veg svara dei får på ulik vis.
Fakta om folks meiningar
Politiske børsar har derimot vist seg å spå valutfall betre. I tillegg er børskursane kontinuerlege, og såleis i større grad gjer det mogleg for media og dei politiske aktørane å få auge på reelle, underliggjande trendar og endringar i slike. Enn så lenge oppfatningar av meiningslandskapet påverkar både valkamp og valresultat, burde det vere viktig for både kommentatorar og politiske aktørar at ålmenta får presis informasjon om det som faktisk skjer.
Politiske børsar kan og bør ikkje erstatte vanlege meiningsmålingar. Men både politiske debattar og valkampar vil kunne tene på at slike børsar vert oppretta «ved sida av» meiningsmålingane: Betre og meir presis informasjon om «kor landet ligg» gjer at kvaliteten på det politiske ordskiftet aukar. Dette vert særskilt viktig dersom den gryande EU-debatten skulle leie til ei ny folkerøysting om norsk medlemskap i EU.
Marit Arnstad
|