Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004

Stephen Walton:
Hos kannibalane
Det er ulvetider. I desse ulvetidene kan ein tenkje seg at det berre finst éi sak for ein som arbeider med nynorsk skriftkultur å skrive om, nemleg sidemålet. Eg er iallfall open for tanken. Det fanst også dei som meinte at det ikkje gjekk an å skrive dikt om blomar etter Auschwitz heller.

   Dei siste vekene har eg vore i ein merkeleg situasjon i høve til sidemålet og alt som høyrer til på den måten at eg har vore først i Sør-Amerika, og så i California. Eg har altså bevega meg frå det som Kjartan Fløgstad i si tid, dvs. i eit polemisk essay om nettopp sidemålet, karikerte som side-Amerika og hovud-Amerika. Under denne ferda frå den globaliserte kapitalismens periferi til dens aller inste sentrum har eg berre hatt kontakt med den norske sidemålsrøynda glimtvis i form av skjermbrev frå uroa og forbanna kjentfolk og som fargesprakande brotstykke på heimesidene til norske aviser. På den eine sida altså kaleidoskopiske fragment frå ein avgjerande fase i målstriden, og på den andre den følinga med overflatekrusningar som ein får når ein er på reisefot.  

Ferda har to motpolar, to av megabyane i verda, Buenos Aires og Los Angeles.

Det er ikkje berre enkelt å skrive om Buenos Aires i ein norsk samanheng, mest fordi Fløgstad alt har skrive så mykje og så interessant derifrå. På sett og vis har han innlemma Latin-Amerika i det nynorske kognitive territoriet, og gjort Latin-Amerika til nynorskamerika i høve til USAs hegemoniske Amerikavariant. Uansett er Buenos Aires overveldande og lammande, ufatteleg stort med sine 14,5 millionar innbyggjarar, sin skog av høghus og ein tettleik i folkesetnaden på 13 800 per rutekilometer. Buenos Aires er liknande Europa, iallfall Italia, og moderne, men samtidig hovudstaden i eit land som er sett under administrasjon av dei internasjonale pengeflyttarane med alt det fører med seg. Dette får fleire mindre trivelege konsekvensar. Infrastrukturen held på å smuldre opp, iallfall dei delane av han som folk flest bruker. Den privatiserte jernbana har anten slutta heilt å fungere, eller haltar og går på utslitne skinner og med gammalt signalanlegg og elendig togmateriale. Flyplassane derimot er overdådig flotte. Den mest synlege følgja av krisa er likevel ein skrikande sosial ulikskap, gjennomført korrupsjon, kriminalitet og ein tilhøyrande tryggingsparanoia i den delen av folket som enno har noko eller nokon å tryggje: i fjor vart det gjennomført i overkant av 360 utpressingskidnappingar. Mens dei velståande vernar seg bak gitter og elektriske metallportar, bergar ein veksande hær med såkalla cartoneros seg med å samle papp i kjøpevogner, som dei kan selje til ein minimal pris til gjenvinning, men som gjer at dei iallfall kan halde seg med brød. Desperasjonen er til å ta og føle på, protestane aukar på. Ein sit att med eit samfunn som er blitt til ein slags kannibalistisk dystopi.

Kontrasten til den staden der eg no sit, Orange County sør for Los Angeles, kunne i utgangspunktet ikkje vere større. Dersom ikkje dette skulle vere kapitalismens solside, kor skal den da finnast? Dette er eit nytt, planmessig oppbygt, reint samfunn, eitt av dei mest velståande i verdas største økonomi. Strendene er fylte med tilsynelatande sytelaus og vakker ungdom som speler volleyball og leikar seg, butikkane bognar av varer som ingen i sine villaste fantasiar kunne finne på å seie at dei treng, og bilane er svære, nye og framfor alt importerte.  

Grunnlaget for velstanden i Orange ligg for ein stor del i dei mange IT-selskapa som etablerte seg her på åtti- og nittitalet. Dei betaler godt, m.a. ho som eg nett no sit på gjesterommet til, og skriv. Ho har jobb fram til tysdag. Frå og med onsdag har ho ein klekkeleg fallskjerm, som ho kjem til å reise for. Det er ikkje synd om ho, og ho synest heller ikkje synd om seg sjølv, men historia til det firmaet der ho jobbar er typisk. Dei flaggar ut. For kvar tilsett i Orange som vert sagt opp, tilset dei tre i India. Indarane kjem til California til opplæring, men da fer dei heim att. Det blir vanleg at eitt av vilkåra for å få eit skikkeleg sluttvederlag, er at ein er med på å lære opp dei indarane som skal overta stillinga. Nektar ein, kan ein tape stort. Det blir stadig færre jobbar att her, men fortenesta aukar.

For eit par-tre veker sidan kunne ein lese i Spiegel om det tyske koksverket som vart demontert og flytt til Kina. No er det mangel på koks til stålproduksjonen i Tyskland, ikkje minst fordi den koksen som tidlegare vart importert frå Kina, no går til kinesisk stålproduksjon. Samtidig lagar Volkswagen for første gong fleire bilar i Kina enn i Tyskland.

Det er ikkje berre i kapitalismens randsone, i land som Argentina, at kannibalismen grip om seg som overlevingsmetode.

Samtidig kan ein merke at amerikanarane er sinte. Dei intellektuelle som eg var på konferanse med dei siste dagane var sintare enn eg nokon gong har sett dei før. Offentlegheita vert fora med systematisk desinformasjon. Fjernsynsselskapa har t.d. ikkje lov å vise kistene til dei heimsende, drepne soldatane frå Irak. Desse får berre visast éi og éi om gongen frå kvar gravferd, og da blir fenomenet lokalt og avgrensa, og det blir vanskeleg å skaffe seg oversikt. Og oversikt har dei ikkje heller. Ikkje éin einaste éin av dei velutdanna og opplyste amerikanarane eg har spurt den siste veka kunne fortelje kor stort underskotet i handelsbalansen var for 2003. Dei kunne heller ikkje forklare kva eit underskot i handelsbalansen hadde å seie.

Statistikken kom ut i førre veke. Underskotet var på $541,8 milliardar. International Herald Tribune kalla Bush sin økonomiske politikk for ‘disastrous’.

Hadde USA vore Argentina, hadde det for lenge sidan vore sett under administrasjon.

Argentinarane levde over evne, heiter det. No samlar dei papp. Amerikanarane lever framleis over evne, men det har ikkje fått dei same konsekvensane enno. Underskota syter for det. Underskotet på handelsbalansen held konsumet i gang, og underskotet i statsbudsjettet held militæret i gang. Såleis går det rundt, enn så lenge.

Kannibalismen fungerte aldri godt som næringsveg. For det første er menneskekjøt lite næringsrikt. På kort sikt kunne dei sterke fortære dei mindre sterke. På lengre sikt veit vi korleis det gjekk med kannibalane. Dei vart så svekte at dei stod motstandslaust overfor teknisk overlegne fiendar.

Da er vi på sett og vis attende ved sidemålet og det som i stadig aukande grad ser ut til å vere ein kampanje for å fjerne nynorsken frå samfunnet. Kjem bokmålet til å stå sterkare dersom nynorsken forsvinn? Neppe, men ideologien i kannibalanes tid vil få oss til å tru det.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |