Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004
Klok på bok 660:
Der fargane flyt
Så er eg her att. Nok ein laurdag. Saknet etter Barabass er nesten borte. Og eg kan vedgå det først som sist: Eg tek til å lika dette. Å setja dykk på prøve, å venda tommelen opp eller ned for svara de sender meg. I blant tenkjer eg at eg likar dette noko for godt, at eg kanskje kjem til å misbruka denne makta ein dag. For eg har ikkje alltid halde stien min rein i så måte, når sant skal seiast. Ymse har skjedd langs den stien som fører til Svartgjelet nordi dalen, til dømes. Men meir seier eg ikkje i denne omgangen, for den stien er attgrodd, og dette er inga tid for alvor. Det er vår, og vi skal snakka om latter og gløymsle.
Ikkje få av dykk kjende att balkongscena frå Praha for to veker sidan. Somme såg straks kva det handla om, til dømes Thor Arne Sæterholen:
Joda, denne kjente jeg igjen umiddelbart. Jeg skrev nemlig en ganske mislykket oppgave om denne romanen på bibliotekhøgskolen for over 10 år siden! Men romanen er riktig god! Vi snakker altså om Latterens og glemselens bok av Milan Kundera.
Den gode Sæterholen er streng med seg sjølv. Oppgåva hans var aldeles ikkje så mislukka. Det tok berre over ti år før meininga med Kundera-oppgåva skulle koma til syne. Og no er vi her. Gratulerer med premien! Visst er dette Latterens og glemselens bok, som første gong vart omsett til norsk allereie i 1980 med den inkjeseiande tittelen «Tamina», som Gunnar Bæra påpeikar. (Noko streng, han òg. Men rettvis.)
Slumpelukka berga Olav Molven denne gongen, fortel han:
...eg meinte at eg hadde sett/lese teksten tidlegare, men var usikker på hos kven av dei eg sette opp på lista mi. Så tenkte eg at sidan eg no skal reise bort i 2 veker bør eg ta med meg ei bok av M.K., til oppattlesing, reiselektyre. La bort Langsomheten og greip Latterens og glemselens bok. Dermed steig Klement Gottwald ut or bokhylla.
Somme tider er lukka like god som forstanden, vil eg føya til. Molven legg elles ved to sitat, han. Det store er å være seg selv, meinte Søren Kierkegaard. Pirk må til, skreiv Olav H. Hauge. Utan stoggar ein, stend. Til saman blir det ein visdom så overveldande at eg må lata han liggja til måndag før eg tek til å leva han ut. Minst.
Thor Henriksen, på si side, skriv om minne og alvor i svaret sitt, om Clementis som fall i unåde og vart retusjert vekk frå verda og fotografiet men huva hans vart att på biletet. Henriksen minner oss på om ei av dei viktigaste linene i boka til Kundera: «Menneskets kamp mot makten er hukommelsens kamp mot glemselen.» Med minnet om skjebnen til Clementis vil leseren kanskje avlevere en trett men triumferende latter over den pompøse maktens mangel på komplett fullkommenhet. Merket etter alternativet, etter avvikeren, lar seg ikke utradere. Selv ikke i dag, i et annet land, der Berlusconi forsøker seg med en retusjering av mediebildet», skriv Thor Henriksen.
Gro Hauge Stensrud let seg heller ikkje utradera. Jeg har ikke så svulmende bokhylle som Barabass, så jeg må lete andre steder (på nettet, eller verdensveven, som det også heter), skriv Stensrud. Men rett svar har ho funne lell, i ei råkald påskenatt. Nei, dei færraste har ei bokhylle som svulmar som Barabass si. Men etter kvart som Barabass svinn i minnet, og eg går her mellom alle bøkene, er det som om eg gløymer at dei eigentleg er hans. Det kjennest nesten som om dei alltid har vore mine. Denne, til dømes, er ikkje den mi?
Klok på bok 660
Joseph Kowalowskis atelier var en sjelens stalaktitthule, fylt av flaggermus og dryppende stearin. Et virvar av pensler, børster, filler, av åpne og istykkerklemte farvetuber, av digre lerreter på gulv og vegger. Vinduene hadde spor av blått og grønt, stolsetene var paletter, veltede glass med inntørkede pensler lå i krokene, et blekt lys silte inn gjennom vinduene. Så fort jeg stod innenfor dørstokken glemte Kowalowski meg.
Men forteljaren har ikkje gløymt Kowalowski. Langt derifrå. Det er frå ei novelle, dette, og det er ikkje byrjinga på novella, heller ikkje slutten, men kanskje byrjinga på slutten. Så kva var det med denne Kowalowski, var det ikkje ei misforståing alt saman, tru? Jauda, det var det. Men somme tider er det misforståinga som fører lengst. Og denne forfattaren likar å skriva om slumpetreff, trolldom og mirakel, slike mirakel som kan skje på jorda, alt det som er sannare enn røynsle, kunne ein seia (men nei, det er ikkje Kjartan Fløgstad eg snakkar om). I alle fall: Lesarane til denne forfattaren er talrike og trugne, og Nordisk Råd prisa han ein gong i tida (for ei anna bok enn denne).
Veit du noko om den mystiske Kowalowski? Om kven han var, om boka han bur i, eller om forfattaren? Så fortel! Til klok@dagogtid.no, til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, til faksnummer 22 41 42 10. Eller fortel det til nokon du er glad i. Nokon som treng å høyra det. Dei finst nok.
Helene Myrbråten
|