Dag og Tid nr. 16, laurdag 17. april 2004

Roald Helgheim:
Den hemmelege verda slik ho er
På syttitalet kom det for ein dag at CIA i femti- og sekstiåra hadde gjort alvorlege og pågåande forsøk på å ta livet av Fidel Castro. Men kven hadde gitt ordre om det? Freistnadene på å gjere det av med Castro starta alt under president Eisenhower, heldt fram under Kennedy og Johnson, og vart ikkje avslutta før Johnson sjølv vart vald til president i 1964. Både presidentar og CIA hadde nekta for at dei dreiv på med slikt. I utgangspunktet trudde senator Frank Church, som vart sett til å leie ein granskingskomite om saka, at nokon i CIA hadde «gått amok» på den tida det var eit mål å drepe Castro. Men tonen vart ein annan då den 350 sider tjukke rapporten Alleged Assassination Plot involving Foreign Leaders låg på bordet i 1975. Rapporten dokumenterte i detalj CIA sin medverknad, ofte med hjelp av notoriske gangsterar, i freistnadene på å drepe Castro, Rafael Trujillo i Den dominikanske republikk, mordet på Patrice Lumumba i Kongo og Salvador Allende i Chile.

Church-rapporten var eineståande, då ingen nasjon til då hadde gått sin eigen spionasjeorganisasjon så grundig etter i saumane. Då sanninga byrja å leke ut under arbeidet, ville ein sjokkert general Henry Ford ikkje lenger stø granskinga, og oppmoda medlemmer av komiteen til å feie funna sine under matta. Sjølv Senatet som hadde nedsett komiteen fekk kalde føter, og det var først då Church truga med å gå av dersom nokon fornekta oppdraget sitt, at arbeidet vart fullført. Så følgde ni dagar med undring i media, blant historikarar og andre, etter at Church-rapporten hadde innvigd alle som ville vite, i den hemmelege verda slik ho verkeleg er.

Dei siste orda kjem frå Thomas Powers, forfattar og skribent med mange bøker om amerikansk etterretning på samvitet, som i ein stor artikkel New York Review of Books analyserer krisa amerikansk etterretning er i no. Kva CIA har gjort gjennom historia, byrjar å bli kjent for all verda, men var det Eisenhower, Kennedy eller Johnson som godkjende mordkomplotta mot Castro? Med det vi veit om kva som er målet for hemmelege tenester som er oppretta for å tene oppdragsgivaren, er det ingen tvil. Sjølvsagt kom den endelege avgjerda frå Det kvite hus, kvar elles? Akkurat det siste låg ikkje i mandatet til Church-komiteen. Det vart sett i gang ein større tåkeleggjingsaksjon der tidlegare forsvarsminister Robert McNamara gav dei ansvarlege ein veg å kome ut av uføret på. Han visste godt at CIA aldri ville spele solo mot sin eigen arbeidsgivar. Han nekta ikkje for noko av det som faktisk hadde hendt, men sa at ei godkjenning frå Det kvite huset i tilfellet Castro ville vere «heilt i strid med det eg veit» om president Kennedy og bror hans Robert. Dei vart haldne ansvarlege for freistnadene på å kvitte seg Castro etter den mislukka Grisebukt-invasjonen i 1961. McNamara «forstod» kva motsetnad det låg i det han sa «med omsyn til fakta», men halmstrået var nok for Church til å konkludere med at komiteen hadde vore ute av stand til å finne ut heilt nøyaktig kven som sanksjonerte aksjonane.

Ærendet til Powers er ikkje berre å påvise det opplagde sambandet, men stadig å peike på kor skadeleg det har vore for granskarar, journalistar og historikarar ikkje å innsjå eit grunnleggjande faktum: At ein nasjons etterretningsteneste ikkje er laga for å drive «etterretning» i seg sjølv, men å forsyne grunnleggjaren og oppdragsgivaren, i dette tilfelle presidenten, med ammunisjon god nok til å underbyggje den politikken oppdragsgivaren alt har bestemt seg for. At Ronald Reagan var den direkte ansvarlege for Iran-contras-skandalen i spelet om Nicaragua, er like opplagt som at Nixon personleg må ha initiert innbrotet i Watergate. Eit godt døme er då Lyndon Johnson i 1964 sette CIA til å gjere sabotasjeoppdrag i Nord-Vietnam medan amerikanske krigsskip patruljerte i Tonkin-bukta. Det utløyste den såkalla Tonkin-episoden, som gav Johnson påskot til den avgjerande opptrappinga av Vietnam-krigen i 1965.

I dag er Irak-invasjonen og dei pågåande granskingane som ein politisk grunnsirkel i studiet av kva rolle ein organisasjon som CIA spelar for oppdragsgivaren. At CIA og/eller FBI trass i mange åtvaringar burde vite at nokon kom til å kome, er ein ting. Verre er det å vite når slikt hender. Amerikansk etterretning bomma på Pearl Harbor under krigen. I 1948 vart det nyskipa CIA kritisert for ikkje å ha føresett eit kupp i Colombia – starten på ein borgarkrig som enno ikkje er slutt. USA vart overraska over den kinesiske intervensjonen i Korea-krigen, over den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968, den sovjetiske invasjonen i Afghanistan i 1979, og revolusjonen i Iran same år. Men i tilfellet Irak, var oppdraget til CIA ikkje å gjere USA føre var. Det var å fabrikkere politisk ammunisjon til ein kommande invasjon som meir enn noko har sett kampen mot terror attende, fordi han hadde ein annan agenda, eit mål om å utvide det politiske herredømmet til USA. Han vart i røynda planlagt mens mange i Det kvite hus enno knapt visste kva al-Qaida var. Etter invasjonen i Afghanistan, som skulle vere det første slaget mot bin Laden og organisasjonen hans, har krigen mot Irak i røynda gitt al-Qaida eit års pusterom til å omgruppere seg i.

Dette er den grunnleggjande lærdommen etter alle høyringar og hendingar som har vist at det berre er støv att av det politiske skremselet som vart rigga opp av CIA, framvist på direkten i FN av utanriksminister Colin Powell, for så å bli pulverisert først av vitneprovet til CIAs eigen våpengranskar David Kay, og endeleg stempla som eit «fullstendig irrelevant militært eventyr» av tidlegare tryggingsrådgivar Richard A. Clarke, i boka Against All Enemies.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |