Dag og Tid nr. 16, laurdag 17. april 2004


Bjørn Kvalsvik Nicolaysen:
Nasjonalpedagogiske framsteg?
Utvikling er ikkje det same som framsteg – det spørst alltid kva ein viklar seg ut av. Desse visdomsorda fann eg, utan kjeldetilvising, siterte i eit gammalt tidskriftnummer – eg meiner det var Vår Tid frå 1947, om ikkje, var det nok Verden i dag frå året før eller etter. I timberhytta ved fjellvatnet godt utanom allfarveg gjekk søket mellom attergløymer i bokhyllekrær djupt ein dag i påskeveka då nedbøren vimra mellom regn og skodde og yret gav døsige, seige gråtonar i eit ingenmannsland utan klåre haldepunkt i tid og rom.

Bladande frametter og baketter i budder av blad frå forgangne tider kjende eg på ei underleggjering. Ikkje mange tekstar var gneistrande gode – men lukta heller ikkje mygl. Dei bar ofte fram ei frisk framtidstru, i disposisjon, skrivemåte, temaval. Til dømes: Kamp mot alskens sjukdommar; fram for barnehagar; sosiale skilje skulle jamnast ut; nasjonar kunne tenkje nytt om rollene sine; historia gav lærdommar som kunne hindre nye katastrofer. – Fyrst med prøvande tone: Etter alt som har hendt, kunne nokon tru ein fekk det til igjen? Så, frametter femtiåra: Klart det er vi som får det til! Den blenkjande, frimodige optimismen var likså gjennomtrengjande som eit fellesprogram, og fekk langtidsverknader, heilt opp til syttiåra, då einskapsskulen, utbygginga av vidaregåande utdanning og ein omfattande nasjonal kulturpolitikk oppsummerte og krynte verket.

Dei gulna bladsidene frå førtitalet fekk meg til å lure på om vi ikkje no har fått eit nytt politisk fellesprogram, men med motsett grunntone frå den som sprang ut av etterkrigs-borgfreden og samarbeidsviljen for mest to generasjonar sidan: Kulturpessimismen. Alt og alle i offentlege verksemder må kontrollerast og overstyrast, medan alt i marknaden kan vere frisleppt. Der skal overalt bli nye skilje mellom menneske, alle skal leve i permanent krisetilstand med kjensla av å vere utrygge på det meste.

Den nye kulturpessimismen har ikkje altfor mykje til felles med Spenglers Untergang des Abendlandes eller slike dystre spådommar, derimot er det trua på at folk kan finne på noko fornuftig saman som ser ut til å vere rokka. Såleis ved den kuriøse hangen politikarane våre har fått til å fortelje oss at veljarane ikkje forstår seg på politikk, at demokrati ikkje er effektivt, at krava til oss må aukast heilt frå barnehagen og like til gravferda. Alt i alt blir det skapt ei krisestemning, ei kjensle av at alt er i permanent oppløysing eller omdanning. Medan landet jo eigentleg går ganske godt, har store overskot i statsinntektene og det blir ytt ein umåteleg stor innsats i både offentleg og privat arbeidsliv.

Vi har nett gjort ei omfattande omstilling av høgare utdanning; kvalitetsreform, nytt gradssystem, statsbudsjettmodell for resultatorientering. Lokalt i Stavanger bygde vi likså godt heilt om organisasjonen ved høgskulen vår i forbifarten. Sjølv var og er eg for brorparten av reformene, skjønt eg høyrde til dei som var skeptiske til visse organisatoriske fylgjer. Vi gjorde det beste ut av det, tok fatt i oppgåvene ei etter ei eller klyngevis – vi kjende det som stod vi midt i ein stri flaum som aldri ville ta slutt. Men sjå, sanneleg fekk vi det til, i godt samarbeid, faktisk stort sett med godt humør. Så har då kollegaer og studentar opplevd verdien av å lite på kvarandre, og i samhandling løyse problem som somtid verka uoverstigelege. Ikkje minst er gleda stor over å sjå at det faktisk verkar, det vi fann på.

Til dels fann vi ut, også, at vi var komne inn i ei litt for oppgitt stemning, vi hadde i viss monn slutta å tru på at initiativ nytta. Læringsinstitusjonar har jo normalt store vanskar med å lære noko nytt om seg sjølve. I røynda gjorde det godt å vurdere alt på nytt og å ta til å snakke med kvarandre om ting som vi heldt for å vere så sjølvsagde at dei knapt vart nemnde. No har vi ein meir mobilisert organisasjon og folk kjenner kvarandre på meir grunnleggjande vis, etter å ha stått last og brast i vanskelege tider og funne løysingar i fellesskap.

Medbestemming er eit effektivt prinsipp, så lenge folk er opptekne av å få jobben gjort, sidan dei som skal gjere jobben, må vere samde for at noko skal skje. Difor er det forunderleg at fagorganisasjonane er så slappe i desse store omstillingstider, då dei burde stå sentralt overalt. Dei ter seg mest som om demokrati er eit pinleg omgrep frå ei framfaren tid. Og tek knapt til motmæle mot den høgst merkverdige tanken om at staten driv dårleg når dei som utgjer staten, er med på å drøfte koss staten skal drivast.
Skulen skal sjølvsagt reformerast igjen. Open skal konkurransen no bli. Tja, det kan kanskje vere likså greitt å vedgå at skulen alltid har premiert somme typar elevar og hemma andre i å få det til. Det har vi då visst lenge, minst sidan forskinga sosiologen Knud Knudsen gjennomførde på 1970-talet. Det har berre ikkje vore rekna som finsleg å tale om det. Det skjer jo pedagogar stygt i hjarta om du er usamd med dei, for då vil du vel borna vondt. Problemet er berre det at slikt blir det ikkje demokrati av – det blir heimelekser, prosjektarbeid der ein har litt for lita tid til å krangle venskapleg og den sterkaste difor vinn, eller så blir det skulk. Pedagogikk er framleis ingen leik for born, nei.

Det var det som slo meg, den gråvêrsdagen i påska, at kanskje ligg det her ei slags forklåring på den oppgitte, pessimistiske stemninga som har snike seg inn så mange stader dei siste åra: Statsstyringa vår ter seg som gamle skulemeistrar eller tantete frøkner som ser strengt på deg og deler ut oppgåver, du ante aldri kvifor dei gjorde det dei gjorde, men heimeleksene dine skulle du gjere og møte opp til rett tid. Ikkje rart, då, at vi ikkje torer protestere, og lengtar til friminuttet.

Men nasjonalpedagogane våre bør hugse det dei gode skulemeistrane alltid visste: Den lærer best, som gjer det med lyst. Og ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |