Dag og Tid nr. 16, laurdag 17. april 2004


Klok på bok 659:
Dei kjenner det på seg
Kanskje var det dumdristig av meg, dette. Kanskje var det rein og skir toskeskap som fekk meg til å byrja å opna posten til Barabass. Men nyfikna er så sterk ei kraft. Og det hender at tida fell seg noko lang her i dalen, ja, når sant skal seiast, er det sjeldan at ho fell seg kort og går seg bort. Men før var det noko anna, å hoi! Den tida da tida ikkje fanst, den tida somme kalla meg Skjønne Helene. Den tida andre kalla meg Helene Harefrøken. Og dagane og nettene fauk som ein vind. Men no? Nei... Nei, lat det fara, slikt høyrer ikkje heime her. Det høyrer ingenstad heime.

I alle fall: No har det gått over to veker sidan Barabass drog sin kos. Framleis har eg ikkje høyrt frå han, og eg håpar at han har klart seg vel gjennom påska. Men eg er noko uroleg, det må eg innrømma. For enno har han tydelegvis ikkje omadressert posten sin. Og det liknar ikkje ein ver å gje katten.

Men her ligg dei altså, breva og faksane og postkorta og kva det no heiter alt. Og folk skriv om Laxness. Ikkje om det å vera slapp på engelsk, nei, om forfattaren Halldór Kiljan Laxness. Så mange stramme hjernar som finst der ute. Somme treng ikkje eingong å slå opp i bøker for å vita kva dei snakkar om. Somme berre kjenner det på seg kva som er rett. Inst i hjarta har dei sin forstand. Slike som Steinar Teigen, han kved slik: «hmf... ingen tid til å sjekke selve boka, men jeg har på følelsen det dreier seg om Halldór Kiljan Laxness: «Sin egen Herre», oversatt av Tone Myklebost og utgitt på Tiden forlag nå i år. Første gang utgitt på norsk 1954 med tittelen Frie menn, dengang oversatt av Wilhelm Kaurin.»

Noko til kar, denne Teigen! Enn å kjenna slikt på seg! Eg for min del kjenner ikkje anna på meg for tida enn at det har blitt kaldare i vêret. Men det kan da kvar ein tosk kjenna. Jajamenn. Somme ber på finslege kjensler, andre ber på mistanke. Ein slik ein er Olav M. Skigelstrand. «Kven er så dette? Halldór Kiljan Laxness blei mistenkt med det same eg las det. Lenger er eg ikkje komen, så mitt forslag er: ‘Sin egen herre’, på norsk i 1954 som ‘Frie menn’. I år kom denne oversett på nytt av Tone Myklebost. Jo, eg trur det er den», skriv Skigelstrand. Og gjennom trua si blir han kanskje frelst. I alle fall har eg funne ut at eg skal senda Olav M. Skigelstrand ei lita gåve for trua hans.

Men det tyder på INGEN måte at andre brevskrivarar er mindre rosverdige, lat det vera klårt! Ikkje Brita Lundeland, i alle fall. Ho veit at det er Frie menn det handlar om. Ho veit òg at Laxness fekk Nobelprisen i litteratur i 1955. Og ho er ikkje den einaste. Karl Johan Grønning veit òg. Han veit dessutan at 1954-omsetjinga byrjar noko annleis enn den utgåva Barabass siterte frå. Slik var opptakten i 1954, skriv Grønning: «Det kom tidlig menn vestfra til dette landet, forteller islandske bøker, og etter dem fins det kors, klokker og annet som duger til trolldom. Latinske kilder nevner dem som seilte hit fra Vesterlandene i pavedømmets eldste tid.«

Ja, slik opna boka i 1954. Men tidene endrar seg, og kven som helst ser sjølvsagt med eit halvt blikk at den omsetjinga var gått ut på dato.

Di lenger eg blar i breva til Barabass, di meir imponert blir eg. Det er rett før avundsjuka tek meg (men eg tek meg i det, eg tek meg i det, tru ikkje anna) når eg oppdagar at somme ikkje eingong nøyer seg med omsetjingar i det heile, anten dei er frå 1954 eller i år. Somme nøyer seg ikkje med buljongterningar, dei vil slafsa i seg krafta rett frå det saftige, islandske kjøtstykket. Slike som Torill J. Strøm. Ho har lese Sjálfstætt fólk, ho, og har boka berre på islandsk, så ho veit ikkje kva ho heiter på norsk. Men kva skal ho no vita det for, spør eg meg, ho som er direkte kopla til ei anna tankeverd der ute i havet.

Fleire brev? Javisst er det fleire. Mange som veit. Andre som trur. Men fleire skal ikkje nemnast her. Unnateke Alf Kåre Blindheim, som fortel at han er debutant, og som er kry fordi han veit svaret. Slik skal det vera! Og Norlitausene Ingebjørg og Liv, som fortel at dei har funne saman att, og gler seg over Klok på bok. Funne saman att. Eg slepper breva rett ned på fjøsgolvet. Eg gløymer tid, stad og kausalitet ein augneblink. Eg tenkjer på noko eg las ein gong. Korleis var det det diktet slutta no igjen? Og kven omsette det? Og går det an å samanlikne kjærleik og blomar? Og kvifor lesa slike tekstar, når ein kan synga dei?


Klok på bok 659

Så lev då vel, du elskte du
lev vel ved dag og kveld!
Og eg skal koma att, mi møy.
om over tusen fjell!

Skal tru om nokon andre enn eg har lese eller nynna dette, undrar eg. Og om dei tør å stå fram og vedgå det, ved å skriva til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til klok@dagogtid.no, eller senda faks til 22 41 42 10? Ja, tru det?
Helene Myrbråten

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |