Dag og Tid nr. 16, laurdag 17. april 2004


Kultur:
Fallacis europeiske helt
«Legg merke til at eg i løpet av desse 185 sidene berre har fått auge på ein helt: den norske parlamentarikaren Hallgrim Berg.»
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

Sitatet er henta frå Oriana Fallacis siste bok La forca della ragione (Krafta til fornufta). Boka kom ut i Italia for eit par veker sidan og har alt selt 50.000 eksemplar.

Den 74-årige Oriana Fallaci – ein gong «verdas mest kjende journalist» – gjorde seg kjend gjennom kritiske intervju av politikarar som Yasir Arafat, Henry Kissinger, Indira Gandhi, Golda Meir, Willy Brandt og Ayatolla Khomeini. Fallaci har òg vore forelesar ved USA-universitet som Columbia, Harvard og Yale.

Utemt raseri

I fjor vår kom boka Sinnet og stoltheten på norsk. Boka er full av utemt raseri mot heile den muslimske verda, og tek eit oppgjer med den ettergjevande europeiske haldninga til islam. Boka kom i millionopplag i Europa og USA, og selde ein million eksemplar berre i Italia.

«Fallaci køyrer ein forkynningskamp basert på hat. Ho gjer ikkje framlegg om ei humanistisk løysing, men går berre til åtak og agiterer for forakt for folk og religion», skreiv Walid al-Kubaisi i Dag og Tid.

No er Fallaci altså ute med ei ny bok, denne gongen om det ho kallar «Eurabia». Fallaci hevdar at muslimane har ein langsiktig plan om å påverka Europa, og at europeiske medium, politikarar og intellektuelle gjev etter og naivt spelar på lag med muslimane.

Oppi alt dette finn vi noko uventa den norske Høgre-mannen Hallgrim Berg.

Europarådet

Utgangspunktet for Fallacis heltedyrking av Berg er ein diskusjon i Europarådet om eit tettare samarbeid med Den arabiske liga. Då komiteinnstillinga skulle godkjennast av Europarådet i Strasbourg 9.9.1991, sa Hallgrim Berg:

«Her er vi i ferd med å bli lurte (...) Denne rapporten er ikkje så uskuldig som han ser ut til. Han tek ikkje opp den avskyelege handsaminga av kvinner i den islamske kulturen. Han talar om menneskerettar, men stiller ingen krav til menneskerettar i islam. Han tek ikkje opp Palestina-problemet eller dei negative sidene ved islam, som frå dag til dag gjer dialogen mellom Europa og arabarverda vanskelegare. Rapporten er ingen dialog, men ein einsidig islamsk monolog.

Det blir stilt krav om at skulen i Europa må leggja større vekt på den positive verknaden islamsk kultur har hatt i Europa, og at Koranen må bli pensum på universiteta, særleg i jus. Har vi nokon som helst grunn til å tru at dei muslimske landa på si side vil gå til liknande steg? Rapporten er eit einsidig dokument som berre tener muslimske interesser. I demokratiets namn ber eg om at rapporten vert gjennomgått på nytt og retta opp...»

Alt ifylgje Oriana Fallaci.

– Interessant

– Det er ærefullt å verta sitert av ein kapasitet som Fallaci. Eg må skaffa meg denne boka når ho kjem på engelsk, seier Hallgrim Berg når vi fortel han om kor høgt Fallaci verdset han.

– Eg sat som nestleiar i Europa-rådets likestillingsutval tidleg på 1990-talet. Eg las rapporten om Den arabiske liga ut frå den synsstaden, og sjølvsagt ut frå min eigen kunnskap, og fann så mange manglar at eg ikkje kunne tilrå at Europarådet støtta rapporten. Eg hugsar det undra meg at så få i Europarådet hadde lese rapportane som kom til kvar tid. Det var i det heile svært få som tok del i dei meir ideologiske debattane og det var svært få som stod oppreist for det dei trudde på i dei meir delikate og brennbare sakene. At Russland kom inn i Europarådet trass i krigen mot Tsjetsjenia er eit døme på det.

 – Har du lese bøkene til Fallaci?

– Nei, men eg las debatten som var i fjor om den førre boka.

– Har du stor respekt for henne?

– Eg kjenner ikkje henne, men ho er ein kapasitet med evne og vilje til å formulere seg skarpt, og det er alltid upopulært hjå politikarar og kommentatorar som sjølve er redde for å ta standpunkt.

– Ho er ikkje akkurat nokon brubyggjar?

– Nei, det er heller ikkje målet hennar. Det er det mange andre som gjev seg ut for å vera, men det er jo nettopp desse ho vil gjennomskode.

– Ho bør vel snart få sjansen til å møta deg?

– Ja, kanskje eg skal invitera henne til Hallingdal.

– Her heime er du mest kjend som del av bunads-Høgre. Har det gått tapt ein utanrikspolitikar i Hallgrim Berg?
– Eg har hatt det godt i dei verva eg hadde i Europarådet, og som kultur- og samferdslepolitikar her heime, seier Berg på telefon frå Bergensbanen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |