Dag og Tid nr. 16, laurdag 17. april 2004
Tidsskrift:
Viktig keisemd
Det som går under namnet politikk i Noreg, er i røynda offentleg forvalting. Difor kan det vera kjekt å vita kva forvaltarane tenkjer, for vi vil alle måtta leva med desse tankane omsette i praksis om ein fem-seks års tid.
TIDSSKRIFT:
Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift, hefte 4, 2003
La det vera sagt med det same: Dersom innhaldet i hefte 4 for 2003 er representativt, er Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift (NST) eit godt fagtidsskrift. Ikkje så å forstå at innhaldet er spanande eller forskingsresultata som vert presenterte nyvinnande. Norsk statsvitskap er ingen av delane og den norske statsvitaren som snubla over noko slikt, ville ikkje formidla på norsk. Ingen av dei tre artiklane i 2003 (hefte 4) er skrivne for første gongs publisering i tidsskriftet. Tom Christensen (UiO) og Per Lægreid (UiB) sin «Politisk styring og privatisering: holdninger i eliten og befolkninga» er ei omarbeiding av ein artikkel presentert på den norske statsvitskaplege fagkonferansen i 2003. Åge Johnsen (NHH) sin «Forvaltningsrevisjonen i politikken: Kommunerevisjonens roller i det norske demokratiske systemet» er opphavleg eit foredrag for Norsk Kommunerevisorforbunds Fagkonferanse i 2001. «Når sykehus blir butikk effekter på styring, profesjoner og brukere» av Lars Erik Kjekshus
(SINTEF/Senter for helseadministrasjon, UiO), er eit foredrag halde på Norsk Statsviterforbunds etterutdanningskonferanse i 2003.
Den nye staten
Ved første augnekast er dette sprikjande staur. Og lesaren kan slå fast at norsk statsvitskap er like keisam som norsk politikk. Resultata av Maktutgreiinga si eliteundersøking, som er grunnlaget for Christen og Lægreid, stod å lesa i avisene for eit år sidan. Kommunerevisjon er for dei spesielt interesserte og styring av det norske helsevesenet ei øving i fåfengd.
Ved andre gongs lesing endrar biletet seg. Dei tre artiklane heng saman. Dei handlar alle om «den nye staten» om dei rothoggande endringane som faktisk skjer i det norske styringsverket og avslører ei stø og profesjonell redaksjonell hand. (Det redaksjonelle ansvaret for tidsskriftet går på omgang mellom dei store statsvitskapelege institusjonane i Noreg og det er på sin plass å gi redaksjonen ved statsvitskap i Tromsø ros for ein innsats som krev mykje arbeid for lite pengar og endå mindre ære.)
Nærande og tærande
Christensen og Lægreid slår fast at den politiske eliten i Noreg vil ha endring i måten landet vert styrt på, sjølv om folk flest bryr seg katten. Dei finn også, utan å gjera noko poeng av det, at den «nærande» eliten i næringsliv og forvalting er meir positive til endring enn den «tærande» i kultur og kyrkje. Det burde ikkje undra. Og dei slår fast som om nokon hadde trudd anna at ideologiane lever. Dei som røystar borgarleg, synest at privatiseringar er ein god ting. Og at embetsmannsstaten lever vidare. Leiarar i offentlege verksemder er imot politisk styring av si eiga verksemd.
Den reviderte revisjonen
Johnsen tek for seg eit direkte obskurt politikkfelt: Endringa i kommunerevisjonen si rolle. Nett dette burde ha ålmenn interesse, ettersom innføringa av forvaltingsrevisjon i kommunane er nok eit radikalt brot med lekmannsprinsippet i lokalstyret. I motsetnad til gamaldags revisjon, som kontrollerte bilag, går forvaltingsrevisjon ut på å granska om vedtak vert omsette til god praksis som faktisk løyser dei problema som er vedtekne løyste. Kor grensa mellom evaluering av kommunal forvaltingspraksis og kvaliteten av politiske vedtak ligg, er ikkje alltid så lett å vita. Ei tolking av innføringa av forvaltingsrevisjon er at det er ein umedviten freistnad på å få inn att embetsmannsrasjonaliteten i lokalstyret gjennom bakdøra umedviten for Stortinget, som ikkje alltid veit kva det vedtek det heller. Kor som allting er, vil forvaltingsrevisjonen skapa mange arbeidsplassar for statsvitarar. Og det er
sjølvsagt ein god ting.
I helsebutikken
Den same trua på byråkratisk rasjonalitet gjennomsyrer Kjekshus sin artikkel (som er det mest vituge denne meldaren har lese om styring av det norske helsevesenet). Han er rett nok svært radikal. Han vil at pasientane skal verta «kunder i helsebutikker» men ettersom det er lenge til at pasienten kan ventast å vita sitt eige beste, er innføring av sterke, formale weberiansk-byråkratiske styringssystem det som må til for å gjera sjukehussektoren meir effektiv enn han er i dag.
Som sagt, NST er eit godt fagtidsskrift. Nett så keisamt og lite tilgjengeleg eit slikt tidsskrift må vera for at forskarar skal kunna skriva fritt utan å verta plaga av tabloidjournalistar. Det er difor, i all si keisemd, eit viktig tidsskrift for den som vil følgja med i norsk politikk. Norsk statsvitskap er trufast mot sitt opphav; oppteken av korleis staten best skal styra meir enn korleis staten best skal styrast. Det som går under namnet politikk i Noreg, er i røynda offentleg forvalting. Tankane til forvaltarane, dei notidige så vel som dei framtidige, står svart på kvitt i NST. Om ein er samd eller usamd, lek eller lærd, kan det vera kjekt å vita kva dei tenkjer. For vi vil alle måtte leva med desse tankane omsette i praksis om ein fem-seks års tid.
Pål Bakka
|