Dag og Tid nr. 14-15, laurdag 3. april 2004
Roald Helgheim:
Ikkje skuldig og ikkje uskuldig
Har du høyrt korleis det gjekk med den kinesisk-amerikanske offiseren og fengselspresten på Guantanamo-basen, med Koranen i den eine lomma og den amerikanske konstitusjonen i den andre? Det er den eigentlege godbiten i denne soga. Men først: Det er dårlege tider for den amerikanske presidenten og hans hus. Vel har den tidlegare tryggingseksperten Richard Clarke gjort høyringa i 9-11-kommisjonen til sitt eige sceneshow. Ein medlem av kommisjonen spurde han om terroråtaket hadde blitt hindra dersom Bush- administrasjonen hadde høyrt på han i januar 2001. Det var då han presenterte planen for kampen mot terror for Bush-administrasjonen. «Nei», sa han. Loddet var kasta. Attentatmennene på innsida av USA hadde vore på plass lenge. Terroråtaket hadde truleg gått sin gang. Men Clarke følgde rådet han fekk før han vitna. Først la han seg flat sjølv. «Vi var ikkje der når de trong
oss. Eg var ikkje der». Etterpå kom pårørande etter Twin Towers og omfamna han. Ein Bush-rådgivar sa om vitnemålet hans at «det er fullt av politisk pissprat. Det er skikkeleg politisk pissprat, men det er politisk».
Media er litt historielause i omtalen av saka. Mykje er kjent. 25. januar 2001 la Clarke la fram sin masterplan for kampen mot Al-Qaida. Planen var ikkje Bush, men Clinton sin baby. Difor vart han heller ikkje stelt med som han skulle det avgjerande første halvåret av Bushs regjeringstid. Washington var meir fokusert på Sovjet, Kina og rakettforsvaret sitt. CIA var enno også prega av verdskartet frå den kalde krigen. Rumsfelds siste handling dagen før 11. september 2001 var å leggje ned veto mot at pengar skulle bli overførde frå rakettkontoen til posten for kamp mot terror.
Når Condoleezza Rice endeleg gjer seg klar til å gå i vitneboksen, vender vi oss mot baksida av krigen, leirane til dei nye politiske fangane som er bura inne ikkje berre på Cuba, men i amerikanske leirar i mange land. Soga frå Guantanamo handlar ikkje om fangane. Ho handlar om kaptein James Yee, som var fengselsprest der. Ein dag i september i fjor vart han borte, mistenkt for spionasje på basen. Det vart funne graderte dokument i veska hans. Dessutan var han muslim, ein muslimsk offiser i hæren til George W. Bush. Han vart truga med dødsstraff og stempla som svikar. Etter 200 dagar i fengsel vart han berre tiltalt for «adultery» hor! og sleppt fri i det stille.
Forteljinga står i The Guardian. Wee var svaret på Bush sine bøner, ein kinesisk-amerikanar konvertert til islam, hyppig brukt i media som eit levande prov på at krigen til Bush ikkje var ein krig mot islam. «Når eg er ute i felten», sa han til ein reporter, «har eg med eit eksemplar av Koranen ved sida av eit eksemplar av den amerikanske konstitusjonen». Nå vart han først sperra inne på ein marinebase, der han det meste av tida sat i lekkjer. Pentagon-juristar snakka om dødsstraff. Han vart sleppt fri utan offentleg forklaring på kva han hadde vore tiltala for, utan at nokon bad om orsaking.
Bushs krig var ikkje den første han var med i. Han tenestegjorde i Saudi-Arabia under Golfkrigen. Han vart oppseda som lutheranar, men etter krigen studerte han Koranen i Damaskus i fire år. Etterpå vart han invitert til å bli med i hæren att, med dei beste skussmål. Han var den einaste muslimske offiseren på Guantanamo, og sytte for at det vart varsla om bønetime i høgtalaren. Han leidde muslimar i bøn. 10. september i fjor vart han arrestert. Men då tiltalen kom, var skuldingane reduserte til «kritikkverdig omgang med graderte dokument». Så kom påstanden om hor og nedlasting av porno på ei av militæret sine computerar. Han nekta alt. Mens ektefellen høyrde på, vitna ein kvinneleg soldat som vart garantert immunitet om at ho hadde vore saman med han. Ein militæradvokat med 20 års røynsle seier han aldri har opplevd noko liknande. Slike saker vart brukte for å byggje
opp under alvorlegare påstandar som valdtekt. Her var det siste rest av ein alvorleg spionpåstand som fall saman som eit korthus.
Likevel vart tryggingsstatusen hans nedgradert. Han vart sleppt fri, men med strenge grenser for kvar han hadde lov å gå.
Heime i Springfield byrja folk å sjå med mistanke på foreldra, noko mor hans slett ikkje fann seg i. «Eg gjekk rett på folk og sa at eg høyrde høyrde dei snakka om oss. Ville dei ha informasjon om saka?» Advokaten til Jee gjorde tidleg framlegg om ei minneleg ordning berre dei trekte påstandane attende. Men hæren ville ikkje berre leggje bort saka og vedgå at dei hadde gjort ein feil. Det var først for ei dryg veke sidan ein offiser i den amerikanske hærens sørkommando, basert i Miami, kom med ei fråsegn om at ein av tryggingsgrunnar ikkje ville presentere materialet den opphavlege tiltalen bygde på. Difor fråfall dei saka! Utruskapssaka vart til ein reprimande, som James nekta å godta. Men etter all retretten seier hæren at familien Yee slett ikkje har rett på noka orsaking: Den risikoen for den nasjonale tryggleiken, operasjonane på Guantanamo og krigen mot terror som det
hadde vore berre å reise sak mot fengselspresten, var for stor! Kva med påstanden om kritikkverdig handsaming av gradert materiale. «Han er ikkje skuldig og han er ikkje uskuldig», seier den militære talsmannen til The Guardian. Som det heiter i filmen om McCarthys jakt på amerikanske kommunistar: Guilty by suspicion. Skuldig etter mistanke.
|