Dag og Tid nr. 14-15, laurdag 3. april 2004


Språk:
Med engelske skylappar
Anglifiseringa kjem som fortent. Nordmenn les knapt andre språk enn engelsk. Tyske aviser vert til dømes mest ikkje nemnde i dei norske media.
– Med engelsk som einaste framandspråk, går ein glipp av innsikt i utviklinga av EU og framtida til Europa, seier Nils Morten Udgaard.

Jørgen Alnæs
jorgen@dagogtid.no

Anten ein likar det eller ikkje, så er det norske språket fullt av engelske ord. Sjølv titlar på norske filmar, danseførestellingar og romanar er engelske. Ein kan spørje seg kvifor det er så mange ikkje-norske titlar og så mange lånord, men ein kan òg spørje seg kvifor alle dei unorske orda er engelske. Kan hende er svaret at vi korkje les eller kan lese andre språk enn norsk og engelsk. Nokre stikkprøver syner at det står dårleg til med språkkunnskapen her i landet, og at viljen til å lese andre språk enn norsk og engelsk ikkje er stor.

Engelskspråklege aviser

I norske aviser kan ein ofte støyta på kjeldetilvisinga «...skriv The New York Times». For norske journalistar les ofte framandspråklege aviser, men berre så lenge dei er på engelsk.

Sidan 1. januar 2003 har den tyske avisa Frankfurter Algemeine Zeitung berre vorte nemnd i til saman ein artikkel i avisene Aftenposten, Dagbladet, Dagens Næringsliv og Dagsavisen, medan New York Times er nemnd i heile 827 artiklar i dei same avisene. Washington Post vart i denne perioden nemnd i 514 artiklar, medan den russiske Pravda vart nemnd 30 gonger og den spanske avisa El País 49 gonger (18 av dei etter terroråtaket 11. mars). Skiljet er markant og det dreier seg om eit skilje mellom språk, og ikkje berre mellom USA og Europa. Engelske The Guardian vart omtala i 356 artiklar, The Times i 186, medan tyske Die Zeit berre vart nemnd i 30. Den franske avisa Le Monde skil seg ut, ho vert referert til i heile 130 artiklar. Likevel er ikkje dette eingong halvdelen av kor mange gonger The Guardian førekjem, og ikkje ein sjettedel av artiklane som nemner The New York Times.

Denne vesle statistikken gjev ein klår peikepinn på kor norske journalistar og kommentatorar hentar stoffet sitt frå. Dei engelskspråklege avisene vert nytta som idébankar og referansar, og vi kan gisse at den usynlege påverknaden er minst like stor som den synlege.

Mindre innsikt

– Nils Morten Udgaard, utanriksredaktør i Aftenposten, kva konsekvensar får det for pressa at ho i stor grad byggjer på engelskspråklege kjelder?

– USA er det dominerande landet i verda, både intellektuelt, økonomisk og politisk. Å la seg påverke av deira tankemønster er ikkje gale. Men om fleire norske journalistar hadde lese tysk og fransk, ville vi hatt større breidd i tolkingsmåtar og synsvinklar. Ein går glipp av innsikta i utviklinga av EU og framtida til Europa. I EU er Tyskland og Frankrike dei førande landa. Storbritannia er på sidelina, og USA er ein skeptisk konkurrent. Når vi ikkje meistrar tysk og fransk, overtek vi i litt for stor grad synspunkta som USA har på EU. For å få djupare forståing av tankegangen bak utviklinga i EU, må ein kunne tysk og fransk. Mange av synspunkta du høyrer i drøftingar på kontinentet, er framande i Noreg.

Så du meiner ein burde ein ha større krav til språkkunnskapar i Noreg, til dømes for folk med høgare utdanning?

– Eg synest det. Engelsk har vorte vårt andre morsmål, og det er ein god ting. Men ein bør forvente at ein velutdanna nordmann burde meistre minst eitt framandspråk til. Vi mistar ein måte å sjå verda på som formar politikken og det intellektuelle livet i Tyskland, Frankrike, Italia og Spania om vi ikkje kan desse språka.

Vitskapsspråk

Men dei velutdanna i Noreg kan ikkje alltid fleire språk enn engelsk. Vi tok ein ringerunde til tjue stipendiatar i filosofi, historie og statsvitskap ved universiteta i Bergen og Oslo. Dette er tre fag der ein skulle tru det er særskilt viktig å kunne lese og skrive anten tysk eller fransk, og helst begge to. Men berre éin av dei tjue stipendiatane vi ringde til, seier han har publisert noko på andre språk enn engelsk og norsk. Tretten av dei fortel at dei snakkar fleire framandspråk enn engelsk, men berre tre seier dei snakkar meir enn eitt i tillegg til engelsk.

Berre to av dei tjue stipendiatane vi ringde, seier dei snakkar engelsk, tysk og fransk. Berre fire seier dei har vore med på vitskaplege seminar på tysk eller fransk. Altså er det litt over halvdelen som snakkar meir enn norsk og engelsk, og under ei fjerdedel som nyttar det aktivt i vitskapleg samanheng.

Med hovudfagsstudentar står det dårlegare til. Ein rask kik på hovudoppgåver i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo peiker i same lei. Her må studentane lese tekstane dei skriv om på originalspråket. Mellom 2000 og 2003 vart det skrive 37 oppgåver om skandinavisk litteratur, 29 oppgåver om engelskspråkleg litteratur, seks om tyskspråkleg og åtte om franskspråkleg. Altså om lag seks gonger så mange om engelskspråkleg litteratur som om tyskspråkleg litteratur.

Nye krav?

Vi fortel Christhard Hoffmann, styrar ved Historisk institutt i Bergen, at nærare halvdelen av dei stipendiatane vi har ringt, fortel dei ikkje meistrar andre framandspråk enn engelsk.

– Er det ikkje naudsynt å kunne meir enn eitt framandspråk, sjølv i vitskapleg samanheng?

– Det er mange som ikkje snakkar tysk eller fransk, ja, men i dag er det engelsk som er vitskapsspråket. Sjølv i Tyskland, der eg kjem frå, skriv historikarar på engelsk. Vil ein at andre forskarar skal lese det ein skriv, må ein nytte engelsk, både i Tyskland og i Noreg. Tysk og fransk er på veg ut som vitskapsspråk.

– Men mistar ein ikkje ein tilnærmingsmåte om ein ikkje kan nytte desse språka?

 – Jo, det gjer ein, det er klårt. Og eg synest det er rart at så få snakkar desse språka. Mange av studentane mine seier dei har hatt tysk på skulen i fem år, men ikkje kan lese eller snakke det. Ein mistar nok nokre perspektiv, men ein må hugse på at dei som publiserer på engelsk, aldri har same perspektiv. Både tyske og franske historikarar skriv også artiklar på engelsk i dag.

Utarming

Odd-Bjørn Fure, historikar og leiar ved Holocaustsenteret, seier at sjølv om engelsk er det internasjonale vitskapsspråket, går ein glipp av mange perspektiv om ein ikkje meistrar fleire språk.

– Språk eksisterer ikkje i eit kulturelt vakuum, men heng saman med synsmåtar og tenkjemønster. Når vitskapen og det offentlege tek inn så lite gjennom dei store europeiske språka, fører det til ei utarming og ei sterk innsnevring av horisonten.

– Burde universiteta i større grad tvinge fram språkkunnskapar til dømes hos hovudfagsstudentar og doktorgradsstipendiatar?

– Ja, det synest eg heilt klårt, for språkkunnskap har stor verdi for forskinga. Eit døme er samfunnsforskinga: Den amerikanske samfunnsforskinga analyserer tendensar og ålmenne høve, medan den tyske og franske i større grad analyserer i eit historisk perspektiv. Tysk sosiologi er noko heilt anna enn norsk sosiologi. Eit anna døme er den franske og italienske forma for kulturhistorie. Den har ikkje fått feste i Noreg.

– Ein burde la seg påverke frå begge sider. Det er mange interessante perspektiv ein kan ta inn over seg i Noreg som ikkje vert reflekterte, på grunn av dei språklege barrierane.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |