Dag og Tid nr. 14-15, laurdag 3. april 2004
Bøker:
Ei historie om tap
Enkeltparti i denne romanen er så intense, smertefulle og gripande at det gjer vondt å lese dei.
ROMAN
Marita Fossum:
Å drepe en drage
Oktober
Marita Fossum (1965) debuterte i 2002 med romanen Verden utenfor, ei bok som fekk jamt gode kritikkar, men som ikkje trefte denne lesaren i nemneverdig grad. Det gjer derimot oppfølgjaren som nett er sleppt frå forlaget, romanen Å drepe en drage. På ein måte kan denne siste romanen minne om Thomas Espedals meisterlege Dagbok (epitafer) frå i fjor, for hos Fossum er det også snakk om ei form for minneskrift over så vel foreldra som over sonen Joachim, men motsett Espedal trekker Fossum romanen mot, og kanskje alt for nær, triviallitterære klisjear.
Om tap og fall
Eg-forteljaren Else Hammer er 45 år, bur i Oslo og underviser i norsk i vidaregåande. Ho er fødd og oppvaksen i Trondheim, eit poeng i teksten som må vere der slik teksten er forma. Ho er dessutan ugift, men har sonen Joachim på 25. Faren til Joachim hører vi ingen ting om. Joachim Hammer har vore tung narkoman i åtte år og lever meir og mindre på gata, og det som utløyser handlinga, er at Else Hammer får telefon frå politiet med oppmoding om å møte på Rettsmedisinsk institutt og identifisere ein politiet meiner er Joachim. Ho fullfører rutinemessig arbeidsdagen, handlar inn og lagar middag, drep gullfisken, tømmer akvariet, fyller lommene med stein og går inn i eit djupt mørker som endar med innlegging på psykiatrisk klinikk, og det er frå denne klinikken ho fortel si historie.
Det er ei historie om tap, ikkje berre av ein son, men også av seg sjølv, og det er ei historie om å miste balansen og falle innover i eit stort tomrom. Opp mot det meiningslause prøver ho å løfte fram bilete og minne frå sin eigen barndom og frå Joachims barndom, glimt av lykke, små detaljar som blir forstørra og gitt betydning i lys av at alt forsvinn for henne, også ho sjølv forsvinn slik ho minnest ei forteljing frå oppveksten om ei dame som forsvann som blindpassasjer på ein båt som gjekk ned, eit bilete på det meiningslause, men også eit bilete på ei total einsemd ein kan drukne i, for dama på båten blei aldri sakna eller etterlyst,
ho blei berre borte slik Else Hammer også er i ferd med å bli borte på ein institusjon. Ingen besøker henne, ho verkar i det heile tatt ganske forlaten og overgitt, og det er noko av det skremmande ved framstillinga slik Marita Fossum gir henne form og fasong.
I skildringane av einsemd, sakn og skuldkjensle er romanen til dels svært god, men det glepp litt i scenane frå institusjonen der forholdet til dokteren som har henne i behandling blir så nært ein kioskroman som det går an å kome. Også han har sine tapserfaringar; saman finn dei trøst i kvarandre, og der tippar romanen inn i klisjeen dersom ein skal lese det heile som ei realistisk framstilling. Samtidig er det fullt muleg å lese desse sekvensane som fantasiar og innbilling frå Else Hammer si side, for ho fantaserer ikkje berre om denne dokteren, men også om foreldra sine som ho ser og hører stadig vekk, og sonen Joachim blir ein engel i fasongen til ein annan pasient. Ho er tungt medisinert, og ho opplever omverda i eit tvetydig lys der grensene mellom draum og røynsle blir viska bort slik også tida forsvinn, avstandar blir borte, og heilt enkle ting ho meistra før ho blei pasient, blir nesten
uoverkommelege hindringar og stengsel.
I tvil
Språket er poetisk, og delar av teksten har eit poetisk overlys som forsterkar inntrykket av minne og erindring, særleg vakre er skildringane av faren og dei glimta ein får av Joachims oppvekst. Samtidig er det innslag av absurd humor når ho skriv om institusjonslivet, og hadde det ikkje vore for at Fossum så gjerne vil redde Else Hammer i staden for å la henne gå under, hadde eg ropt høgt hurra, men no sit eg tilbake i tvil og tvitydigheit og meiner så absolutt at romanen er god, men han skulle ha vore betre. Likevel, Marita Fossum har vist at ho kan, ho har vist fram det melankolske som basis og styrke i den forfattarskapen ho etter kvart skal forme.
Oddmund Hagen
|