Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004
Teater:
Melankoli og humor i gresk strengeleik
25 songar får vi vere med på i framsyninga Bouzouki, og det er ikkje ein for mykje, meiner Asgeir Olden.
TEATER
Det Norske Teatret:
Bouzouki
Tekst og idé: Ola E. Bø og Lakis Karnezis
Regi: Ola B. Johannessen/Ola E. Bø
Vi kan like godt ta det vrange først: Det er ikkje lett få den største scenen på Det Norske Teatret til å sjå ut som ein intim liten taverna. Og tavernastemning bør det nesten vere når ein framfører folkelege greske songar med tonefølgje av ein bouzouki. Slik det sceniske er organisert i framsyninga om og med bouzoukien, blir det lett store avstandar i alle retningar. Det blir delvis kompensert gjennom ein del koreografiske mønster, men det grunnleggjande problemet med avstand står igjen. Her skulle det ha vore bord og øl og mørkt og triveleg.
Framsyninga Bouzouki fører oss gjennom instrumentets historie i Hellas, og unnslår seg ikkje å drive litt folkeopplysning om musikk og politikk. Det liker eg godt. Men først og fremst er dette musikk og tekst, og aller mest ei hylling av meisterspelemannen Lakis Karnezis. Det liker eg endå betre. 25 songar får vi vere med på, og det er ikkje ein for mykje. Ikkje minst etter pausen kjem godbitane tettare og tettare, og sjølv er eg ganske forgapt i desse melankolske folkelege songane om land og folk og kjærleik og triste lagnader. I tillegg er det gjort plass for masse humor, både musikalsk og scenisk, og Paul-Ottar Hagas bajas løyser opp der det elles kunne bli frykteleg så sentimentalt.
Det Norske har lang og sikker tradisjon når det gjeld musikalske oppsetjingar, og den erfaringa kjem alltid godt med når nytt skal setjast på beddingen. Musikalsk innstudering og song er som vanleg av god klasse, og skodespelarane har stemmer til å bere materialet. Om eg skulle gi eit lite tips, så var det at dei andre som syng kunne lære litt av Paul Åge Johannessen når det gjeld å ta ut volum av stemma.
Midt i det heile tronar ein ikkje altfor høgvaksen grekar. Han heiter Lakis Karnezis, ser temmeleg sjenert ut, speler ein bouzouki med to gonger fire strenger, og driv musikken fram med ein autoritet du ikkje kan unngå å sjå og høyre. Bouzoukien er eit temmeleg enkelt instrument, men det får du ikkje inntrykk av når denne herren driv i gang. Som andre meisterspelmenn på sitt instrument, har han blant anna eit heilt vanvittig tempo i fingrane, noko som også gir det særpreget bouzoukispelet har hatt i moderne tid. Melodiane er også temmeleg enkle dersom ein ser heilt skjematisk på det, men får forsiringar og klangvariasjonar gjennom det tette følgjet av bouzoukien. Karnezis eigne komposisjonar er faktisk uhyre interessante musikalsk, og representerer etter det eg kan høyre, ei klar fornying av tradisjonen, ikkje minst gjennom litt andre akkordprogresjonar og harmoniseringar enn i det eldre materialet.
Han har også, for å tale gitarspråket, ein del eigne riff og frasar som gir karakter til musikken.
Men først og fremst av og til skal ein tusle seg til teatret for å kose seg. Versågod. Her er det servert.
Asgeir Olden
|