Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004
Midtausten:
Den lange kampen for fridom i Syria
Diktaturet i Syria har nyleg opplevd dei mest alvorlege protestane på over 20 år. Haytham al-Maleh, veteran i syrisk opposisjon, fryktar ei for rask omvelting i landet. Og han lit ikkje på USA som alliert i kampen for demokrati.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
DAMASKUS: Dette er museet mitt, seier Haytham al-Maleh spøkefullt. Han peikar opp på veggen inne på møterommet på advokatkontoret sitt nær Universitetet i Damaskus. På veggen heng fleire store glasperlebroderi. al-Maleh laga dei medan han sat i fengsel. Eitt av dei er eit sitat frå Koranen, skrive på arabisk: «Min Gud, du var så god mot meg at eg ikkje vil støtte forbrytarar.» Det største broderiet inneheld 96.000 glasperler.
Eg hadde god tid i fengselet, seier al-Maleh med eit skeivt smil.
Politisk fange
Haytham al-Maleh er i dag leiar for organisasjonen Syrian Human Rights Association, som granskar og rapporterer om brot på menneskerettane i Syria, og prøver å vere ei lobbygruppe overfor styresmaktene. al-Maleh har òg vore forsvarar i rettssakene mot andre sentrale demokratiforkjemparar i Syria dei siste åra. Han har betalt dyrt for det lange engasjementet sitt for menneskerettane. Kring 1980 var han ein leiande opposisjonell i advokatforeininga i Syria. Foreininga kravde mellom anna oppheving av unntakslovene, og ein slutt på torturen i syriske fengsel. Men på denne tida slo regimet til Hafiz al-Assad brutalt ned på all opposisjon. al-Maleh var blant dei mange tusen som vart arresterte for den politiske verksemda si, og han sat sju år i ulike fengsel rundt i Syria. Han seier seg heldig som slapp ut i live. Tusenvis gjorde ikkje det.
Det var ei veldig hard tid. Eg vart ikkje torturert sjølv, men å sjå andre bli torturerte er i seg sjølv ein slags tortur, seier al-Maleh.
Sidan 2001 har fleire opposisjonelle igjen blitt fengsla i Syria. Er du ikkje redd for å bli arrestert igjen?
Eg trur ikkje dei vil gjere det, fordi eg har mange kontaktar i utlandet. Eg må møte til avhøyr hos etterretningstenesta av og til, det er agentar rundt heimen min, og telefonen er sjølvsagt avlytta. Så nektar dei meg å forlate landet. Dei prøver å skremme meg, men det bryr meg ikkje. Eg er 73 år gammal, og tida mi no er ei slags bonustid uansett. Kona mi har flytta til utlandet, ho orka ikkje meir. Eg saknar ho, men eg kan ikkje gje meg. Denne kampen er for viktig.
Åra i fengselet har ikkje prega al-Maleh nemneverdig. Han ser yngre ut enn alderen skulle tilseie, og han utstråler livskraft, ikkje resignasjon.
Vi kan ikkje gje opp. Det skjer visse endringar i Syria, men dei skjer veldig sakte. Det einaste vi kan gjere, er å halde fram arbeidet vårt og prøve å skyve på, seier al-Maleh.
Kurdisk opprør
Tidlegare på dagen var eg på frukostmøte på kontoret til al-Maleh. Han er ein dyktig nettverksbyggar: Ved frukostbordet hans sat to tyske journalistar, ein utanlandsk diplomat og ein kurdisk opposisjonell. Og den nylege uroa blant kurdarane i Syria gjer al-Maleh svært uroleg. I samband med ein fotballkamp mellom eit kurdisk og eit arabisk fotballag i den nordlege byen Qamishli 12. mars braut det ut opptøyar, og eit tital kurdarar vart skotne av syriske tryggingsstyrkar. Opptøyane spreidde seg raskt til fleire byar i Syria. Ingen veit kor mange som vart drepne, men Amnesty International meiner det var minst 52 menneske. Mange hundre vart skadde, og kanskje vart eit tusental arresterte.
Denne situasjonen er svært alvorleg, seier al-Maleh. Saman med andre opposisjonsleiarar prøver han å mekle mellom kurdarane og styresmaktene, og hindre at uroa skal gripe om seg. al-Maleh ser det som livsviktig at kampen for fridom skjer med fredelege middel. Han er redd opptøyane skal bli brukte som påskot for å slå hardt ned på all opposisjon i Syria.
Regjeringa må handsame dette politisk, ikkje berre ty til vald. Eg trur ikkje på autonomi for kurdarane i Syria, men regjeringa må gje dei fulle rettar som borgarar.
Påverka av Irak
Kurdarane i Syria utgjer kring ni prosent av befolkninga. Dei har ikkje blitt så brutalt forfølgde som i Irak eller Tyrkia, men har likevel opplevd diskriminering, og kring 200.000 av dei har ikkje statsborgarskap. Haytham al-Maleh trur den nye uroa blant kurdarane i Syria heng saman med at den nye grunnlova for Irak gjev kurdarane der autonomi.
Kurdarane i Syria har sjølvsagt merkt seg det. Og USA står i nabolandet Irak med store styrkar. Kanskje skyver USA på, og ønskjer uro her i landet. Vi må vere varsame no. Eg fryktar kva som kan skje om endringar kjem for fort i Syria. Dette er ein mosaikk av eit land. Her bur sunnimuslimar, shiamuslimar, kristne, drusarar og alawittar. Skulle vi få ei brå omvelting her, kan det bli blodig. Sjå på kva som skjer i Irak. Vi treng tid her i Syria, vi vil ikkje hoppe og brekke nakken.
USA seier at krigen og systemskiftet i Irak skal bidra til demokratisering i Midtausten. Korleis har invasjonen prega tilværet til demokratirørsla i Syria?
For oss gjorde Irak-invasjonen livet mykje vanskelegare. Den gav regjeringa ein ny grunn til å seie at dette ikkje var ei tid for reformer. Syria har blitt styrt av unntakslover sidan 1962! Regjeringa har alltid skulda på eit ytre press som grunn til å halde fram slik. No er det Irak-krigen, seier al-Maleh. Han understrekar at han ikkje ser på USA som nokon alliert i kampen sin for menneskerettar.
Vi lit ikkje på USA, det er det viktig å få fram. USA trur ikkje på politikk, USA trur på bruk av makt. Skulle USA vere interessert i menneskerettar? Kva skjer i Guantanamo folk sit to år i fengsel utan rettssak. Her i Midtausten har USA skapt og hjelpt mange av diktatura.
Styrt av mafia
Om al-Maleh er krass i kritikken av USA, er han knallhard når han snakkar om det syriske regimet.
Dette landet blir styrt av ein liten mafia. Denne mafiaen har ingen politikk eller ideologi, dei er berre opptekne av å tene sine eigne interesser. Dei ser Syria som ei ku, og dei treng mjølka. Eliten har stole milliardar av dollar frå folket, og sendt pengane ut av landet. Syria blir ikkje styrt gjennom lover, heile rettsvesenet er ein del av mafiasystemet. Vi har 15 ulike greiner av hemmeleg politi. Alle er dei utanfor kontroll av lova, og dei har alle sine eigne fengsel som ikkje ein gong justisdepartementet kan inspisere, seier al-Maleh.
Glasnost-tendensane i den første tida etter at Bashar al-Assad tok over som president, vart avløyste av ny innstramming og nye arrestasjonar. Men det er likevel noko lettare for opposisjonen i Syria enn før, meiner al-Maleh.
Under Hafiz al-Assad var oppgåva vår heilt umogleg. Men makta her er litt veikare no, vi har betre høve til å røre oss i samfunnet. Og det finst krefter i baath-partiet som ønskjer endring, og somme av dei har vi ein dialog med. Eg kjenner ikkje president Bashar al-Assad personleg, men eg trur han eigentleg ønskjer større endringar. Men sjølv om han formelt har makta, er han fanga av sin eigen stab, som han har arva etter faren.
Etter dei tretti åra under terrorveldet til Hafiz al-Assad, har syrarane òg arva ei inngrodd redsle for å stikke hovudet for langt opp. Den organiserte, syriske opposisjonen i dag er i hovudsak nokre spreidde grupper av intellektuelle.
Opposisjonen i Syria er ikkje noka brei, folkeleg rørsle?
Nei, vi er svake. Det finst ingen sterke opposisjonsparti i Syria. Redsla sit djupt etter tida under Hafiz al-Assad, det er ikkje lett å endre. Men vi prøver. Undertrykkinga har gjort ein god ting for oss: Ulike slag opposisjonelle islamistar, kommunistar, liberale, baathistar står no samla i kampen for demokrati. Men det er ein lang prosess, dette. Vi kan ikkje brått flytte Syria til Europa, vi må gå steg for steg, seier Haytham al-Maleh.
|