Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004

Roald Helgheim:
Om å leve på tålt tid

Det er rustflekkar på «Jern-Erna». Ikkje fekk ho utvist Mulla Krekar. Heller ikkje dei to flykaprarane som fekk opphald på humanitært grunnlag. Dei får innvilga «tålt opphold». Kva er det?

Kva slags opphald er det Norge kan «tåle»?

Då Albert Speer vitja Norge i 1971, sa sjefen for Statens utlendingskontor at han ville bli utvist med det same. Bodskapen fekk han mens han var på tur i Jotunheimen saman med Karl-Anders Hovden, som fortalde soga til Dag og Tid for to veker sidan. Kvifor skulle han bli utvist? Hitlers tidlegare rustningsminister hadde i Spandau-fengselet sona straffa han fekk i Nürnberg. Han hadde skrive tre bøker som alle vart gitt ut på vårt respektable forlag Gyldendal. Birgit Gjernes reiste til Tyskland for å intervjue han på oppdrag for kringkastingssjefen, Torolf Elster. Speer hadde gjort opp med samfunnet, som det heiter, for det brotsverket han hadde gjort. Han hadde gyldig pass og kom til Norge som turist. Likevel vart sjefen for Statens utlendingskontor rasande når han fekk vite at Speer var på privat vitjing i Norge.

Då besøket vart skrive om i pressa etter at han hadde reist heim, vart det fullt oppstyr i riket. Ingenting ulovleg hadde hendt. Det hadde berre hendt noko som nasjonen ikkje kunne tole. Den siste grunnlovsparagrafen der dette ordet var brukt, vart oppheva i 1957: «Jesuitter må ikke tåles». Det var det andre leddet i jødeparagrafen, som vart avskaffa eit hundreår før, men gjeninnført som lov av det tyske okkupasjonsstyret under krigen.

Då Norge nyleg oppdaga at vi hadde ein Kroatia-dømd serbisk krigsforbrytar i landet, sa ein norsk statsadvokat at Norge var ein fristad for rømde krigsforbrytarar, og at det truleg var tjukt av dei i landet. Då flykaprarsaka denne veka enda med eit års «tålt opphold» utan sivile rettar, uttalte Norsk Flygerforbund til NTB at det «er en invitasjon til dem som vil gjøre kriminelle handlinger for å sikre seg opphold i landet»!

Statsadvokaten vedgjekk her i avisa at han hadde gått vel høgt ut med krigsforbrytarsaka. For flygarar er kapring eit mareritt. Men kva handlar den saka om?

To iranske brør og flyktningar tvinga i 1993 eit fly til å lande på Gardermoen. Farhad og Mansour Muhammadi Injeh sona fengselsstraffene i Russland. Dei kom til Norge og fekk opphald på humanitært grunnlag. Dei fekk jobb, dei har familie, dei heldt på å bli integrerte i det norske samfunnet. Etter det nye vedtaket til Erna Solberg har dei ikkje berre mista alle sivile rettar, inkludert retten til familieforeining. «At tillatelsen er midlertidig innebærer også at det ikke vil bli satt i verk tiltak for å integrere de to brødrene ytterligere i det norske samfunnet». Dei vil ikkje bli omfatta av den nye introduksjonsordninga, og vil heller ikkje ha rett til norskopplæring. Utan at dei har gjort noko ulovleg etter å ha sona straffa si, har den norske staten gjort dei rettslause. «Forstår du ikke at folk er skeptiske til at to flykaprere får bli i Norge», spør Aftenposten ein av dei. «Nei, vi har betalt nok. Jeg har jo ikke drept noen. Hvis jeg blir sendt tilbake til Iran, er det ikke bare flykapringen jeg vil bli dømt for». Men kva er dei dømde for i Norge?

Ingen ting. Dei er berre gjorde rettslause med eit pennestrøk, etter at kommunaldepartementet har jobba på spreng for å finne eit anna land å sende dei til. Første håp var Aserbajdsjan, der dei hadde opphaldsløyve då dei kapra flyet. Men der var løyvet gått ut for lenge sidan. Kva med Russland? Der hadde dei berre sete i fengsel. Dei hadde ikkje opphaldsløyve. Men Danmark då? Det var der dei hadde fått «tålt opphold» før dei reiste til Norge. Opphaldet var over, og Norge hadde jo gitt dei nytt opphald. Kaprarane var altså eit norsk problem. Problemet er at den stortalande norske kommunalministeren etter politisk press må vise tenner, og straffar to no uskuldige menneske med å gjere dei til ikkje-personar.

Det er fleire av dei i Norge. Dokument 2 i TV2 viste nyleg ein reportasje om dei fred- og rettslause ein advokat kalla offer for eit norsk apartheid. Ein av dei heiter Massa Etienne og fortel til Dagsavisen at personnummeret hans er sletta, og han har ingen rettar i landet. Han kom til Norge frå Tchad i 1994, norske styresmakter påstod at han laug, og no er han ingen lands mann. Han har ikkje rett til å arbeide, studere eller gifte seg, men han kan heller ikkje bli send ut av landet. Han har fått «tålt opphold», men han vil studere og arbeide. Han vil delta i samfunnet. Han vil bli integrert!

Norge har altså oppretta ein usynleg politisk getto for rettslause ikkje-menneske. No er to nye borgarar innlemma i ikkje-staten. Formelt høyrer dei inn under «enkeltsaker som involverer hensynet til rikets sikkerhet eller utenrikspolitiske hensyn». Halmstrået er at «Norge har internasjonale forpliktelser om å bekjempe flykapring». Uttrykket «tålt opphold» dukka også opp då Stortinget i fjor haust handsama eit framlegg frå den partilause Jan Simonsen om at alle utlendingar som søkjer opphald i landet må skrive under ei truskapsfråsegn til grunnlova og ein lovnad om å følgje norske lover. Framlegget vart avvist. Etter stortingsreferatet opplyste kommunalministeren at folk på «tålt opphold» ikkje kan setjast på lukka mottak, for det strir mot lova.

Denne saka har sjølvsagt ingenting med kampen mot flykapring å gjere. Som Danmark har Norge innført ein eigen rettslaus kategori. Lukka mottak er ikkje nok. Det er best å gjere dei usynlege.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |