Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004

Leiar:
Taktikk og EU-val

To folkerøystingar om EU? Ei om ein skal starta forhandlingar, deretter eventuelt ei røysting om norsk medlemskap eller ikkje? Tilsynelatande verkar ei slik løysing demokratisk og grei. Men er det viljen til meir demokrati som ligg bak ynsket frå ja-sida om to folkerøystingar? Tvilsamt. Ja-strategane tenkjer sjølvsagt strategisk. Dei har ikkje råd til å tapa ei ny røysting. Ei fjerde folkerøysting vert parodisk, på eitt eller anna tidspunkt må nok vera nok.

Det må difor vera lov til å leita etter vikarierande motiv. To motiv for framlegget verkar sannsynlege: Ja-sida vil skape ein variant av svenskesuget. Den eine røystinga skal ta den andre med seg. Og skulle det verta nei i første omgang, treng ein ikkje sjå på det som ei avvising av norsk medlemskap. Difor kan ein lettare reisa spørsmålet på nytt kort tid etter, slik danskane gjorde i 1993. Det andre sannsynlege motivet er å hindra at spørsmålet sprengjer regjeringa.   
  
Diskusjonar om reglane for folkerøystingar har alltid vore innsausa i taktikkeri og avveging om kva som kan tena interessene der og då. Studiar av dei nærare 2000 lokale folkerøystingane vi har hatt i dette landet – dei fleste om språk og alkohol – viser det tydeleg. Og då spørsmålet om EU-røysting var oppe første gong i 1962, var det nei-sida som ville ha to røystingar. Etter først å ha brukt parolen «Spør folket», ville dei seinare heller «Spørja folket først». Nei-sida meinte at ei røysting om ein skulle forhandla eller ikkje, skulle sikra ein prinsipiell debatt om ånda og innhaldet i Romatraktaten, og hindra ein teknisk debatt om tolkingar av forhandlingsresultatet.  

Men no er det etter to folkerøystingar skapt presedens for at ein røystar om medlemskap eller ikkje, punktum. Skal saka opp på nytt, må det gjerast på same måten som tidlegare. Noko anna skaper eit inntrykk av at ja-sida prøver seg med ein ufin finte.  
Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |