Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004


Ivar Bakke:
And the magic word goes...?

Flyplassen i München er stor, men det går greitt å finne fram. I tillegg til at eg kjenner att gate-nummeret åt København-flighten, stadfestar den særprega måten folk er kledde på, at eg har hamna på rett stad. Det vrimlar av skandinavar som har teke på seg joggedressen dei så gjerne har på når det måtte høve – og elles. Ein av joggedressane hamnar seinare i flysetet ved sida av meg, ein eldre svensk herre.

For å kunne kommunisere er det ikkje nok å forstå, ein lyt helst verte forstått òg. Det er langt mellom svenskar som synest nordnorsk er begripeleg tale. For å gjere det enkelt snakkar eg til han på engelsk. Når den tyske flyvertinna venleg spør om det skal være noko å drikke, svarar han mutt: «I want orange juice.» Det får han, og den vert motteken med ...tagnad. Eg seier «Kaffe wäre schön», og kaffi får eg. «Sonst noch etwas?», spør ho. «Tja, Rotwein, wenn’s geht», svarar eg. Det skal vi nok kunne klare, svarar flyvertinna skjelmsk. Eg får ei ørlita flaske raudvin og eit smil. Det varmar, og det er bra, for raudvinen er iskald, men god. «Schinken oder Käse?», spør flyvertinna. «Hm?», bjeffar den eldre... nei, det er ikkje ein eldre herre lenger, berre ein sur gubbe. «Ham or cheese?», formidlar eg. «I dont like cheese», mumlar han. Flyvertinna spør usikker opp att, og får same svar attende. Eg anar at ei mistyding er under oppsegling, men gidd ikkje avverga katastrofen. Flyvertinna går vidare og gubben seier «this is cheese!» og ser ampert på rundstykket han har demontert. Eg nikkar. Fornærma pakkar han det ned i papirposen igjen og gjentek: «I don’t like cheese!». Eg nyt skinkerundstykket mitt, og undrar meg over kvifor eg ikkje forhindra mistydinga eller no tilbyd meg å byte det med sidemannen min – eigentleg ein sjølvsagt del av mi oppseding. Eg trur eg veit det – det eg saknar, er «the magic word».

Kva er «the magic word» for noko? Det undra mi norske veninne seg over. Ho stod tidleg ein morgon i ein kassakø i ein supermarknad i London, og sa, utan å tenkje noko større over det, åt ei kassadame som verka like søvnig som ho sjølv: «Oh yes, and then I’ll have a plastic bag.» – Ja, og så må eg få ein pose, ville vi sagt i Noreg. Ikkje noko unormalt ved det. Kassadama kikka opp på henne og sa: «...and the magic word goes?»  Eh... «the magic word»? Kva var no dette for slags gjettekonkurranse? Det tok litt tid før det demra. Ho gissa at The Magic Word på engelsk heiter please. «Eh... please», stotra ho, og fekk attende eit «thank you», og eit syrleg, pedagogisk smil. Eg trur undervisninga var vellykka og alle repetisjonsøvingar overflødige. Sidemannen min har nok ikkje fått med seg den ekstra timen i engelsk som heter høvisk framferd, og det er truleg verre enn den haltande grammatikken hans.

I København smiler serveringsdama så varmt over disken at eg nesten raudnar. Det gjer godt, her i dette sterile, upersonlege landskapet som flyplassar oftast er. Eg bestiller kaffi – på engelsk – og tek fram den vesle artikkelsamlinga av Heinrich Böll. Serveringsdama er ikkje så særskild pen, ho har berre eit slikt vakkert, ope smil til alle at det stokkar seg med lesinga mi. Etter kaffien skal ein ha... ein Tuborg. Ho ser nokre norske setlar som stikk fram mellom euroane, og slår om til på noko ein med velvilje kunne kalle norsk, spør om eg er klar over at eg med mine euro berre kan få attende vekslepengar i danske kroner.

Eg spar fram den eine danske setninga mi, som passar fordømt bra: «Jo, men det er s’gu lige meget». Den vesle samansverjinga vår fungerer fortrinnleg; eg får att ein øl, vekslepengar og eit smil som er verdt alle pengane. Og det er ikkje det urørte ølet som gjer meg litt oppløfta der eg går attende til bordet mitt. Ho veit at eg ikkje er dansk, at vi spelar et spel, at vi korkje er vener eller kjenningar. Men det er «s’gu lige meget», det gjer ikkje noko. Vi kan jamvel spele dette spelet, bruke desse små detaljane til å gjere kvardagen, reisa, livet vakrare, varmare. Det gjer ein forskjell for oss begge, tenkjer eg, det er ikkje likegyldig om ein viser litt venlegskap åt folk ein truleg aldri kjem til å sjå att. Det handlar om å gjere verda sivilisert, ikkje berre reservere det å vere venleg og open til den private sfæren. Stundom er vi alle reisande i denne verda, rivne ut or det kjende og heimevante. Så sårbare vi er då, så godt det er å møte nokon som er venleg, som ikkje kjenner oss, men jamvel tek sjansen på at vi har godt i sinne. Så stor ein skilnad det gjer, så lite det kostar. Det er heilt gratis, og aldeles ubetaleleg.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |