Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004


Klok på bok 657:
Rett vest

Den som hadde eit sumarhus ved fjorden!


Først reiste Paula frå posta, og no har Dale-Oskar kasta seg på kosta og floge ut i den store verda. For den som sitt att som bukk med alle bøkene, er det sanneleg uvant – heilt utan den vanlege småkranglinga om bøker og forfattarar, men eg får lesa meg opp og fram så godt eg kan – før graset vert grønt og lysta etter fjellbeitet heilt tek overhand.

Han Dale-Oskar var ivrig etter å setja dykk på prøve i den førre utgåva, og det er nok årsaka til at eg ikkje har fått så mange svar. Men eg er no svært glad for dei som kom – sjølv om det berre var fire. Tre svarte rett, og Kari Folvik frå Oslo er trekt ut som den heldige vinnaren. Ho har funne ut at boka heitte Osnabrück, og at forfattaren var Hélène Cixous.

Ho er fransk romanforfattar, dramatikar og essayist, og ho har gjeve ut ei rekkje bøker. Osnabrück er del to i ein trilogi, og boka handlar om forholdet mellom ei mor og ei dotter. Grete Kleppen har sett ho om til norsk, og fått mykje ros for det.

– Eg har ikkje lese boka enno, ho ligg på bordet og ventar, skriv Kari Folvik.

– Eg lånte boka nyleg, rett og slett fordi eg ofte var i Osnabrück på 70-talet; eg hadde vener som budde der då. Men eg har ikkje kome så langt som til å lesa boka, skriv Eli Sylta, som naturlegvis også har svart rett på oppgåva.

Brita Lundeland er den tredje som har svart rett på oppgåva, og ho har også lagt merke til at Osnabrück vart omtalt i Dag og Tid nyleg. Der skreiv Ole Karlsen:

«Osnabrück
er slett inga bok du kan ha liggjande på nattbordet til sengelektyre. Det er ei krevjande forteljing, og di meir givande».

Det er med andre ord tydeleg at både lånarar, kjøparar og lesarar må ta i litt for å gjera seg til vens med denne franske romanen, men mange av lesarane av Klok på bok er no vane med det.

Sidan Osnabrück-oppgåva kanskje var i vanskelegaste laget, har eg gjort det enklare for dei som prøver seg denne gongen.


Klok 657

I islandske skrifter fortelles det at i tidenes morgen befant det seg mennesker her til lands som kom vestfra, og de etterlot seg kors, klokker og andre lignende gjenstander, som blir brukt til trolldomskunster. I latinske skrifter navngis de menn som i pavedømmets tidlige dager seilte hit vestfra.


Dette er byrjinga på ein roman som kom på norsk første gongen i 1954. Dei siste åra har forfattaren fått ein renessanse, og romanen ovanfor vart nyleg sett om til norsk på nytt.
Kva heiter romanen og forfattaren?
Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller du faksar det til 22 41 42 10, eller du sender e-post til klok@dagogtid.no.
Svar innan 2. april.
Lukke til!
Barabass – heilt åleine

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |