Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004


Bøker:
Den kløande Amor
Hans-Ulrich Treichels tredje roman på norsk, Den jordiske Amor, er ei tragikomisk forteljing om splittinga mellom den kjærleiken ein kan drøyme om og den ein får erfare.

ROMAN
Hans-Ulrich Treichel:
Den jordiske Amor
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Pax Forlag 2004

I romanen møter vi den ikkje heilt disiplinerte kunsthistoriestudenten Albert. Han er særleg oppteken av Carravaggio, og har planar om å skrive hovudoppgåve om det lett pikante måleriet «Den seirende Amor». Albert har sidan han var ganske liten kjent «en krampaktighet» i seg: «Denne krampaktigheten hadde han allerede som småbarn prøvd å dempe ved å rive og slite i seg selv, klø og klore, og det hadde gått så vidt at moren mange ganger fant ham i barnesengen med blod på kinnene, pannen, leppene, eller på magen eller lårene. [...] Han var en selvmisbruker. Bare at dette selvmisbruket aldri hadde ført til noen ting.»

Etter eit mislykka studieopphald i Roma (for alle som studerer kunsthistorie må jo dit) er han attende i Berlin. Der kjem han seg ikkje heilt i gang med noko som helst. Både dagane og studia flyt. «Hvor gjerne skulle han ikke ha fantasert om noe. Men han visste ikke hva han skulle fantasere.» Studenten er svært oppteken av nakne kroppar og seksualitet i alle former. Det frustrerer han, men korkje damene eller dei kunsthistoriske utfordringane han møter, gjer frustrasjonane hans mindre.

Romanen viser fram ei lett patetisk og fåfengd leiting etter den fysiske, jordiske kjærleiken og paradis på jord. Etter å ha surra som ein espressospeeda mygg rundt den skjønne italienske serveringsdama Elena i lengre tid, tar han endeleg kontakt med henne. Dei innleier eit heller kjølig erotisk forhold, som etter kvart fører dei til ein forfallen landsby på Sardinia, der damene har skjegg og endelause slagghaugar er det einaste som er att av gamal velstand.

Hans-Ulrich Treichel (f. 1952) er professor i tysk litteratur ved Universitetet i Leipzig, men for det meste busett i Berlin, ein by som er ei sentral handlingsramme for det litterære universet hans. Den jordiske Amor er omsett til norsk av Kari og Kjell Risvik. Dei har også omsett romanane Den bortkomne (1988, norsk utgåve 2000), og Tristanakkord (2000, norsk utgåve 2002), og har etter kvart funne ei form som greier å gjenskape Treichels typiske småsatiriske og naivt omstendelege skrivemåte. Treichels tre små romanar leikar seg alle på ein lunt tragikomisk måte med, og omkring, kulturelt jåleri, snobbisme og historisk sjølvmedvit. I staden for det utleverande, ironiske overskotet åndssnobberiet vart utsett for i Tristanakkord, er den apatisk-erotiske tilnærmingsmåten i Den jordiske Amor ein kløande verkebyll.
Nora Simonhjell

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |