Dag og Tid nr. 13, laurdag 27. mars 2004


Bøker:
Vitne til vondskap
Framfor tv-ruta er vi med på eit pseudospel kring liding og vondskap. Vi trur vi er engasjerte, men er det sjeldan, hevdar Susan Sontag.

SAKPROSA
Susan Sontag
Regarding the Pain of Others
New York: Farrar, Straus & Giroux 2003

Kvifor stoggar så mange opp for å sjå på ulukker? I medkjensla med ofra? Er dei nyfikne? Skjer det i glede over at dette ikkje råka meg? For å hjelpa? For å få ei glasplate av manglande røyndom, så å seia, mellom deg og dei som har det vondt?

I flimmersamfunnet vert vi dagleg utsette for grufulle bilete. Tekst kan sjeldan utløysa dei kjenslereaksjonane som bileta kan. Kvifor? Fordi avstanden mellom «oss» og «dei» vert så liten? Sjølve nærleiken til eigen angst avføder ofte ei plirande stemning av kjenslestiging. Difor er også bileta av dei nazistiske konsentrasjonsleirane så grunnleggjande tvitydige: Kjenner vi på vår eiga redsle, vert vi bergtekne av det enorme i lidinga? Kan vi tala om estetisk pornografi: ei skrinn kjensle av sensasjon blanda saman med kikkarmentalitet? Eller skjer det òg ei forvandling med oss slik at vi på ein ekte måte kan kjenna oss i ofra sin stad?

Rørd/rørsle

Lyrikaren Jan Erik Vold sette ord på denne heilt særmerkte sida ved menneskesinnet i uttrykket «Vietnam-nam»: ei slags solidaritetens eigennyting. Den nett avdøde forfattaren Finn Carling – ein kunstnar som meir enn nokon annan var oppteken av opphavet til medkjensla og dei mange ambivalente formene ho kunne ta – sette søke-ljoset på den indre samanhangen i så mange språk mellom «rørsle» og «å bli rørd». På bokmål beveges/bevegelse. Du kan ikkje «røra deg», koma «i rørsle» utan å verta «rørd». Det i sin tur kan føra til ei «rørsle» i både mental og sosial tyding. Fransk, tysk og engelsk har same ordparet («move», «movement»), som både tyder ei sosial rørsle og fysisk og mental affekt. Ulukker vert for somme til ei lyftestong for intensivert livskjensle. Vi må minnast døden og verta konfronterte med han for å vera han vâr. Vert vi trivialiserte på same tid?

Finn Carling tala ofte om den «handlingsvekkjande erkjenninga». Problemet no, som utgjer grunnstamma i Susan Sontag sin intense analyse av møtet vårt med bileta av vondskap, er at det ikkje er så lett å finna rom for handling lenger. Vi kan heller ikkje orsaka oss med at vi ikkje veit; truleg veit vi for mykje. Vi vert overauste med inntrykk; det skjer ei sensitivitetslamming som i sin tur fører til nye og meir drastiske grep for å halda på merksemda (jfr. den ufattelege vulgariseringa som går føre seg i fjernsynet i form av «realitets-tv», valdsbruk, o.l.) I stadig tilskrudde rundar av effektmakeri vert hinna mot røyndomen stadig tjukkare fordi dei ytre staffasjane berre gjev oss overflata og gjev oss ei slags pseudotilfredstilling. Valden og det grusame vert rutinisert.

Mekanismen kjenner vi att hjå dei som vekte oss til handling for dei naudstilte. Born som græt og bulande svoltmagar; det skjer ikkje noko før vi får tårene til å svella. Eg minnest ein ven i Oxford som spytta når han såg slikt: kjenslenes kloakk, sa han.

Tilskodarsamfunnet

Det er her den amerikanske kulturkritikaren og forfattaren Susan Sontag kjem inn. Ho er oppteken av om denne estetiske kakofonien gjennom film og fjernsyn gjev opphav til meir vald. Eller om alle desse inntrykka snarare gjer oss ufølsame eller skræmer oss vekk frå vald.

For kva inneber det å kjenna seg i slekt med folk som lir langt unna? Eit mord på Grünerløkka er meir verdt enn 400 daude kinesarar, seier dei kyniske deskjournalistane – og set fingeren på eit uomtvisteleg trekk ved menneskenaturen. Må vi te oss slik rett og slett fordi vi må verja oss mot den inntrykksbølgja som trugar med å drukna oss?

Sontag drøftar tendensen i media til å opptre antiseptisk, dvs. pakka inn røyndomen i orwellianske språktermar og visa fram bilete som ikkje syner kva krigen verkeleg er – av omsyn til ein kjenslevar heimeopinion. Også dette er falskt, skriv ho. Med døme frå heile kulturhistoria – Platon, Leonardo da Vinci, Burke, Wordsworth, Baudelaire og Virgina Woolf går ho til åtak på «tilskodarsamfunnet», der vi alle framfor tv-ruta er med på eit pseudospel kring liding og vondskap. Vi trur vi er engasjerte, men er det sjeldan. Vi trur vi er moderne på det viset, men like ofte dreier det seg om ei anna form for framandgjering, ei ny meir sofistikert, men ikkje mindre reduserande avsperring. Med Carlings ord på ny: Vi lever i eit spaningsfelt mellom dei psykologiske polane tryggleik/vern og oppleving. Den nye direkte kommunikasjonsmåten gjer noko avgjerande med oss. Like sannsynleg som det er at dette gjer oss til verdsborgarar, kan denne medietilstanden gjera oss til kjenslemessige neandertalarar – og politiske evnukkar.  

Tildekkjer og avslører

Sontag har lenge skrive innsiktsfullt om tilhøvet mellom erkjenning, estetikk og handling. Disseksjonen hennar av Leni Riefenstahls estetiserte machobrutalitet i essayet «Fascinating fascism» (1975) er ein grunnstein for alle som vil meina noko kvalifisert om politikken i det 20. hundreåret, særleg den totalitære varianten. Boka On Photography sette ein ny standard for forståinga av biletet sin plass i moderne kultur, fotografiet som berre er «eit fakta-spekka uttrykk adressert til auga», som Virginia Woolf sa det. Og med dette nye essayet gjennomborar ho handsaminga vår av dei estetiske formene i vondskapen. Ho endar ikkje opp som ein elitistisk mediepessimist. Ho står fast på at bilete kan vekkja oss – og ikkje minst vera eit demokratisk våpen i strid med dei mektige som vil løyna for oss kva dei driv på med. Men kan «bilete» hindra nye krigar? Der er ho pessimistisk. For bilete talar nett ikkje for seg sjølve. Dei må følgjast av kommentar, av bakgrunnsinformasjon, av analyse og drøfting. Utan dette vert vi tilskodarar og lullar oss sjølve inn i ein illusjon av at vi er med og forstår. Det er ikkje alltid tilfelle. Like ofte er det berre ei anna form for likesæle fødd av redsle.

Bernt Hagtvet,
 professor i statsvitskap,
Universitetet i Oslo

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |