Dag og Tid nr. 12, laurdag 20. mars 2004
Spania:
Attende til demokratiet
Å halde ein vallovnad er ikkje å gi etter for terrorisme, men å føre Spania attende til demokratiet, seier José María Izquierdo. Han måtte røme unna Franco-regimet då han var 18 år gammal.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
På slutten av åttitalet kom han til Noreg, og er no førstebibliotekar og fagreferent i romanske språk ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Izquierdo kjem frå Valencia, og kjenner seg att i den norske språkstriden. I Spania har dei regionale minoritetsspråka kjempa til seg likestilling, og han tykkjer dei som vil ha mindre sidemålsundervisning i Noreg er kortsynte. Men først og fremst er han engasjert i spansk politikk, sidan han som ung Franco-motstandar måtte røme til Sveits.
Statsminister José María Aznar regjerte på tvers av viljen til eit folk der nitti prosent var mot Irak-krigen. No har vi sjansen til å få Spania inn att i den demokratiske, europeiske tradisjonen der landet høyrer heime. Sosialistleiaren José Luís Rodríguez Zapatero sa ifrå allereie under møta mellom Bush, Blair og Aznar at Spania ikkje hadde noko i Irak å gjere. Å hevde at vi ikkje kan trekkje oss ut no, er verkeleg å å gje etter for Al Qaida, seier Izquierdo. Han understrekar at det sosialdemokratiske valskredet først og fremst var ein reaksjon på eit styre som på tampen til og med prøvde å bruke terroraksjonen til å manipulere fram ein valsiger.
Eit mareritt
Det fekk ei frustrert og slumrande venstreside til å bråvakne. For Spania har regimet til Aznar vore eit mareritt på mange måtar. Aznar har ikkje berre prøvd å gjere Spania til eit lydrike underlagt to historiske erkefiendar, der den eine, USA, støtta Franco under borgarkrigen, og den andre framleis er kolonisatorar på spansk jord, i Gibraltar. Aznar har innført det mest autoritære regimet sidan Franco. Spania er ein føderasjon med stor autonomi i regionane, men han har lagt seg ut med fleire enn Baskarland. Han har ført kyrkja inn att i skulen, og han har styrt nasjonale medium i ekstrem grad. Historisk har Spania hatt eit nært samkvem med dei arabiske landa, og ungdom derifrå har studert i Spania. Saman med Tyskland og Frankrike har vi spela ei stor rolle i Europa. Vi har også hatt nære samband med spansk-amerikanske republikkar. Men Aznar var med på å presse Mexico og Chile i Irak-spørsmålet. Vi har auka presset mot Mellom-Amerika, og Honduras har ein styrke under spansk
kommando i Irak!
Fare for kupp?
Det har versert mange rykte om kva som hende rett etter terroraksjonen. Eitt av dei går ut på at Aznar i siste liten vurderte statskupp. Kommentar?
Det trur eg ikkje noko på, men han kan ha vurdert å avlyse valet i siste liten og utsetje det, under påskot om at det var ein ekstraordinær situasjon. Det er nesten jamgodt med statskupp. Men han hadde ikkje fått hæren med på ei ulovleg maktovertaking. I dag er det spanske militæret ein demokratisk institusjon. Makta ligg i bankane og dei store finansinstitusjonane, seier Izquierdo.
Aznar har heile tida spela på ei konfrontasjonsline med å snakke om «dei to Spania». Det var det vi hadde under borgarkrigen. Aznar snakka om «dei gode» og «dei dårlege», som ein måte å setje folk opp mot kvarandre på, og skjerpe motsetnadene mellom sentralmakta og regionane. Det gjeld ikkje berre Baskarland, men også Catalonia og Valencia. Han har innført ei form for statsterrorisme, og særleg dei siste fire åra har han manipulert det statlege spanske fjernsynet på ein måte som vi knapt har sett sidan Franco-tida, seier Izquierdo. Han meiner Spania har ein radikal politisk tradisjon.
Kva legg du i det?
Det har vore mykje frustrasjon på venstresida, også fordi den førre statsministeren Gonzáles gjekk av i vanære etter korrupsjonsskandalar. Mange radikale som var aktive på syttitalet, har vore skuffa. Men alle visste at blir det stor valdeltaking, er det venstresida som vil gå fram. Med den valsigeren vi fekk, er Spania attende som eit viktig land i Europa.
ETA ute
Aznar spela til det siste på harmen mot den baskiske separa- tistorganisasjonen ETA. Men er ikkje dei meir isolerte enn noko-sinne?
Jau, og det er eit ETA-problem, og ikkje eit baskisk problem. Men det har infisert og øydelagt heile diskusjonen om Baskarland. Slik eg ser det, brukar ETA fascistiske metodar for å sabotere ein demokratisk diskusjon. Dei drep ikkje berre maktmenneske, men også andre sivile. På den andre sida har Aznars forbod mot det politiske partiet til ETA, Herri Batasuna, berre vore ei skjerping av konfrontasjonslina.
I Catalonia fekk også det republikanske partiet ERC ein dramatisk auke i oppslutninga?
Det er endå eit døme på korleis Aznar-styret førde til ei radikalisering av heile den politiske debatten, og sveisa saman folk som før stod mot kvarandre.
Med handa på hjartet: kjem Zapatero til å dra Spania ut av Irak etter det presset som no blir lagt på han, til og med frå FN-leiar Kofi Annan?
Zapatero har sagt at berre FN kan gje dei mandat til å vere med i Irak. Dersom det ikkje skjer, dreg Spania seg ut. Det er eit standpunkt han ikkje kan gå attende på, seier José María Izquierdo.
|