Dag og Tid nr. 12, laurdag 20. mars 2004


Roald Helgheim:
Den monotone mediestøyen
Torsdag morgon var Kosovo toppoppslaget i NRK. Grunn: Norske Kosovo-soldatar vart skadde. Då hadde alt ni menneske blitt drepne og 250 skadde i samanstøytar mellom albanarar og serbarar. Førebels er 17 menneske drepne, og 400 såra. Dei norske soldatane drap ein mann som prøvde å trengje seg gjennom stillinga deira. Nordmennene vart berre lettare skadde og var attende på post torsdag. Samanstøytane er dei verste på mange år i det FN-kontrollerte Kosovo, som formelt framleis er en del av Serbia og Montenegro. Saka fekk ikkje slike oppslag i avisene. I Dagbladet er ho på framsida under tittelen «250 norske soldater i kamp i Kosovo: – SITUASJONEN ER HELT SINNSSYK.» Det er det ein av soldatane som seier, men i konkurransen om hovudoppslaget må Kosovo vike for «Slik sparer du SMART», med gode tips om pengeplasseringar når bankrenta går mot null. Kosovo-saka må også kjempe om plassen med oppslaget «Derfor er kvinners SEX-LYST EN GÅTE».

Dette er ingen freistnad på å starte ein ny Dagblad-debatt. Det var feilen då Klassekampen inviterte til ordskifte på Kafé Mono i Oslo denne veka under emnet «Står blandingsavisene for fall?». I panelet sat Dagbladets politiske redaktør Marie Simonsen saman med redaktørane i Klassekampen og Morgenbladet, og ho ønskte minst av alt den hundre-og-n’te Dagblad- debatten. Utgangspunktet var ein artikkel av høgskulelektor Magne Lindholm i Samtiden, etterfølgt av fleire avis-intervju som opptakt til møtet. «I verdens rikeste land, med en bereist, velstående og stadig bedre utdannet befolkning, fyller de brede mediene det offentlige rom med enorme mengder triviell informasjon», skriv Lindholm. Han snakkar om eit intellektuelt apartheidsystem med underhaldningsaviser for massane og eigne aviser for eliten. Og han skriv om hegemoniet til nyhendesjangeren, der det er umogleg å få offentleg merksemd rundt eit fenomen dersom det ikkje blir skildra i tråd med nyhendejournalistikkens formkrav. «Konsekvensen er at de som behersker nyhetssjangeren også forvalter adgangen til det offentlige rom.» Folk får berre kome til orde etter ei «journalistisk vurdering». Det offentlege rommet er godkjent av ein journalist.

Redaktørane for dei store nyhendemedia likar ikkje slikt mas. Dei vil heller snakke om ein samfunnskontrakt, som skulle innebere at dei gjer det «samfunnet» har sett dei til å gjere. Slik lyder det også når talspersonar for presseorganisasjonar uttalar seg. Dei er sjølvoppnemnde dommarar i saker der dei som media skriv eller rapporterer om – «samfunnet» – ikkje har uttalerett. Kontrakten, som ikkje må forvekslast med til dømes Ver Varsam-plakaten, har berre ein underskrivar. Likevel blir «journalistiske kriterier» og ein imaginær kontrakt framstilt som objektive storleikar, som ei uangripeleg forsvarsline mot all kritikk. Dessutan har dei eit opplag å tenkje på, og det er det mest uangripelege av alt. Vil du at Dagbladet skal gå konkurs?

Svaret mitt er at det hadde eg ikkje felt ei tåre for, men det er ei anna skål. Opplaget til ei avis er ikkje noko kriterium på at «samfunnet» har bruk for henne. Lindholm skriv: «Nyhetsprioriteringene er provinsielle. Vinklene er nærsynte, skjeve, personorienterte, bagatellorienterte og overdramatiserte. Over denne miksen helles det en glasur av livsjournalistikk.» At karakteristikken akkurat denne dagen står til framsida av Dagbladet, er tilfeldig. Det er sjølvsagt ille at media renn over av triviell støy, navleskodande livsstilsjournalistikk og kjendisfokusert reportasje. Men det er den heilage nyhendesjangeren som er den verste forføraren, fordi han under den «objektive» kappa løyner ein agenda. Det er ikkje nyhenda som styrer media, men omvendt. Det politiske brennpunktet Kosovo er brått og forbigåande i fokus, fordi nordmenn er involverte i kamphandlingar. Ein både kjend og forståeleg konflikt blir gjennom to norske auge til: «Det er fullstendig sinnssykt her!». Dermed blir også dei viktige spørsmåla trivialiserte, og snart har vi gløymt Kosovo att.

Debatten på Mono hadde eit panel som avspeglar at Klassekampen og Morgenbladet trur seg å kjempe på den same slagmarka som Dagbladet. Ein slik debatt kan Dagbladet alltid vinne med å stable opp alle sidene dei brukar til viktige spørsmål, for ikkje å snakke om den utvida kulturdekninga, sjølv om det meste som står der også er tabloid, trivielt, nærsynt og kjendisfokusert. Det er neppe nokon fare for desse blandingsavisene som du kan skumme på bussen, toget og trikken. Folk søkjer seg informasjon på stadig nye måtar. At mange stadig les Dagbladet, må vel vere deira eiga skuld. Vi treng ikkje «gløyme» avisa, som frustrerte intellektuelle stadig snakkar om. Dessutan er det fjernsynet som held på å bli det i særklasse mest fordummande mediet i Norge. Dei som meiner dei har eit betre produkt å fare med, må konsentrere seg omdet.

Mediedebatten speglar også at vi utan samanlikning er den mest sjølvopptekne profesjonen i Norge. Vi gir kvarandre prisar for å ha gjort det som er jobben vår. Det har ført til ein medievitskapleg eksplosjon, i tydinga utklekking av eit veksande korps «medievitarar ». Vi har samfunnsvitarar og statsvitarar også, men har du høyrt om ein «medisinvitar»? Vitarlauget står i fare for å bli eit institusjonelt orakel som mediebrukaren og media bør utvikle ein inngrodd skepsis til. Mange er for redde til å gå på tvers av trendane og det reine nonsens. Medie-kakafonien er for tida den mest støyande i samfunnet. Bruk sansane til å oppleve noko anna.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |