Dag og Tid nr. 12, laurdag 20. mars 2004


Leiar:
Klar spansk tale
Så forsvann den første av dei tre sjølvsikre mennene som for vel eitt år sidan proklamerte krigen mot Irak. Å påstå at spanjolane gav etter for terroristane, er ei mistolking. Ingen land hadde ein slik massiv folkeleg motstand mot Irak-krigen som Spania. På det meste var 93 prosent av folket mot krigen.

Elleve millionar demonstrantar i gatene etter terrorbombinga sist veke gjev klart nok svar på at spanjolane ikkje vil la seg styra av fanatiske terroristar. Det er eit klart skilje mellom motstand mot Irak-krigen og kampen mot terrorismen.

Spania vil aldri kunna påverka USAs okkupasjonspolitikk i Irak. Derimot kan Spania ved å trekkja seg ut av Irak påverka situasjonen langt meir enn kva dei skarve 1300 soldatane det er tale om inneber av militær slagkraft. Den nye regjeringa i Spania viser konstruktiv evne til å påverka internasjonal politikk. At Spania no er ein erklært krigsmotstandar, kan påverka både statsministervalet i Storbritannia, tilhøvet mellom USA og Europa og utviklinga i EU. Ikkje minst kan det påverka presidentvalet i USA. Spanias motstand svekkjer retorikken til Bush og det styrkjer trua på at Bush er den neste som må forlata presidentstolen.

Den nye spanske regjeringssjefen uttalar deg klart
om kva han meiner om krigen i Irak: «Krigen i Irak er ein katastrofe. Okkupasjonen av Irak er ein katastrofe». Endeleg ein statsleiar som kan snakka like tydeleg som Joscka Fischer som tala den amerikanske forsvarsministeren midt imot då han vitja Tyskland like før krigen starta. Og like tydeleg som Robin Cook i det britiske arbeidarpartiet, då han i protest mot Blair gjekk av som parlamentarisk leiar.

Bush, Blair og Aznar versus Fisher, Cook og Zapatero. Der har du personifisert motsetnadene i Vestens utanrikspolitikk. Vi skulle gjerne sett Bondevik eller Petersen uttala seg like tydeleg som dei tre siste.
Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |