Dag og Tid nr. 12, laurdag 20. mars 2004
Klok på bok:
Klok på fransk
Barabass og eg sit ved kjøkenbordet. Me har funne fram alle svara denne veka, og bunken er stor. Det gjer oss nøgde på same viset som dei ljose dagane får oss til å synast at livet er enkelt. Mykje enklare enn kva Sylvia Plath syntest, seier Barabass.
Første kloke svar: «Kjend norsk lyrikar som omset dikt på denne måten? Svaret gav mest seg sjølv. Så var det å finna fram Hand grip hand i svevne av Olav H. Hauge og leita seg fram til Sylvia Plath. Diktet heiter Svart kråke i regnver (Black Rook in Rainy Weather). Interessant var det å lesa Olav H. Hauge sin kommentar til Sylvia Plath sitt sjølvmord, som han ikkje fann særleg gåtefullt. Klokt sagt!», skriv Bergljot Selvåg i Stavanger.
Ei anna som lett har funne fram til svaret, er Tove Thorp i Oslo: «Personlig har jeg minimal sans for Plath og syns hun er mildt sagt overvurdert. Hauge, derimot, har et helt uforlignelig språk og er en nytelse å lese. Så da, så.»
Randi Brenden i Horten er òg klok. Det same gjeld John Solberg, med adresse 5108 Hordvik. «Hei problemmakarar! I desse dagar går det ein Hollywood-film om Sylvia Plath med Gwyneth Paltrow i hovudrolla og dermed sørger dei kulturelle rikssynsarane i Akersgata for at vi må få greie på alle detaljar ved sjølvmordet til den amerikanske lyrikaren. Tenk om dei hadde vore like oppglødde over å spreia kunnskap om litterære kjemper frå sitt eige kontinent som t.d. Rilke, Celan, Lorca, Evtusjenko!» Barabass og eg har kåra John Solberg til vekas vinnar. Me gratulerer og feirer deg med nylaga vaflar og kaffi!
Olav M. Skigelstrand har teke sjansen på at det må vere Sylvia Plath, omsett av Olav H. Hauge. Jakob Thingnes i Naustdal skriv slik: «Ein vert klok på bok av å lese DT. I alle høve denne gongen. Etter å ha lese artikkelen Kva brukar ein eit menneskeliv til? og så klok-oppgåva, då var det berre å leite fram Dikt i umsetjing (av Olav H. Hauge) og der stod diktet av Sylvia Plath.»
Diktet var ukjend for Gunnar Bæra på Løten, men jammen har han òg kome fram til eit aldeles korrekt svar. Barabass og eg er imponerte. Ein annan klok er Thor Henriksen i Oslo. Han skriv slik: «Diktet om funderingen over ei vanleg kråke, omsett til nynorsk av Olav H. Hauge, skreiv Sylvia Plath i 1956. Same året gifta ho seg med Ted Hughes. Nokre år etter (1970/72) sjølvmordet hennar i 1963 utga Hughes ei samling han kalla Kråke (Crow), der kråkefiguren er ein krakilsk overlevar, noko heilt anna enn vanleg, i alle fall etter kråkemålestokk.»
Mange kloke denne veka. Mellom anna Karl Johan Grønning på Rykkinn, Petter Kristensen i Oslo, Steinar Teigen, også han i Oslo, Torill J. Strøm på Myre, Lars Moa i Stjørdal, Håvard Hegna i Oslo, Asgeir Rekkavik i Oslo, Gudmund Harildstad i Oslo og Gyro Knutsdotter Homme. Ho skriv slik: «Mange vil nok verte overraska når eg seier at eg byrja lese Sylvia Plath alt då eg var lita men det var ikkje avdi eg hadde sansen for hennar mørke dikting. Nei, det var ei barnebok med sengerim, slike ein skulle tulle med før ein sovna søtt, og med herlege teikningar av Quentin Blake til.»
Thorleif Haukvik Skobba skriv slik: «Diktet er skrive av Sylvia Plath, originalt heiter det Black Rook in Rainy Weather og stend i samlinga The Colossus (1960). Fysste gongen eg leste det, meinte eg det måtte vera inspirert av Claude Monets La Pie som heng i Musee dOrsay men det er som kjent eit vinterbilde.», skriv Haukvik Skobba og spør: «Er ikkje Sylvia Plaths liv, dikt og lagnad blitt det næraste ein kjem akademisk tungindustri? Noko å tenkja på, seier Barabass.
Me avsluttar med brevet frå Ottar Roaldset: «(...) med tipsa om sjølvmord og kultstatus, så var det inga stor overrasking at originalen var av Sylvia Plath. Hauge har omsett fleire dikt av henne til norsk. I Bokvennen nr 3 frå 98 står det ein artikkel om Sylvia Plath av Marianne Egeland. Den er interessant, også fordi den gir lyst til å bli kjent med Ted Hughes, britisk poet laureate som var gift med Sylvia. Akkurat det siste kan ikkje ha vore lett.». Det har han sikkert rett i, seier Barabass.
Så vekas oppgåve:
Klok 656
Kva sa du?
Eg sa at eg tar dei med meg. Dei har godt av å komme seg vekk litt...
Ja, men når da? spurde svigermor mi.
No.
No? Du har vel ikkje tenkt å...
Eg tenkjer på det, ja.
Me held fram med franske forfattarar. Dette er byrjinga på ein roman som kom på norsk i 2002. Tips: Dette er en andre boka til forfattaren som debuterte i 1999. Kva heiter boka? Og kva heiter forfattaren? Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til klok@dagogtid.no. Svar innan 26. mars. Lykke til!
Dale-Oskar
og Barabass
|