Dag og Tid nr. 12, laurdag 20. mars 2004


Bokmelding:
Mykje pengar for lite moro
Det er eit slags hypermoderne «Forfengelighetens fyrverkeri» eller «Forfengelighetens marked» debutanten Thomas Bjørnskau prøver å skildre i reality.no. Det lukkast berre så måteleg.

ROMAN
Thomas Bjørnskau:
reality.no
Gyldendal


Til gjengjeld kan ein halde eit høgt tempo når ein les denne satiren over vårt notids Noreg. Det tyder på at Bjørnskau er i stand til å klippe til og skru saman ei forteljing – sjølv om satiren blir overtydeleg og keisam.

Det er det moderne mediesamfunnet Bjørnskau satirerer over i reality.no. Som tittelen mellom anna signaliserer, står reality-tv sentralt i handlinga, og det er ein nyskapande reality-serie alle aktørane i boka blir samla om. Alle personane er klisjear frå ulike hypertrendy miljø. Vi møter reklamefotografen som eigentleg vil vere grensesprengjande kunstnar, den kvinnelege reklamedirektøren som vil ha seg ein designer-baby made in USA og som har seg på eit mørkt rom øvst i Museet for samtidskunst saman med ein ho har chatta med på nettet. Og vi møter Embla som restrukturerer seg sjølv og sin utsjånad for å vere med på den interaktive reality-serien der deltakarane er brikker i eit spel som sjåarane avgjer. Reality-serien har sin eigen nettstad og dermed møter vi òg ei rad dott.kommarar som mest interesserer seg for sex, pengar og pengar og sex. Alt i høgt tempo, noko som òg gjeld den heseblesande forteljeteknikken.

Tidvis funkar dette og er morosamt. For det meste funkar det ikkje. Satiren blir for lett gjennomskodeleg, og personane blir enkle, sjølv for dette overflatiske miljøet. Dei språklege vriane bl.a. med flaue norvagismar av engelske dataord blir med ein gong liggjande som daude fluger i vindaugskarmen. Kanskje det aller beste er drivet i boka som tilseier at forfattaren kan noko om forteljingsteknikk. Men for lesarane blir det ei dyr bok: Du får ikkje mykje lesetid og moro att for dei pengane du investerer. Ikkje blir du klokare heller...
Ole Karlsen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |