Dag og Tid nr. 12, laurdag 20. mars 2004


Bokmelding:
Vakker historie, altfor melodramatisk språk
Et livs musikk er ei vakker historie om kjærleik, musikk og håp, men diverre vippar språket meir over i blødmer og luft enn rytme og røyndomar.

ROMAN
Andreï Makine:
Et livs musikk
Gyldendal
Omsett av Tom Lotherington

Andreï Makine er fødd i Sibir i 1957, kom til Paris i 1987 som asylsøkjar, og i 1995 blei den til då nærast heilt ukjende russaren tildelt både Concourt-prisen og Médicis-prisen for romanen Det franske testamentet. Etter denne litterære sensasjonen med roman nummer fire frå Makine, har han vore trygt plassert som ein av dei sentrale forfattarane i notids-Frankrike. To andre romanar av Makine er òg å finna på norsk, Olga Arbélinas forbrytelse  (1999) og Kjærlighet ved elven Amur (2000).

I 2001 kom La musique d’un vie, no i norsk omsetjing ved Tom Lotherington. Med ein gong eg opna bokpakken, såg namnet Makine, tittelen Et livs musikk  og til slutt kasta eit raskt blikk på vaskesetelen, tenkte eg at dette var ei bok eg ville koma til å lika: Eit møte mellom to menneske på ein nedsnødd jernbanestasjon i Uralfjella, eit møte som hentar fram tapt tid, musikk, minne, håp, identitet. Og ei historie om eit land i naud og krig, og om vonde, gode og evige sider ved menneske.

God historie

Historia er god. Et livs musikk fortel om den unge pianisten Aleksej Berg som under Stalin sine utreinskingar mista alt: foreldre, heim, karriere og identitet. Han kjempar mot den tyske invasjonshæren, klarer å overleva krigen og møter ein dag, no som fri mann, eg-forteljaren i Et livs musikk, begge på veg til Moskva, ventande på toget ein stad oppe i Uralfjella. Og historia har eit godt driv. Særskilt på grunn av spenninga mellom den forteljande og den fortalde, mellom den aldrande pianisten som gråtande prøver å spela på eit piano med arbeidsnevane sine i eit bakrom ved denne jernbanestasjonen i Uralfjella og eg-forteljaren som overraskar han i dette. Ei spenning knytt til forakta som ligg hjå eg-forteljaren, ei forakt for «Homo sovieticus», forakt for ein passivitet som har gripe eit folk, dette opp mot sorga, dei vonde minna, ei utsletting av identitet som ligg hjå den gamle mannen. Med denne spenninga klarer Makine å gripa lesaren.

For tydeleg

I byrjinga let eg meg òg gripa av rytmen og røysta hjå Makine. Han ønskjer å røra lesaren og det formidlar han tydeleg, i historia og i språket. Men etter kvart blir det altfor tydeleg. Det er noko med språket til Makine eg ikkje klarer heilt å svelgja. I byrjinga vakkert. Men så opplever eg at Makine litt for intenst prøver å skapa eit poetisk språk, eit språk som så inderleg ønskjer å nå inn. Det søkjer på eit vis å fylla seg sjølv meir opp enn det som korkje er godt eller naudsynt. Og så har han det med litt for ofte å nytta desse tre prikkane... Det blir altfor mykje. Dessverre. For historia grip tak, forteljarstrukturen skapar driv og kompleksitet og komposisjonen er god. Og tematisk rører Makine ved viktige element i eit menneskeliv, kva som skjer med eit menneske som må viska ut identiteten sin,  korleis musikk kan vera ei livgjevande kraft, korleis ein nasjon kan bli ført inn i ein apati som følgjer av krig, tap og overgrep. Og kva som kan oppstå ut frå eit møte mellom to menneske på ein  jernbanestasjon langt oppe i Uralfjella.
Margunn Vikingstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |