Dag og Tid nr. 11, laurdag 13. mars 2004
Kronikk:
Om den skjulte fraksjonens vesen
Det er eit gode at folk snakkar saman. Dette er ei av mange vesentlege innsikter Einar Førde har formidla til lesande nordmenn ved ulike høve. Når nokon snakkar saman i systematiske, men uformelle former, kan det i ein gitt situasjon oppstå ei reell fraksjonering.
Å kartleggje kven som er for og mot i ei bestemt sak, eller å fordele kven som bør seie kva i ein open debatt, vil eg kalle legitim og dermed open fraksjonering. Dette er ein eksistensiell del av det å drive organisasjonsarbeid. Er usemja i ei stor og prinsipiell sak så grunnleggjande at ei felles plattform er umogleg, kan ei slik open fraksjonering resultere i formell og open organisering. Når saka er avgjord, kan ein slik organisert fraksjon leggje ned seg sjølv eller drive vidare som ein sjølvstendig organisasjon.
Å finne fram til, eventuelt i tillegg til den opne fraksjoneringa, måtar å sverte, svekkje eller motarbeide moglege meiningsmotstandarar på, er derimot illegitim eller skjult fraksjonering. Den opne fraksjonen argumenterer berre for si sak. Den skjulte fraksjonen argumenterer aldri berre for si sak. Ein slik skjult fraksjon blir nesten alltid verande løynd og fjernar spora etter seg. Med hjartet på rette staden prøver eg no å finne fram til litt av det eg trur er den skjulte fraksjonens vesen, steg for steg.
Den som driv skjult fraksjonsverksemd, vil lett krysse etiske grenser fordi målet helgar midla. Den skjulte fraksjonen vil prinsipielt misbruke tredjepart ved til dømes å omtale vedkomande på ein ufordelaktig måte. Den som arbeider i det skjulte, er lite nøyen med ordval, tek lett på sanningsgehalten og fjernar utsegner frå sin samanheng. Skjulte fraksjonsmakarar er ofte så sikre på sitt eige hemmeleghald at dei ikkje tenkjer over faren for at noko blir offentleg kjent. Fraksjonen vil som regel ikkje våge å tenkje at lojaliteten i fraksjonen kan breste. Av dette følgjer:
Skjult fraksjonsarbeid skaper uheldige lojalitetsband. Det blir venta at den som er med i fraksjonsarbeidet, er lojal mot fraksjonen etterpå. Eg veit eitt om deg og du veit hitt om meg, difor teier vi begge. Den som med sivilt mot ope bryt ut av ein fraksjon, kan bli ramma ved neste korsveg gjennom skjult fraksjonering:
Både ope og skjult fraksjonsarbeid er i sin karakter innoverretta og fører til feil ressursbruk. I staden for å fange opp og utforme svar på nye utfordringar som til dømes samfunnsutviklinga eller endra maktforhold i samfunnet inneber, blir fraksjonane gåande og trakke i sine eigne rom:
Den skjulte fraksjonen avpolitiserer eigen organisasjon og overlever på arroganse mot resten av organisasjonen. Det blir eit mål i seg sjølv å kontrollere organisasjonen. Ein skjult fraksjon kan berre gjere jobben sin ved å gjere seg sjølv viktigare enn andre, og kan i beste fall redusere meinige medlemmer til stemmekveg:
Den skjulte fraksjonen blir nærsynt og har ein tendens til å overdrive si eiga rolle og den saka han arbeider for. Fraksjonering blir driven av eit vesentleg innslag av eigendynamikk. Ikkje noko er verre for ein skjult fraksjon enn å tape i den avgjerande voteringa om posisjonar eller standpunkt. Å vinne blir viktigare enn å vurdere om saka faktisk er viktig nok:
Den skjulte fraksjonen forsterkar konfliktar i staden for å dempe dei. Nyansar blir uinteressante, brubyggjarar ei hindring på vegen, og saker som ikkje kan reduserast til ja eller nei, blir liggjande urørte. Den skjulte fraksjonen overdriv rolla til dei som er usamde og står i fare for å mistenkje at også alle andre driv skjult fraksjonering:
Den skjulte fraksjonen vil prinsipielt misbruke informasjon som andre har gitt. I si kartlegging av ja og nei må fraksjonen finne ut kva andre moglege sentrale aktørar tenkjer og gjer. Gammal vennskap eller andre former for kontakt kan gi informasjon som vedkomande ville ha halde for seg sjølv viss samanhengen hadde vore kjend:
Den som er fanga i fraksjonstankegangen, blir gjerne formelt uryddig også på andre punkt. Det viktige blir å få rett, ikkje korleis ein får rett. Då blir gjerne habilitet redusert til formaljuss eller ei unødvendig problemstilling. Fraksjonisten ser altså ikkje om han eller ho er habil eller inhabil:
I skjult fraksjonsarbeid blir det uklart kvar fraksjonen tek til og kvar han sluttar. I ettertid kan ein person ta på seg ansvaret utan at allmenta får vite kven andre som var med. I den vestlege kulturkrinsen slo Nürnberg-prosessen 1945-50 fast at kvar og ein svarar for sine handlingar. Det gjeld også i dei små spørsmåla, medrekna skjult fraksjonering i ein liten organisasjon. Å ta på seg kollektiv skuld er difor ikkje noko gyldig svar:
Når skjult fraksjonsarbeid blir oppdaga i ettertid, blir tredjepart påført eit uønskt tillitsproblem. Jo tettare eit miljø er, jo meir avhengig er dei som er innanfor dette miljøet av at ein kan stole på kvarandre. Etter ei avsløring stivnar den uformelle praten og den uforpliktande høgttenkinga. Tredjepart vil vere utrygg på om fraksjonsmakarane også i framtida kan kome til å operere med ein dobbel dagsorden. Ein profesjonell leiar føreset lojalitet frå medarbeidarane sine, og vil ikkje i utrengsmål tilsetje personar som ikkje har vore lojale når ein trudde dei var det. Berre den som har drive skjult fraksjonering, kan opprette tillit att:
Den som driv skjult fraksjonsverksemd, kan bli utsett for urimelege reaksjonar når verksemda blir avslørt. Personar som blir dømde i rettssaker og som sonar si straff for det dei har gjort, har gjort opp for seg. Den skjulte fraksjonen føreset at han aldri må gjere opp for skaden han påfører motpart eller tredjepart:
Når ein skjult fraksjon blir avdekt, vil den avslørte prøve å allminneleggjere eigne handlingar og tankegangar. Å rettferdiggjere eigne handlingar er ein del av det å vere menneske. Den som naskar frå varelageret tenkjer at mange gjer det, så då kan vel eg også gjere det. Slik vil også den skjulte fraksjonsmakaren svare:
Den som i ettertid mistenkeleggjer motiva for at skjult fraksjonsarbeid blir avslørt, er sjølv fanga i fraksjonstankegangen. Fraksjonsarbeid gjer motiv viktigare enn konsekvens fordi fraksjonen berre har kontroll over motiva, ikkje konsekvensane. Det blir nødvendig å bagatellisere det som har skjedd og kritisere dei som reagerer ved å seie at dei overreagerer. Den som er fanga i fraksjonstankegangen, gjer altså krav på å kunne avgjere kva reaksjonar og kjensler som er legitime eller adekvate. I ein organisasjon der det også før har vore mykje fraksjonering, vil fraksjonens tendens til motivjakt lett smitte over på dei som får saka i fanget og må finne ei løysing:
Den som i ettertid kritiserer at uakseptabel framferd blir avslørt, bruker overgrepssyndromet mot tredjepart. Leiinga vil intuitivt skjerme organisasjonen mot diskrediterande informasjon. Då kan den som avslører uønskt framferd, kome i ein situasjon som minner sterkt om det som skjer med mange som blir utsette for ulike former for overgrep. Det er som kjent altfor ofte offeret som blir gåande med skuldkjensle eller blir klandra for eiga framferd:
Når uakseptabel framferd i ein organisasjon blir oppdaga, blir andre som arbeider for same sak diskrediterte. Ideelle organisasjonar byggjer på idealisme. Ein skjult fraksjon tenkjer motiv og ser ikkje dei konsekvensane eigne handlingar kan ha for det allmenne omdømet av den saka ein arbeider for, viss fraksjonen blir avslørt. Av dette følgjer:
Å drive skjult fraksjonsarbeid er å gjere mentalt underslag mot organisasjonsdemokratiet. Den skjulte fraksjonen er sekta sitt fingeravtrykk og taper alltid til slutt.
Ottar Grepstad
|