Dag og Tid nr. 11, laurdag 13. mars 2004

Stephen Walton:
Dette er ein hemmeleg kommentar
Eg har snart sett meg mett på hemmelege notat, og på rykte om hemmelege notat. I førre veke kunne Dag og Tid fortelje at det før landsmøtet i Noregs Mållag for fem år sidan sirkulerte hemmelege notat i visse krinsar for å sikre at kandidaten deira skulle bli vald som leiar. Jamvel om slik fraksjonering neppe oppstod for fem år sidan, er ikkje notata triveleg lesestoff. I den grad dei var med på å oppnå det resultatet som fraksjonistane ville, var taktikken vellykka.

Men det viste seg same dag i andre medium at det ikkje berre er fraksjonistar i målrørsla i 1999 som bruker hemmelege dokument som verkemiddel i målstriden. Dersom ein skal tru hovudstadsavisene, har undervisningsministeren no også teke i bruk denne taktikken. Aftenposten plar vere godt orientert om høgrestatsrådane sitt indre liv, og kunne den 6. mars melde at Kristin Clemet i eit hemmeleg regjeringsnotat hadde gjort framlegg om å fjerne obligatorisk eksamen og skriftleg undervisning i sidemål.

Begge desse sakene får meg til å spørje korfor folk sender rundt hemmelege notat. Eg har kome fram til to moglege svar: For å halde noko hemmeleg, og for å la noko leke ut.

Den første kategorien vil eg i min løyndomstypologi kalle for «oppriktig hemmelege notat». Det som da før eller sidan sig ut i allmenta, og det sig alltid noko ut, er mindre farleg enn det ein eigentleg går med planar om. Etter typologien var fraksjonistnotata frå 1999 oppriktig hemmelege. Mållagsmedlemene skulle ikkje forstå heile omfanget av det strategiarbeidet som vart gjort, og kva resultat dette skulle føre til. Dét var det berre ein indre krins som gjorde.

Den andre kategorien med hemmelege notat, dei som er laga for å leke, vil eg kalla «uoppriktige». Dei kan i sin tur delast i to underkategoriar, «prøveballongen» og «gledesspreiaren». Ein sender opp ein prøveballong for å sjå korleis omgjevnadene reagerer på eit forslag ein er usikker på korleis vil bli oppfatta. Når det gjeld framlegget frå Clemet, kan dette neppe vere tilfelle, i og med at reaksjonsmønsteret, ikkje minst hos dei andre regjeringspartia, vil vere svært velkjent på førehand.

Gledesspreiaren er ein annan kjend taktikk. Ein vil kutte med fem millionar, noko som ville vekkje allmenn avsky. Dermed skriv ein eit hemmeleg notat der det står at ein skal kutte med ti millionar, og syter for at dette lek ut. Når ein så i neste omgang føreslår eit kutt på fem millionar, framstår dette som eit kompromiss, og alle er både takksame og letta.

No har eg korkje telefonisk eller telepatisk kontakt med statsråden, men eg oppfattar likevel det hemmelege notatet hennar som eit oppriktig hemmeleg notat. Og eg vil tru at ho har tenkt som så: Oslo går snart inn for å sende inn ein søknad om såkalla prøveprosjekt med fritak frå sidemålet, les nynorsk. Når det skjer, vil det utløyse eit ras av liknande søknader frå andre kommunar. Det blir for omstendeleg å gi desse søknadene ei reell sakshandsaming i Læringssenteret og i Departementet, noko som berre vil føre til frustrasjon hos grupper som Høgre gjerne ser som sine kjerneveljarar. Dermed må eg, Clemet, skjere igjennom og syne handlekraft, og dersom bunadshøgre – kor vart det elles av dei? – ikkje liker det, tu bædd.

Kristin Clemet har profilert seg som statsråd framfor alt med nøkkelordet kvalitet. Dersom dette ikkje er rein populisme, fortener ho ros og støtte for det. Kvalitet i sidemålssamanheng betyr faktisk berre éin ting: At elevane viser at dei meistrar sidemålet godt i skrift. Det kan faktisk ikkje bety noko anna. Det trengst både prøveprosjekt og ein forsterka forskingsinnsats for å få til ei betre sidemålsundervisning, men det å gi fritak frå sidemålsundervisninga kan ikkje føre til betre kvalitet i sidemålet. I så fall kan vi berre leggje ned skulen.

Når det gjeld prøveprosjekt, er det nok å ta i, og det er no også prosjekt på gang. Det ville vere djupt uansvarleg av politikarane i Oslo å føregripe denne prosessen ved å røyste for såkalla prøveprosjekt med fritak, ikkje minst fordi dette truleg ville gjere det uråd å gjennomføre dei eksisterande prosjekta.

På den andre sida ligg forholda i Oslo til rette for å kunne utføre dei absolutt mest interessante prøveprosjekta nettopp der. Grunnen til dette er dei relativt sett mange tospråklege og framandspråklege elevane der. Det vil ikkje forundre meg om ikkje den mest interessante tråden i forskinga går nettopp frå desse elevane til sidemålselevane. Mellom anna har Lise Iversen Kulbrandstad ved Høgskolen i Hamar svært interessante resultat å vise til når det gjeld dei strategiane som framandspråklege elevar bruker når dei les norsk. Det arbeidet som ho har gjort, som m.a. går ut på å telje augefikseringar per tekstline når første- og andrespråkselevar les norsk, trur eg kan halde nøkkelen til å forstå korfor sidemålselevane i snart hundre år har fortalt oss at dei synest nynorsk er vanskeleg. Målfolk har svart med moralisering, og fortalt dei at nynorsk slett ikkje er vanskeleg, at det er deira eige språk, at dei ev. må vere late, eller at lærarane saboterer undervisninga. Det kan godt hende at svaret ligg ein annan stad, nemleg at elevane les nynorsk som eit framandt språk. Det kan også hende at nettopp innsikter frå framandspråkssundervisning, m.a. den velkjende språkbadsmodellen, kan revolusjonere sidemålsundervisninga. Men dette veit vi enno for lite om. Vi treng meir forsking på det.

Fritak frå sidemålet har ingenting med kvalitetssikring å gjere.

Det kan og vil få berre éin konsekvens, nemleg at det blir uråd på sikt å oppretthalde nynorsken si stilling som offisielt språk i heile landet. Utan sidemålsopplæringa vil ikkje mållova kunne praktiserast lenger. Så enkelt er det.

Korfor skriv folk hemmelege notat? Når det gjeld dei oppriktig hemmelege notata, er det for å halde noko hemmeleg. Fordi det er meir på gang enn dei vil at vi skal vete.

Vi lever i eit demokratisk land med demokratisk valde politikarar. Eg har ei viss forståing for at ein del saker som har å gjere med tryggleiken til staten og ibuarane der, må vere hemmelege. Eg kan derimot sle      tt ikkje forstå at vi no plutseleg har bruk for hemmeleg språkplanlegging.

Dersom Høgre no tenkjer seg å avskaffe den offisielle toskriftspråklegheita i landet, kan dei seie det. Så kan vi ta eit ordskifte omkring dét.

I mellomtida må byrådet i Oslo kome til medvit om ansvaret sitt. Det har no sjansen til å opne for det einaste som er god politikk, jamvel god høgrepolitikk: Å satse massivt på prøveprosjekt som aukar kvaliteten i sidemålsundervisninga.

Eg minner lesarane om at denne kommentaren er strengt hemmeleg. Lek han ved høve.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |