Dag og Tid nr. 11, laurdag 13. mars 2004


Bøker:
Bush på alvor
I ørkenvandringa av kunnskapsløyse, synsing og rygg-mergsantiamerikanisme er denne boka ein oase av sakleg og kjølig analyse.

SAKPROSA
Svein Melby:
Bush-revolusjonen i amerikansk utenrikspolitikk
Aschehoug, 2004

Med Bush-revolusjonen i amerikansk utenrikspolitikk freistar Svein Melby frå Norsk Utenrikspolitisk Institutt å gjera den norske debatten om amerikansk utanrikspolitikk etter 11. september sakleg. Berre det at Melby går av vegen for ikkje å skildra George W. Bush som ein stupid cowboy – den sentrale analysen til dei amerikanske austkystliberale og dermed til europeiske intellektuelle (og dermed eit samla pressekorps) – viser at han er viljug til å forstå det framande på det framande sine premissar. For visst presenterer Melby George W. som den texanaren han er. Som den cowboyen han er. Autentisk amerikansk og dermed like framand for oss som ein marsbuar. Løysingsorientert, overtydd om rettferda i si eiga sak, moralsk inntil det moralistiske. Ei enkel sjel. Like enkel som Ronald Reagan...

Hamskiftet

Melby er kritisk til den rådande amerikanske politikken – men freistar i det minste å forstå og forklara han. Boka gjev ei detaljert skildring av hamskiftet i amerikansk utanrikspolitikk etter Den kalde krigen. Æra, eller ansvaret, for dette legg han på krinsen av «nykonservative» rundt tidsskriftet Weekly Standard med Paul Wolfowitz i spissen. Desse ideologiske «ekspansjonistane» – dei fleste jødar med røtene i det demokratiske partiet – utmanøvrerte den tradisjonelle «realpolitiske» eliten i det republikanske partiet i striden om kva utanrikspolitikk George W. Bush, som korkje hadde interesse for eller røynsle med slikt, skulle føra. Grovt sett er ekspansjonistane nasjonalistiske, aggressive og ideologiske i synet på USA si rolle i verda, medan realpolitikarane er internasjonalistiske, reaktive og maktpolitiske. Melby sitt poeng er at revolusjonen i USAs utanrikspolitikk etter 11. september kom fordi ekspansjonistane, som representerer det som vert kalla «misjonærtradisjonen» i amerikanske politikk, makta å målbera den folkelege amerikanske «pionertradisjonen» sin reaksjon på åtaket: Ta Osama bin Laden daud eller levande!

Det franske provet

Men den mest interessante innsikta til Melby er at ekspansjonistane sin endelege siger kom då «koalisjon av villige» invaderte Irak utan FN-mandat. At USA bør og skal handla på eiga hand, utan omsyn til internasjonale institusjonar for å fremja sine interesser, er nettopp kjernen i deira filosofi. Paradoksalt nok var det den franske motstanden mot at Tryggingsrådet skulle vedta ein ny resolusjon som opna for bruk av makt mot Irak, slik realpolitikarane Blair og Powell gjerne ville, som prova for den amerikanske opinion at Wolfowitz hadde rett. Ved å definera sine nasjonale interesser i strid med USAs, oppnådde Frankrike berre at FN vart spelt ut over sidelinja i Irak og at amerikanarar flest vart forbanna nok til at salet av fransk vin i USA fall med ein tredel. Dette viser, som Melby skriv, breidda i dei anti-franske kjenslene i USA også utanfor dei tradisjonelle patriotiske miljøa, som heller drikk øl enn vin.

Paradokset er at ved å torpedera freistnaden på å internasjonalisera krigen mot Irak, oppnådde Frankrike berre å styrkja den amerikanske overtydinga om at dei må gå åleine om dei vil nå måla sine.

Det er sjølvsagt mogleg å diskutera fornufta i dette målet. Er det i det heile mogleg å isolera USA mot terrorisme i ei globalisert verd? Det viktige ved Melby si bok er ho tek amerikansk utanrikspolitikk under George W. Bush på alvor. Også målet om å tryggja USA mot åtak frå «dei vonde maktene».

Revolusjon?

Men er dette ein «revolusjon» i amerikansk utanrikspolitikk? Eit «renversement des alliances» på linje med alliansen mellom Frankrike og Habsburg på 1750-talet eller «la entente cordiale» mellom Storbritannia og Frankrike i 1906? Denne bokmeldaren sitt svar er nei.

Eg saknar to namn i personregisteret: Dulles, John Foster og Roosevelt, Franklin Delano.

John Foster Dulles var det republikanske partiet sin utanriksekspert på 40-talet og utanriksminister under Eisenhower. Han var den politiske «entreprenøren» attom Trumandoktrinen og Marshall i den forstand at han fekk snudd republikanarane frå isolasjonisme til intervensjonisme. Dulles er mest kjend og forkjetra for å ha snakka høgt om å rulla kommunismen tilbake frå Aust-Europa. Og med respekt å melda: I 1947 handla USA unilateralt i høve til dei nyetablerte FN-institusjonane. Marshallplanen var ein «koalisjon av dei villige» utanfor rammene av FNs økonomiske komité for Europa, som var skipa for å atterreisa Europa. Trumandoktrinen var like «ekspansjonistisk» i råd og dåd som Bushdoktrinen er. At den vestlege alliansen lukkast og vart til realpolitisk realitet, let til å ha gjort internasjonal politikkforskarar blinde for kor radikal han var i samtida.

Bush og Roosevelt

I Andre verdskrigs-konteksten ville Wolfowitz fått merkelappen «intervensjonist» og vorten sett i bås med Harry Hopkins og Harold J. Ickes og Walter Lippman. Å kalla han «ekspansjonist» er eit godt retorisk knep. Men Franklin Delano Roosevelt og Woodrow Wilson var også, ut frå denne logikken, «ekspansjonistar». Begge gjekk til krig mot Tyskland i overtydinga om at eit ikkje-demokratisk Tyskland var eit trugsmål mot dei nasjonale interessene til USA. Begge hadde som krigsmål å «demokratisera» Tyskland. Begge la for dagen ein grenselaus vilje til opprusting for å setja makt bak USAs rolle i verda dersom resten av verda ikkje gjorde som USA ville. Begge desse representantane for «misjonærtradisjonen» makta å mobilisera «pionertradisjonen» på same måte som Bush. Noko som er ganske så naturleg, gitt at demokrati berre går til krig når dei trur at nokon angrip dei. Mine tankar gjekk til Roosevelt sin tale 11. desember 1941 då eg høyrde Bush etter 11. september 2001.

Men å samanlikna George W. med FDR er sjølvsagt ikkje noko ein rettsindig liberal statsvitar vil finna på å gjera. FDR ville det jo så godt. Og han gjorde det for vår skuld. I den mon dei nykonservative har laga revolusjon i revolusjonen, er det ved å få amerikansk utanrikspolitikk attende på det sporet som historisk tryggja demokratiet som den einaste legitime styreforma i verda. USA under Bush brukar si militærmakt til å fremja sine nasjonale tryggingsinteresser slik landet sjølv definerer dei: «To make the world safe for democracy».

Noreg brukar 2,7 milliardar på same formål – til «menneskerettighetsarbeid og demokratiutvikling».
Pål Bakka

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |