Dag og Tid nr. 11, laurdag 13. mars 2004


Bøker:
Det er Fosse
Jon Fosse driv ikkje ap og nynorsk skråblikk med oss. Mellom anna derfor er han blant dei mest verneverdige nynorske forfattarane.   

ROMAN
Jon Fosse:
Det er Ales
Det norske samlaget 2004

Det tyske forlaget Marebuchverlag bestilte ei bok om havet av Jon Fosse, og kortromanen eller langnovella blei gitt ut i Tyskland i fjor, under tittelen Das ist Alise. Først nå er boka ute på norsk, med tittelen Det er Ales. Årets roman ligg tett opp mot Jon Fosses eige drama Ein sommars dag, og dessutan andre Fosse-bøker. Jon Fosse liknar ingen, sjølv om mange prøver å likne han. Eg innbiller meg likevel å sjå spor etter Tarjei Vesaas i denne romanen. Dei tagale veggene hos Fosse minner meg om den forspilte dagen som kryp bort på buken hos Vesaas, dessutan er det ein brann og ei uro i denne romanen som kan minne om Vesaas generelt, og Vesaas spesielt slik han er i si siste prosabok og i to av sine mest eksperimentelle romanar, Signalet og Brannen.  

Jon Fosse driv ikkje ap og nynorsk skråblikk med oss, og derfor er han blant dei mest verneverdige av dei nynorske forfattarane i Noreg i dag. Fosse presenterer i si nye bok atter ein gong denne inderlege og insisterande skriftstemma som repeterer og insisterer. Til liks med i salmen og samleiet må lesaren vere med for å vere med. Han må uti brusen for å få det med seg, han må gi seg over. Innimellom er det ein bølgjande og behageleg tekstrytme i Det er Ales, men bare innimellom. Setningane strekkjer seg gjerne over ei og ei halv side, og Fosse hakkar opp dei lange og flytande setningane med korte innsmett av typen  «tenkjer ho»,  «jo da» og sjølvkorrigeringar som «nei dette», «men dette» og «nei dette går ikkje an». Desse innsmetta hakkar opp flyten og gjer romanen abrupt og vanskeleg å lese før du set ned tempoet og innstiller deg på det. Samstundes må vi vel kunne lese desse sjølvkorrigeringane som kommentarar til teksten, for også i denne boka går det fram at skrivekunsten for Fosse handlar om å mime, skrive eller skape dei vilkåra som gjer livet leveleg. Derfor er det vanskeleg å ikkje lese Asles tankar om å gå som Fosses tankar om å skrive: «(...) og han liker det, han liker å gå, berre han kjem seg inn i gonga, inn i flyten i gonga, berre ein finn si eiga gonge att, så er det bra, tenkjer han, for det er som om den tyngda livet elles fyller ein med då blir lettare, og blir tatt av han, blir til rørsle, og forlet det tunge tette urørlege svarte livet elles kan vere, tenkjer han (...)»  

Ingen kan skulde Jon Fosse for å vingle i spørsmålet om stil og form. Prosabøkene hans nøyer seg alltid med eit forholdsvis lite vokabular. Til gjengjeld får dei utvalde orda og vendingane opptre mange gonger. Slik oppstår den etter kvart så velkjende Fosse-stilen. Og når ord og vendingar stadig blir gjentekne, blir tyding og meining nærmast borte i rytme og lyd. Og når rytme og lyd står att, kan vi seie at det er dei som utgjer meininga. Men parallelt med det musikalske eller rytmiske nivået i denne prosaen, finn vi biletnivået. Det er med andre ord ikkje informasjonsmengda, kommunikasjonsevna eller forteljinga som karakteriserer denne litteraturen; det er lyden og bileta.

Ganske forenkla kan vi seie at lyden og bileta i prosaen til Jon Fosse er poesien i prosaen til Jon Fosse. Ganske forenkla og heilt feilaktig kan vi vidare seie at poesien dveler og konsentrerer seg i djupna mens prosaen hastar vidare og strekkjer seg i lengda. Nå vil ikkje eg påstå, sjølv om ei grundigare lesing kanskje kunne ha gjort det, at bileta i denne kortromanen nødvendigvis er bilete på noe anna enn det reint overflatiske. Bileta er ikkje nødvendigvis djupe slik ein metafor er djup, men visuelle er dei, reint målande, vil eg nesten seie. Og meir bør eg kanskje ikkje seie om den saka viss eg skal ha mine ord i behald. La meg bare nemne ei vill og veldig visualisering som har å gjere både med det å høyre, det å sjå og det å snakke idet Fosse skildrar ein brann: «(...) kroppane er ikkje å sjå, og så ser han auga få som røyster og det er som ei uling han høyrer, først ei uling, frå eitt auge, og så ei brei uling, frå mange auge, og så blir det store ulet som eitt med logane oppover og forsvinn i mørkret (...)»

Jo, eg held fast på at det er lyd og bilete som dominerer denne kortromanen. Eit artig poeng i den samanhengen er at eg-forteljaren byrjar romanen med utsegna «eg ser» og avsluttar med «eg høyrer».   

Romanen blir altså fortald av ein eg-forteljar som er delvis allvitande og let oss sjå tilværet gjennom tankane til Signe og Asle. Dei på si side er like synske eller uavhengige av tid og rasjonalitet som den regisserande forteljaren, derfor kan Signe sjå seg sjølv som lita jente, og Asle kan sjå si eiga slekt og ein som fekk den same lagnaden som han. Her er altså fleire tider til stades samtidig, og det er for så vidt uklårt om vi skal sjå på syna eller tilbakeblikka til Signe som «sjukelege» eller bare som tilbakeblikk, tenking, dveling ved det store tapet som gjer at ho stundom kjenner seg «i det tomme». Romanane til Fosse er jo som regel opphengde i noe som får forteljaren eller romanen til å spinne omkring dette uoppnåelege eller uløyselege, det er denne dvelinga eller  denne tenkinga som er prosaen til Jon Fosse. Å spørje kva ein Fosse-roman handlar om er feil spørsmål. Kva dveler han ved? Kva tenkjer han på? Det er ikkje lett å svare på det heller, all den tid det ofte dreiar seg om eit tap og ei sorg som romanen sjølv søkjer å leggje ei forteljing omkring, og dessutan har eg over antyda at det handlar om lyd- og bilettenking hos Fosse, og korleis forstår vi det? Det er sjølvsagt freistande å seie at denne litteraturen ikkje bryr seg om å kome til sans og samling men om å kome til lyd og bilete, og at denne staden ikkje er meiningsberande men lyd- og biletberande. Og det er vel kunstens plass, det, det er den plassen som gir rom for Signe og dei andre personane i denne romanen. Men korleis kan nå kunsten tenkje? Det kan vi ikkje svare på i full fart, kanskje ikkje langsamt ein gong.    

Munnleg bruker vi språket til å mumle for å seie ifrå om at vi finst. Og vi snakkar for å bli samde om handlingar og gjeremål, vi informerer einannan om saksforhold. Mumling tilhøyrer først og fremst det munnlege feltet, ja, men mumling er ikkje framand for skrivekunsten. Mumling kan nemleg ofte fortone seg både som nynning og sukk, og nynning og sukk snublar fort over i bønn og påkalling. Så står vi der, i samtalen eller skrifta, og kallar på det som er blitt borte for oss. Og viss kvaliteten på samtalen eller skrifta er god nok, vil det som er blitt borte finne stad i samtalen eller skrifta. Viss det ikkje var slik, hadde forfattarane slutta å skrive for lenge sidan. Og prestane hadde for lengst slutta å halde gudsteneste kvar søndag, viss det ikkje var for at den bortvende høyrde kyrkjelyden kalle slik at han kunne finne stad i kyrkjerommet. Nei, det er opplagt at mennesket og språket det rår over har noen veldige eigenskapar.  

Og årets Fosse opnar med at forteljaren skriv eller maner fram, kanskje påkallar: «Eg ser Signe ligge på benken der i stova og ho ser på alt det vante». Så finn da Signe og alt hennar stad i denne korte romanen. Og forteljaren avsluttar romanen nærmast med å gjere klårt for enda eit rop, enda eit mumlande, rallande skrik, enda ei påkalling: «(...) og ho faldar hendene sine og eg høyrer Signe seie Kjære Jesus, hjelpe meg du».

Nei, over Jon Fosse er det ingen. Bare himmelen.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |