Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004


Roald Helgheim:
Kva talar imot kommunismen?
Spørsmålet blir stilt av Pelaga Vlassova i Moren, skodespelet Bertolt Brecht skreiv etter Maksim Gorkijs roman med same namn. Pelaga Vlassova er mor til Pavel Vlassov, den kommunistiske helten i romanen, og ho er like glødande som han. Ein gong såg eg stykket på ei norsk hovudscene med Tore Segelcke som mora, som framfører ein klassikar av ein monolog:

«Hva taler imot kommunismen? Den er fornuftig, alle forstår den. Den er lett. Er du kanskje utbytter? Den taler til slike som deg. Forhør deg om den, den er til beste for deg. En dumrian kaller den dum, og de skitne kaller den skitten. Den er fiende av skitt, og fiende av dumhet. De øverste kaller den forbrytersk, men vi andre vet: den er forbrytelsens punktum.

Den er ingen galskap, men tvert imot galskapens ende. Den er ikke kaos, men tvert imot orden. Den er det enkle, som er så vanskelig å virkeliggjøre.»

Eg har ikkje funne stykket i nynorsk omsetjing, noko denne monologen hadde fortent. Det hadde fått han til å skine med ekstra patos. Eg kom på teksten på grunn av den nye leiaren for det svenske Venstrepartiet, Lars Ohly. Han kallar seg kommunist, og han er stolt av det. For nokre år sidan gjekk dei svenske media berserk då det viste seg at partiet hadde ein Lenin-plakat på veggen i partikontoret, og Gudrun Schyman måtte krype til korset. Oppstyret etter den raude fråsegna frå den nye partileiaren har knapt nådd over Kjølen, om det har vore noko oppstyr i det heile tatt. I eit intervju her i avisa svarar den nye partileiaren det han må svare. Han har alltid kalla seg kommunist, men har aldri knytt det til undertrykking og stalinisme. All slik undertrykking i kommunismen sitt namn tar han avstand frå. Brotsverk har vore gjort i namnet til mange ideologiar og religionar, seier han. Det er eit standardsvar. Men er det godt nok?

Russaren Maksim Gorkij skreiv Moren etter at han i 1906 måtte rømme til USA. Sidan han var ti år gammal hadde han måtta greie seg sjølv. Han vart arrestert i 1905 etter ein proklamasjon om å avskaffe tsardømmet. I eksil skreiv han Moren, ein roman som skulle bli eit forbilde for den sosialistiske realismen. Han kom på norsk i 1948, forlaget Oktober gav han ut på ny i 1977. Her står det i introduksjonen: «Romanen er en hyllest til kommunistenes grenseløse hengivenhet for revolusjonens sak. Den forteller om offervilje og utrøttelig arbeid, den lærer oss om grunnlaget for revolusjonens seier i Russland.» Men det er noko heilt anna over monologen til Vlassova. Så enkelt var det. Så lett var det å forstå. Så bortanfor alt var draumen om eit klasselaust samfunn der staten berre ville døy bort, og der alle skulle yte etter evne og få etter behov. Men kva er eit klasselaust samfunn?

Den jugoslaviske kommunisten Milovan Djilas retta i 1957, i boka Den nye klasse, det kvassaste skytset mot det herskande kommunistiske systemet. «Den nåværende kommunisme omfatter en ny klasse av eiere og utbyttere og ikke bare et midlertidig diktatur og et vilkårlig byråkrati». I staden for ei utvikling mot det klasselause samfunn, fastna den nye herskarklassen med ei makt og eit eigedomsmonopol som var eineståande samanlikna med herskande klassar i historia. Di meir brutalt og nådelaust måtte eigarklassen forsvare makta si. «Den nye klasse kan ikke unngå å henfalle til stadige og dyptgående selvmotsigelser, for på tross av sin historiske opprinnelse klarer den ikke å gjøre sin eiendomsrett lovlig, og den kan ikke gi avkall på denne eiendomsretten uten å underminere seg selv.»

Denne leksa har ingen kommunistparti forstått enno. Difor har dei aldri prøvd å utvikle ein farbar veg mot ein klasselaus utopi. «Jeg mener det er overflødig å kritisere kommunismen som en idé», skriv Djilas. «Ideene om likhet og brorskap mellom menneskene, som har eksistert i skiftende former helt siden mennekesamfunnets begynnelse... er prinsipper som alle forkjempere for fremskritt og frihet alltid vil strebe etter. Det ville være uriktig å kritisere disse grunnleggende tanker, og nytteløst og tåpelig også. Kampen for å virkeliggjøre dem er del av det menneskelige samfunns historie.»

I mange år var eg medlem av eit kommunistisk parti. Om nokon i dag spør om eg er kommunist, svarar eg tvert ja. Kvifor skal eg svare nei? Fordi det er håplaust? Alle utopiar er håplause. Det er difor dei er utopiar. «Arbeidet kan ikke bli fritt i et samfunn der en gruppe har monopolisert alle materielle goder», seier Djilas i sin drepande kritikk av den herskande kommunismen. Men det finst ei skildring av eit samfunn der arbeidet er fritt. I Den tyske ideologi skriv Marx og Engels om arbeidsdelinga i det gamle og i det utopiske samfunnet. Nyt det:

«I den grad arbeidet er i ferd med å deles, vil enhver bli henvist til et spesielt felt for sin virksomhet som påtvinges han og som han ikke kan komme ut over. Han er jeger, fisker, eller kritisk kritiker og må holde seg til sitt fag hvis han ikke vil miste levebrødet. I det kommunistiske samfunn, derimot, hvor ingen blir henvist til et snevert virkefelt, men enhver kan få utdanne seg i den retning han ønsker, hvor samfunnet regulerer produksjonen og derved gjør det mulig for oss å drive med ett en dag og med noe annet en annen dag: Da kan enhver etter ønske, drive jakt om formiddagen, fiske om ettermiddagen, stelle husdyrene om aftenen og efter aftens utøve kritisk virksomhet, uten derved å vere jeger, fisker, kvegrøkter eller kritiker.»

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |