Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004


Inge Lønning:

Hagtvet og Høgre-nostalgien –
var alt betre etter krigen?


Bernt Hagtvet har fått Høgre på hjernen, ser det ut til. I eit lite ordskifte i Aftenposten i fjor haust, der han var ute og lufta hovudtesen sin om det store ideologiske forfallet i Høgre, bad eg han om å leggja litt meir arbeid i grunngjevinga og heller ta ned noko på storleiken på bokstavane i dei påstandane han strør om seg med. Påstandar treng rett nok ikkje vera grunnlause om dei vert framsette utan grunngjeving, men det er ikkje unaturleg å venta at ein akademikar legg vekt på å gjera greie for grunnlaget for at han meiner det han gjer. Det var det i alle høve ikkje i dei gode, gamle dagar, den gongen det var Høgrefolk til.

Studiet av politiske parti, politiske program og politiske prosessar er ein sentral del av professor Hagtvet sitt fagfelt. Eg vil tru at han set minstekrav til kjeldetilvisingar og argumentasjon når studentar meiner å vita at eit politisk parti på stutt tid har makta å endra seg så dramatisk at det ikkje lenger er attkjennande. Professoren er ikkje snauare enn at han fortel lesarane sine at han veit om to parti som har endra seg dramatisk, Høgre og Arbeidarpartiet. Når det gjeld det siste av dei to, får ikkje lesaren meir å halda seg til enn visittkortet Gro Harlem Brundtland og stikkordet «høgredreiing». Greitt nok, så lenge det ikkje har noko med saka i Hagtvets artikkel å gjera. Mindre greitt er det at han for Høgre sitt vedkommande, som saka skulle vera, ikkje har meir å tilby enn verbale variasjonar over det han kallar «marknadsfundamentalistisk tankegang», ispedd vilkårleg valde døme henta frå det dagsaktuelle mediebiletet av norsk politikk.

Om det store hamskiftet frå konservativt til marknadsfundamentalistisk parti verkeleg hadde gått føre seg, skulle ein tru at det måtte ha sett spor i Høgre sine program gjennom det siste tiåret. Sidan Hagtvet i Aftenposten som snarast var innom prinsipprogrammet frå 1991 med eit godord, rådde eg han til å jamføra med det tilsvarande programmet som vart vedteke ti år seinare. Sjølv meiner eg at det siste har ein tydelegare verdikonservativ profil enn det fyrste, men eg er part i saka og venta ikkje utan vidare at Hagtvet skulle slutta seg til mi vurdering. Derimot hadde eg venta at han hadde teke seg bryet med å sjå etter, sidan det dreier seg om nett det tiåret då det store syndefallet frå verdikonservatisme til marknadsfundamentalisme fann stad, om vi skal tru Hagtvet.

Hausten 1999 sende vi frå prinsippsprogramkomitéen si side ut til heile partiorganisasjonen eit debattskrift med tittelen «Forlengs inn i fremtiden». Av dei godt 100 sidene, handlar 2 sider om marknadsøkonomien, og det meste av det som der vert sagt, tener til å avgrensa og kritisera trua på marknaden som problemløysar. Hadde Hagtvet sett seg syn med å lesa det – to sider tek ikkje all verda med tid – vil eg tru at «marknadsfundamentalisme» er den siste etiketten han ville ha kome på å ta i bruk.

No kan det sjølvsagt tenkjast at Hagtvets uvilje mot å setja seg inn i sentrale dokument frå Høgre sitt programarbeid eller partigruppa sitt arbeid i Stortinget heng saman med at han meiner at det ikkje er der sanninga om eit parti er å finna. Underleg er det i så fall at han samstundes klagar over at «vi har eit nokså skrint miljø for prinsipiell politisk tenking». Dersom det vesle som måtte finnast av slikt, er utan interesse, jamvel for professorar i statsvitenskap, er det vel ikkje å undrast over at vilkåra for vokster er heller dårlege.

Namn er Hagtvet interessert i. Fråsett Jo Benkow og Kåre Willoch, har Høgreheltane hans det til felles at dei er avlidne. Om dei herrane som har fått rom i det konservative pantheon – Hambro, Lindebrække, Kjøs, Lyng, Norvik og Syse – vil Hagtvet vita korleis eg trur at dei «vil sjå på Høgre i dag». Eg går ut frå at det skal vera «ville sjå...» (om dei hadde vore til stades), alternativt måtte det vel heite «ser på...» (frå der dei no sit). Svaret er i alle høve det same: eg trur ikkje nokon av dei ville hatt det minste problem med, om eg får nytta ei lita omskriving av ein av klassikarane, å kjenna sitt folk og sitt parti. Ikkje har eg registrert at nokon av herrane Benkow og Willoch har problem i så måte heller.

Når sant skal seiast, er det vel helst Hagtvets idylliserande barndomsminne frå dei første tiåra etter krigen som er grunnlaget for draumen om den norske gullalderkonservatismen. At alle heltane var harde kritikarar av den sosialdemokratiske planøkonomien og «Veksten i statens makt» (tittelen på John Lyngs bok frå 1958), er visst gløymt eller tilgjeve. Det finst ikkje noko vesentleg element i Høgre sin økonomiske politikk i dag som ikkje var til stades den gongen Sjur Lindebrække, Kåre Willoch eller Jan P. Syse var finanspolitiske talsmenn for partiet. At det er skilnad på å kritisera det sosialdemokratiske prosjektet som opposisjonsparti og å utvikla ein alternativ politikk i regjeringsposisjon, er ei anna sak.

Hagtvet kan elles ikkje vera ukjend med at dei fleste av dei klagemåla han har mot Høgre av i dag, vart framførde mykje godt i same ordelag mot gullalderheltane hans så lenge dei var aktive politikarar. I Willochs regjeringstid gjaldt det ikkje berre statsministeren sjølv, men også den mest profilerte verdikonservative mellom statsrådane, kulturminister Lars Roar Langslet. Med Hagtvets nostalgiske kjensler for Posten og NSB er det merkeleg at han ikkje etterlyser Kringkastingsmonopolet. På 80-talet var det då det verste av alle ideologiske forfall å opna eteren for all slags ikkje-statsautoriserte bodskapar. Omgrepet marknadsfundamentalisme var rett nok ikkje oppfunne enno, men den moralske harmen mot forfallet og dei fæle marknadskreftene var seg sjølv lik den gong som i dag. Til liks med trua på at det går den vegen høna sparkar med det meste her i verda, og difor er det tryggaste å stritta imot all endring.

I det trussamfunnet høyrer Hagtvet enno ikkje heime, får ein tru, jamvel om det kan sjå ut til at det er dit han er på veg. Er han interessert i å venda om, ville eg, i tillegg til dei representative kjeldene eg har vist til – der han til dømes vil finna alt det tankegodset han med god grunn har gledd seg over å lesa seg til i Jan P. Syses etterlatne manuskript – råda han til å lyfta blikket frå dei utvalde einskildsakene han elskar å ergra seg over. At Jan Petersen så langt ikkje har fylgt opp framlegga frå Rudeng-utvalet, kan sjølvsagt kjennast som eit vonbrot. All verda til berekraft når det gjeld prov på kva Høgre er og ikkje er, har det knapt. At professor Hag-tvet ikkje er spesielt glad i kvalitetsreforma og Kristin Clemet, er dei fleste kjende med. Men han burde etter kvart ha fått med seg at sambandet mellom dei er mindre tett enn han likar å tru. Reforma vart vedteken av eit breitt fleirtal på Stortinget i Stoltenberg-regjeringa si tid og med Trond Giske i statsrådsstolen.

I skulepolitikken derimot ville Hagtvet ha funne interessante og godt synlege ideologiske skilje om det hadde interessert han. Den skulepolitikken Kristin Clemet fører, er solid tufta på Sem-erklæringa og Høgre sitt program, og den skil seg på grunnleggjande vis frå Arbeidarpartiet sin skulepolitikk. At Høgre ved dei to siste vala har hatt skulepolitikken som den eine av to toppsaker, har Hagtvet ikkje registrert, ser det ut til. Like tydelege ideologiske skilje ville han ha funne om han hadde sett på aktuelle stridsspørsmål knytte til lovgjeving på det medisinske og bioteknologiske området. For den som spør etter andre verdiar enn dei som kan teljast i pengar, skulle ein tru at eit fast ideologisk fylgje mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet mot eit tilnærma like fast fylgje mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og SV hadde krav på ei viss interesse.

Pengane til sist. Hagtvet har lite til overs for valkampslagordet «Meir att for pengane». Det er ei ærleg sak. Men valkampslagord har si tid og sin stad, og statsvitarar er vel like lite som teologar ukjende med at det er ein god tolkingsregel for den som vil forstå ein tekst å ta omsyn til at han har ein kontekst. Hovudskiljet i norsk politikk, slik det framstod ved valet i fjor haust, gjekk mellom dei partia som sprang om kapp for å tilby veljarane å kaste meir pengar på alle problem i den tru at dei let seg løysa på det viset, og dei som freista å få veljarane til å forstå at vårt norske problem i dag er at vi har stelt oss slik at vi får altfor lite igjen for dei pengane vi brukar. Hagtvet meiner visst at Høgre ville ha vore godt konservativt om det hadde sprunge om kapp med Senterpartiet og dei to partia som aldri har hatt regjeringsansvar, Framstegspartiet og SV, i den fyrste flokken. Av ein eller annan grunn skal det visst vera meir fornemt og mindre materialistisk å tilby seg å bruka meir pengar enn å interessera seg for korleis pengane kan brukast betre.

Slik tenkjer dei færraste av oss når det gjeld det vi disponerer av pengar sjølve. Eg har vondt for å sjå gode grunnar til at politikarar skal tenkja slik når det gjeld bruken av andre sine pengar. Endå større vanskar har eg med å forstå at det skulle vera mellom dei klassiske konservative dydane å tenkja slik. Men kan Hagtvet koma med dei gode grunnane, skal eg lova å sjå på saka ein gong til.
Inge Lønning

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |