Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004


Leiar:
Kvinnekamp på retrett

På 70-talet brende kvinnene brysthaldarar for å frigjera seg. Kvinnekampen prega det offentlege ordskiftet, og unge kvinner vart utfordra til å ta kampen opp for sitt eige kjønn. I dag kastar unge kvinner kleda utan opprørske tankar, men som ein del av underhaldningsindustrien for å tena mest mogeleg pengar.

Langrennsjentene må på død og liv visa at dei ikkje berre er flinke i sporet, men også er sexy og tek av seg treningsdraktene og viser seg fram i bikini. Fotballjentene er ikkje snauare og stiller opp i utfordrande kjolar i kjendisblada. Kvinnelege politikarar stylar seg også opp lettkledde i kvinnemagasina for å visa sitt «mjuke eg». Saman med dei fordummande og seksualiserte musikkvideoane som rullar på fjernsynskanalane kvar dag, gjev det eit nedslåande inntrykk av at kvinnekampen har eit godt stykkje att.

Dei store taparane er ungdomen. Ungdomskulturen er prega av ei seksualisering som gjer at unge jenter heilt ned i 13-14-årsalderen opplever eit stadig press for å kle seg som om dei var godt vaksne kvinner på fest. Vi har alle eit ansvar for å verne ungjentene mot denne seksualiseringa. Ungdomskulturen vert bombardert av ein kynisk musikkindustri som knapt skyr noko for å tena pengar. Det krev at ikkje minst media tek ansvar og ikkje formidlar vidare musikkvideoane til dei unge sjåarane slik NRK gjer i dag. Ungdomsavdelinga i NRK har hamna fullstendig på feil side i strevet for å gjera livet lettare for unge jenter.

Er det frigjering at seksualiteten er vorten ein del av konsumsamfunnet? Det nye no er at kvinnene står bak, like mykje som mennene. Det ser ein ved å ta ein kort tur innom avis- og TV-redaksjonane. «Hvordan være sexy når du er gravid», var ei overskrift i ei avis for ikkje lenge sidan. God 8. mars!
Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |