Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004


Kronikk:
For folk flest
Framstegspartiet fann for ei tid tilbake opp slagordet «For folk flest». Eg trur ikkje partileiinga er klår over kor godt dette slagordet illustrerer partiet sitt vanskelege tilhøve til kva ein demokratisk politikk er – og bør vera, skriv sosiolog Atle Møen.

Den første vansken med dette slag-ordet, er at det har ein slags innebygd premiss om å ekskludera noen frå den politiske fellesskapen på basis av religiøse eller etniske kjenneteikn, noko som vil seia ein politikk som er grunna i sterke skilje mellom oss og dei. «For folk flest» slår fast at partiet er for nesten alle, men det er samstundes heilt klart at det finst nokre som definitivt ikkje høyrer heime i partiet. Partiet vil gjerne representera eit heilt og udelt folk, men dette folket har klare grenser mot immigrantane, som ikkje tilhøyrer «folk flest».

Framstegspartiet representerer ein organisk folkeleg nasjonalisme, med førestellingar om noko ekte norsk, og difor vert innvandrarane fiendar til «folk flest». Og dersom desse innvandrarane no ein gong, på meir eller mindre tvilsame grunnlag, har snike seg inn i landet vårt, så må dei i alle fall tilpassa seg og bli som «folk flest». Framstegspartiet talar for ei slags etnisk reingjering, eller tvungen assimilering. Alt som skil seg frå det ekte norske, må omdannast for å bli tolerert.

Sprudlande mangfald

Eit liberalt demokrati bør ha eit solidarisk grunnlag i ein republikansk nasjonal fellesskap som er ein del av ein meir omfattande kosmopolitisk fellesskap. Det vil seia at alle som sluttar seg til dei demokratiske prinsippa er likestilte medlemmer av den nasjonale og politiske fellesskapen, uavhengig av etnisk eller religiøs bakgrunn. Dette er i realiteten eit sterkt krav om eit sprudlande kulturelt mangfald, som kan falda seg ut innanfor grensene til ein meir universell fellesskap.

USA kunne ein gong bli verdas mektigaste og mest moderne land fordi dei hadde ein «sosialdemokratisk» konstitusjon, eller ein samfunnsmessig fellesskap som hadde konsensus om dei mest generelle menneskelege verdiane. Dette gjorde det mogleg å inkludera ulike etniske og religiøse grupper innanfor ein solidarisk fellesskap. Rett nok vart dei svarte ekskluderte frå denne sivile fellesskapen, og frå 70-talet og fram til i dag, er dette sosialdemokratiske grunnlaget i USA oppheva gjennom ei grotesk ulik fordeling av velstanden.

I eit liberalt demokrati treng vi ikkje stilla krav om bunad, protestantisme eller kjennskap til norske mattradisjonar for å bli norsk. Men for å bli medlem av den norske fellesskapen er det eit krav om å akseptera det liberale demokratiet, lovsystemet, forfatninga og menneskerettane som konstitusjonen for eit vidare kosmopolitisk fellesskap.  

Illusjonen

Den andre vansken i tihøvet til eit liberalt demokrati som vert slått fast ved Framstegspartiet sitt slag-ord er å hevda at «folk flest» – altså minus innvandrarane – har felles interesser, noko som er ei naiv tru på at klassesamfunnet ikkje finst. Denne illusjonen om ein interessefellesskap mellom ulike klassar og interessegrupper heng naturlegvis saman med ideen om ein organisk nasjonalt fellesskap som eitt – og udelt folk. I europeisk historie har det i Aust-, Sør- og Sentral-Europa vore ein tendens til folkelege og organiske nasjonalismar som har dekt over, eller oppheva klassemotsetnader. I Nord- og Vest-Europa har det vore meir vanleg med liberale og sosialdemokratiske statsdanningar, der staten har vore prega av ei erkjenning av – og institusjonalisering av – klassemotsetnader.

Dei verdig trengande

Eit standpunkt om at «folk flest» har felles interesser samsvarar også med ein særskild type velferdspolitikk og ein markert profil på velferdsstaten. Ifølgje Framstegspartiet har «folk flest» interesse av ein svak utbygd og selektiv velferdsstat, som er skreddarsydd for dei verdig trengjande. «Folk flest» kan klara seg med eiga lønnsinntekt, betaling av velferdsgode frå eiga lommebok og private forsikringar. Marknaden kan sikra velferda for «folk flest», og politikken dreier seg om spørsmål om lov og orden, vekstvilkår for næringslivet, og velferdstilbod for dei verdig trengande.

Eit sosialdemokratisk alternativ vil her hevda at dei mest trengande har interesse av velferdsinstitusjonar som inkluderer alle, særleg når det gjeld helse, utdanning, og trygdeordningar. Særskilde velferds-tenester for dei fattige er alltid fattige ordningar. Og ein slik målretta velferdsstat skil i praksis ut dei som mottek hjelp som mindreverdige.

Den upolitiske politikken

Det er også viktig med offentlege skular og sjukehus som omfattar alle, og desse institusjonane er også ein føresetnad for å utvikla ein sivil, eller republikansk fellesskap. Vi vil gjerne ha maksimal kulturell pluralisme, men innanfor norske sjukehus og skular er alle formelt like, og difor må alle gje avkall på delar av sin private og særskilde kultur for å gjera seg fortente til ein medlemskap i denne institusjonelle fellesskapen. Dersom ikkje den kulturelle pluralismen heng i hop med likestilling innanfor offentlege institusjonar, kan kulturelle skilnader føra til alvorlege konfliktar.

Framstegspartiet er den fremste representanten for det vi kan kalla den upolitiske politikken. Dei vil tømma politikken for eit reelt innhald. «Folk flest» har paradoksalt nok lita interesse for politikk, sett bort frå å kjempa mot innvandrarar og laga velferdsordningar for dei verdig trengande. Dette vert ein negativ politikk som er fokusert på misnøye, aggresjon og fiendar, i staden for å realisera ein kollektiv fridom gjennom den demokratiske politikken. Og når denne ustadige aggresjonen og misnøya ebbar ut, trekkjer «folk flest» seg tilbake som ein taus majoritet, utan snev av politisk interesse.

Innvandraren

For Framstegspartiet er altså innvandraren den figuren som er fienden til «folk flest». På ein liknande, men omsnudd måte, konstruerer Framstegspartiet sin einaste rest av ein positiv politikk på basis av ein kulturell helt – den verdig trengande. I tillegg til å skapa lov og orden gjennom ein kamp mot innvandrarar, kriminelle og uverdig trengande, er det vesentlege innhaldet i politikken til Framstegspartiet å hjelpa dei verdig trengande – dvs. sjuke, eldre og funksjonshemma – med spesielle tiltak. Vi må bruka mindre på «folk flest» for å få meir pengar til dei verdig trengande, er ordlyden for denne politikken.

«Folk flest» er altså ein majoritet i det norske folk som har sterke grenser mot immigrantar, men som også er alle dei som klarer seg utan offentleg velferdspolitikk. Slik sett er dei verdig trengande eit moralsk orienteringspunkt for den positive politikken, men dei er likevel i realiteten ikkje medlemmer av den store fellesskapen av «folk flest». Dei verdig trengande er utestengde frå denne fellesskapen, nettopp i eigenskapen av at dei er svake og verdig trengande, og difor treng desse svake den offentlege politikken. Utan innvandraren som fiende og den verdig trengande som helt, går Framstegspartiet raskt i oppløysing.
Atle Møen, sosiolog,
Universitetet i Bergen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |