Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004


Kommentar:
Utan fallskjerm
«Vonene våre for den framtidige tilstanden til menneskeslekta fell inn under tre hovudmål: avskaffing av ulikskap mellom nasjonar, framgang for likskap innom kvar nasjon, og sann fullkomleggjering av mennesket».

Markgreven av Condorcet (Antoine-Nicolas Caritat, 1743-94) skreiv dette i Den framtidige utviklinga av menneskesinnet. Condorcet hadde, liksom opplysningshumanistar allment og tidlege liberalistar spesielt, ei urokkeleg tru på at menneske ville utvikle seg mot høgre medvitsnivå, berre dei fekk høve til det. Såleis ville ei fornuftig forvaltning av verdiar alltid føre med seg større glede for fleire.

Fire-fem år tidlegare hadde Jeremy Bentham skrive om koss skilnadene mellom menneske aldri kan løyne at kvart menneske har i seg ein lengt etter lukke, og at all kritisk verksemd i samfunnet i siste instans har til mål å forbetre samfunnet og gje fleire menneske større lukke. Utan kritikk av tilhøva kan slik lukke ikkje oppstå, så det gjeld om å prøve alt nøye.  

Var dei låtteleg naive, desse som la røtene til liberal og liberalistisk tenking? Dei har visstnok ikkje mange likesinna etterkomarar i vår tid, kan det sjå ut til. Men éin finst der som kan sjå ut til å tenkje i liknande baner som Bentham og Condorcet, nemleg Kjell Inge Røkke. Frimodig uttalar han når han blir spurd om kva som er meininga med det han driv på med, at han vil sikre norsk industri og lage arbeidsplassar. Tru det eller lat vere, legg han gjerne til.

Må tru om det er denne ofte og sterkt uttrykte viljen til å gjere noko positivt for arbeidarane og for nasjonen, som gjer at folk har ledd så mykje og hjarteleg av Røkke? At tabloidavisene har skrike ut med feite typar kor låtteleg fyren er? Det er då visst plent uråd, særleg for slike Oslo-aviser som prøver å late som om det eigentleg er Oslo som er heile landet, å halde opp med markskrikerske oppslag og prenta krampelatter over denne oppkomlingen.

Jaudå, Molde-guten har unekteleg lagt seg til eitpar nyrike fakter, såleis eit nokså overtydeleg forbruk i form av bortimot fallosforma speedbåtar. Men han brukar ikkje speed på anna vis, så vidt ein veit, og høyrer slett ikkje til noko rote sjikt av norske næringslivsleiarar. Åttaferda med racerbåt er vel lite anna enn iscenesetjing av ein vilter gutedraum. Somme durar då omkring på Harley Davidson-beist når dei blir middelaldrande, det er vel ikkje særleg annleis. Men ingen gjorde då narr av Arne Næss junior for at han tok seg føre temmeleg lite nyttig her i verda, men berre låg og klivra i bergskorter overalt, og til sist døydde han jamvel av det, til stor applaus frå alskens mediefolk.  

Men Røkke, han kjem frå Romsdalen. Ikkje frå Holmenkollåsen eller Bærum eller andre slike stader som medlemmene av Kristiania Fallskjermklubb plar komme frå. Han vil rett og slett ikkje vere medlem av Fallskjermklubben. Han har ikkje som mål at verksemdene han styrer, går over ende, så han kan dale ned i skjul, salte ned pengar eller velte seg i verdiar andre har skapt. Kristiania-kapitalistane, dei har derimot sett mønster som mest no alle tek etter, både nye leiarar i omorganiserte delar av staten, i Landsorganisasjonen og mest alt som tenkjast kan. Berre vent, speidarrørsla kjem nok snart med.

Og fylgjene let ikkje vente på seg. Arbeidsplassar ryk over alt, jamvel der staten er medeigar. Sjeldan blir dei ansvarlege hengde ut (men unnatak finst), for Fallskjermklubben gjev no normalen. Har Røkke slakta verksemder, selt unna verdiar og henta ut profitten? Nei. Har Røkke sagt opp hundrevis av menneske? Nei, har han sagt opp nokon, då?  

At Aker Kværner har bygd og framleis byggjer på den fiksjonen lånte pengar er, er då ikkje noko anna enn kva sosialistar alltid har sagt om pengar i høve til arbeid: Det er arbeidet som gjev verdiane, pengane er berre symbol på byttetilhøvet. Røkke synest å ha gjort ei røynsle som minner mykje om den forklåringa eg ein gong fekk av ein gammal sunnmøring på kapitalismens vesen: «Monopola, dei veks liksom gopler (brennmanetar), blir større og større til dei ein vakker dag blir ute av stand til å ta til seg meir næring, og so løyser dei seg opp og rotnar».

Om dette er ei rett skildring av goplene sitt vesen, skal her vere usagt, men det passa visst på Aker Kværner inntil her om dagen. Men no går altså Røkke motsett veg av all Kristiania-kapitalisme: I staden for å samle alt saman til større og større einingar som mest får metafysisk status, opprettar Røkke no ei ny trusvedkjenning: Han lagar si eiga tre-eining, splittar opp det som før var sameint.

Målet er sjølvsagt å tene pengar, og eitt er at risikoen blir mindre for kvar av dei tre delane som no står for seg sjølve. Ifylgje Dagens Næringsliv kan Kjell Inge Røkke få rett i at dette er ein «vinn-vinn-situasjon for alle» (DN 2. mars 2004). Jamvel dei som for to år sidan kjempa med nebb og klør mot at Røkke skulle få makta i Kværner, såleis den tidlegare Kværner-styreformannen Harald Arnkværn, seier no at Røkke si løysing var best.

I trusvedkjenninga til Røkke inngår det altså ei forkynning av trua på arbeidet og på verdiskapinga. Røkke har, slik som alle som sit med gjeld til opp over øyrene, sikkert streva hardt siste par åra. Han har fått sin del av skadefro glis og hånlatter – det er då slik mellom kremmarar at det er godt om eins eiga forretning går godt, men det er mest betre om grannen si forretning går dårleg. I alle høve har medlemmene av Fallskjermklubben samstundes trygt og roleg, jamt og samt, sanka inn gevinstar for kvart eit havarert prosjekt. Det er verkeleg så ein tek til å vone at Kjell Inge Røkke ikkje berre held fast på si tru, men at han ein dag kan koste på seg ein flir både over uvitande tabloid-sjornalistar med stor sjølvtillit, og kyniske nedkomlingar mellom Kristiania-kapitalistane. Lat oss også be om og vone at han ikkje rotar seg bort i stusslege spekulasjonar kringom i verda meir, men steller seg slik at Condorcet kan smile venleg nøgd ned til honom frå sin liberale himmel.

Vi andre kan ta råd av eit fransk munnhell: Om du ikkje er rik, pass då på å verke nyttig.  
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |