Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004
Klok på bok nr 654:
Klok på kråke
Barabass og eg er i vårstemning for tida. Det har vorte så lyst, snøen tinar midt på dagen og Barabass drøymer om grøne bakkar og sommar. Dessutan er postkassen full og det gjer oss ekstra oppstemde. Me går rett på første innsendar: «Klokfamilien kan vel ha bruk for utviding, slik les i alle fall eg det. Bra då at mange svara sist og de ventar vel svar i haugevis nå òg. Dette burde jo einkvar vite, sidan diktet vel er brukt i mest kvar og ei lesebok dei siste 25 åra av det siste hundreåret. Arnljot Eggen gav ut Eit hovud i havet i 1965, der dette er førstestrofa i Det er berre. Lett, ja, og temmeleg Eggen òg. Og nett Arnljot Eggen har vore god å ha sett frå den vestlege sida, intens og av og til arg nynorsking
i det området som mange i dei austlegare strok trudde var fri for slikt.», skriv Olav M. Skigelstrand. Han fortel oss ikkje kvar han bur, men Barabass og eg er svært glade for alle som vil vera med i Klok-familien. Velkomen skal du vera, Skigelstrand, seier Barabass.
Jostein Røe er blant dei som visste at dette var Arnljot Eggen. Dessutan kjenner han til forfattaren sjølv. Han skriv slik om diktaren: «Han voks opp i Ålen og har skildra tida der i Sagasus i stasjonsbyen. Men han var fødd her i Vingelen i Tolga (i 1923), og som ein liten kuriositet kan eg nemne at han var gjetar her på garden og på setra sommaren 1935. For meg vart dette ein ekstra minnerik sommar, av di Arnljot var så flink til å finne på ting me kunne leike oss med.»
Wilma Fikke Schønning i Bodø er svært klok. Ho skriv slik: «Hei, klokinger! Denne gangen var det lett! Diktet berre av Arnljot Eggen er vel velkjent. Jeg har det i Lagnad sa vi som kom i Den norske Bokklubben, men det kom først i samlinga Eit hovud i havet. Det er også tonesatt og er hørt sunget av Lars Klevstrand.
Ei anna klok er Målfrid Utne på Lofthus. Ho svarar aldeles korrekt og skriv: «Endeleg ei oppgåve eg kunne svare på att!»
Sigrid Gjelsvik i Naustdal, Henrik Wroldsen i Oslo, Jorunn Kleppe i Jølster, Eli Sylta på Nansenskulen, Arne Apold i Bergen, Inger Margrethe Berge, 5378 Klokkarvik, Ingrid Lomholt i Naddvik, Randi Brenden, Kari Pålsrud, Ottar Roaldset... Dei er alle saman så kloke, så kloke.
«Hei Oskar og Barabass; for eit års tid sidan budde eg saman med ei veninne i eit husvære med dikt på veggene. Det var store og små vers, aforismar, og ord å take med seg ut i dagen der ein stod og tok på seg ytterkleda medan augo kvilde på ein farga papirbete med skriftteikn på. Dikta på baderomsspeglen vart bytte ut med jamne mellomrom. Det er ikkje so mykje fornuftig ein kan få ut av tannpussestundene morgon og kveld, men med eit lite dikt å lære seg utanboks var det stadig noko å gle seg over. Noko av det beste eg visste, var når eg oppdaga nye vers små lappar på stader eg ikkje hadde sett før. Bak døra. Eller på veggen ved stogeglaset. Det fyrste diktet eg hengde opp, kom opp på kjøkenskåpet slik at augo kunne gløtte opp på linene medan eg stod og koka havregrauten min til frukost. Nokre dagar vart det til oppmuntring, andre dagar meir til trøyst diktet (Berre) var skrive av Arnljot Eggen, og fortalde om korleis alt som var noko: draumar, stemning, kjensler, våren det
var berre. Berre livet. Andre ting som ogso er berre, er t.d. berre ein hund ai ai, so syndleg ei soge som far min las for meg då eg var lita, men det er ei heilt anna soge.», skriv Gyro Knutsdotter Homme på Sogn Studentby i Oslo.
Barabass vart veldig inspirert av dette brevet og no heng det dikt overalt her på garden. Til og med ute i vedskjulet heng det dikt. Ja, ja.
Medisinarstudentane Ragnhild Helsing og Kristin Fuglø er òg kloke. Barabass og eg oppfordrar dei til å halda fram med å senda kloke svar!
Me vassar i brev frå kloke folk. Vidkunn Eidnes i Harstad, Asbjørn Eidnes òg i Harstad, Randi Brenden i Horten, Cathrine Senje i Oslo, Tore Aschim i Askim, Olav Molven i Bergen, Gunnar Bæra på Løten, Gunder Runde i Ulsteinvik, Aud Thue i Balestrand, Kari Folvik på Deichmanske bibliotek...
Karl Johan Grønning i Rykkinn er òg blant dei kloke. Han skriv slik: «Sitatet denne gongen er henta frå diktet Berre i samlinga Eit hovud i havet (1965) av Arnljot Eggen. Diktet nemner ei rekkje andre berre òg: løynde kompleks, tilpassingsvanskar, noko med rot i din barndom, ein eller annan kasus i psykiatrien, kort og godt: Det er berre / livet. Eggen slo etter kvart over i til dels krass og engasjert politisk dikting på den radikale marxistiske venstresida. Han har utvikla ei skarp aforistisk uttrykksform: Statsmakt kan fort snu seg til maktstat.
Så, vekas vinnar: Wilma Fikke Schønning i Bodø. Me gratulerer!
Klok 654
På ei stiv grein der uppe
sit ei våt svart kråke
og steller og pyntar fjørene i regnet.
Eg ventar ikkje at eit mirakel
eller hende
skal slå eld i det
eg ser, eg leitar
ikkje lenger i dette lunute vêret etter noko teikn,
men lèt dei flekkute bladi falla som dei fell,
uten fyregjerd eller varsel.
Dette er byrjinga på eit dikt omsett frå engelsk av ein kjend norsk lyrikar. Tips: Sjølvmord og kultstatus. Kven har skrive diktet og kven har omsett det? Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til klok@dagogtid.no. Svar innan 12. mars. Lykke til!
Dale-Oskar og Barabass
|