Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004


Jernbane:
– Statsbane på treski
– Med dagens løyvingar og med det som er skissert i forslaget til Nasjonal transportplan, har ikkje jernbana sjansar til å overleva, seier fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik, Ap.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Sandvik fryktar for framtida til jernbana i Noreg.

– Norsk jernbanepolitikk er forteljinga om eit varsla mord, seier fylkesordføraren.

– Det er openbert kva som trengst av løyvingar. Dovrebanen er frå 1923 og konkurrerer i dag med bussar og privatbilar som køyrer på vegar frå tida etter 1990. Det er som ein skulle ha stilt opp i verdsmeisterskapen med treski frå 1920. Kvaliteten på privatbilen kjem til å auka, prisen på flyreiser kjem til å gå ned og ekspressbussane kjem til å utvikla seg. Difor kan det om 15 år verta umogleg å konkurrera for Dovrebanen, Bergensbanen, Nordlandsbanen og annan langtransport. Viss ein ikkje vel å satsa kraftig på infrastrukturen, får ein heller vera ærleg og seia at me ikkje ønskjer langtransport med tog her i landet. Då kan ein like godt satsa pengane på vegane.

– Kor mykje pengar trengst for å gjera jernbana levedyktig?

– Svenskane investerer for åtte milliardar kroner i året i jernbana, og der ser ein at driftsutgiftene går ned og at inntektene aukar. Dei norske investeringane bør koma opp i fire-fem milliardar i året. Hovudproblemet for jernbana er infrastruktur og banemateriell, og det fører både til seinkingar og andre problem. Dermed tapar ein i konkurransen med både bussar og privatbilar. I den samanhengen vert det meiningslaust å laga insentivordningar som gjev jernbana 100 millionar kroner, om ein greier å halda rutetidene. Sluttar du å halda huset ditt ved like, dett det til slutt frå einannan. Då nyttar det ikkje å seia at du skal få hundre kroner ekstra i månaden om du greier å halda varmen, seier fylkesordføraren i Sør-Trøndelag.

Jernbane på treski

Han viser til at det er gjort framlegg i Nasjonal transportplan om 13 milliardar kroner i samla investeringar i infrastruktur for jernbana i perioden fram til 2011.

– Viss dette vert ståande, er det døden for langtransport med jernbane i Noreg. Det trengst ei omfattande oppgradering av infrastrukturen.

– Kva burde den naturlege reisetida med tog mellom Trondheim og Oslo ha vore?

– Regulariteten er det viktigaste, ikkje reisetida. Toget må gå og koma når det er trong for det. Når du skal levera gods ute i Europa, må du vera sikker på at toget ikkje vert ståande ein dag i Oslo. Toget må følgja rutetabellen. Men hadde ein greidd å skjera ned reisetida til fem timar på strekninga Trondheim-Oslo, hadde tog vorte eit svært effektivt transportmiddel. Då kunne det ha vore konkurransedyktig.

– Er det billege fly- eller bussruter som er største faren for jernbana?

– Den største faren i dag er at fly og buss går på glasfiberski, medan jernbana går på treski. Skal toget konkurrera om kundane, må det ha fotty som held.

– Reagerer du på at styresmaktene let all verdas bussruter køyra parallelt med jernbana?

– Nei, jernbana må finna seg i konkurranse, men eg trur at toget ville ha konkurrert ut bussen om det hadde fått gode nok vilkår. Då kunne ein fått meir godstransport, og persontrafikken kunne ha vorte raskare og sikrare. Det er openbert at det er betre å køyra med tog enn med buss, men når bussen kostar ein slikk og ingenting, er det lettare å ta buss.

– Kan toget konkurrera med bussen på pris?

– Får ein opp passasjergrunnlaget og godstransporten, slik at innteninga betrar seg, er eg heilt sikker på det. Det er dyrare å driva flytransport enn jernbane- og vegtransport viss konkurransevilkåra er like. Med ein god infrastruktur ville jernbana ha vore konkurransedyktig.

Siste sjanse

Fylkesordførar Tore O. Sandvik har teke opp jernbanespørsmålet med andre fylkesordførarar.

– Spørsmålet er om ein skal auka løyvinga på 13 milliardar kroner i Nasjonal transportplan, eller om Jernbaneverket skal ta opp lån. Både buss- og flyselskap tek opp lån når dei skal kjøpa nytt materiell, seier fylkesordføraren.

Den 24. april er alle jernbanefylka inviterte til ein konferanse i Trondheim, og det er også samferdsleministeren og samferdslekomiteen.

– Kjem det ikkje større investeringar i jernbana, har eg ikkje noka tru på at me greier å berga langtransporten med jernbane i Noreg, seier fylkesordføraren.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |