Dag og Tid nr. 10, laurdag 6. mars 2004
Transport:
Bussane tek over
Der det i fjor gjekk eit tog, går det framleis tog. Men det går kanskje tre ekspressbussruter ved sida.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Samferdsledepartementet sa lenge nei når det vart søkt om å oppretta bussruter parallelt med jernbana, men i fjor skreiv regjeringa Bondevik eit nytt kapittel i norsk samferdslehistorie. Den 13. mars innførte regjeringa fri etableringsrett for ekspressbussruter, og nye bussruter kan gjerne gå parallelt både med tog og andre bussruter. Dette skjedde samstundes med at Nor-Way Bussekspress fekk fire nye løyve. Det vart gjeve løyve til ekspressbuss frå Oslo til Trondheim, Ålesund og Geilo, og det vart opna for buss frå Trondheim til Bodø. Dermed kunne selskapet knyta landet saman i eitt ekspressbussrike frå Finnmark til Mandal, frå Måløy til Trysil.
Passerer NSB
Nor-Way Bussekspress starta opp i 1988 med 640.000 passasjerar. I 2002 hadde selskapet 50 nasjonale og seks internasjonale ruter og nesten fire millionar passasjerar.
I fjor hadde passasjertalet kome opp i om lag 4,5 millionar, og me reknar med ein auke på ti prosent også i år, fortel administrerande direktør Ådne Svendsen.
Etter at reglane for tildeling av konsesjon vart meir liberale i mars i fjor, har det ikkje berre kome fleire nye ruter; det har også vorte fleire nye avgangar på eksisterande ruter. No får bussane køyra uansett om det går tog parallelt eller ikkje, og det har Nor-Way Bussekspress arbeidd for sidan oppstarten i 1988.
Me har slåst for kvar einaste konsesjon. I mange år har me køyrt med stengd dør, men no er det slutt på det.
Kan bussane få den same komforten som NSB?
NSB er ikkje nokon stor konkurrent. Kvar for oss er me små. Det er personbilen me må konkurrera med. Me har lært at folk brukar det transportmiddelet som passar dei best der og då. Kundane er svært lite lojale mot eit transportslag eller ein operatør. Fleire ruter fører til at me får fleire passasjerar som ikkje hadde reist, eller som hadde reist med bil.
Stel bussane mange kundar frå NSB?
Ikkje mange. Der toget er bra, tek folk toget. Komforten på bussane er bra, men du får aldri så mykje plass som på toget.
Men den nye bussen frå Bodø til Trondheim kjem til å konkurrera med NSB?
Både toget og bussen går berre to gonger i døgeret på denne strekninga, og det inneber at folk har fått eit reisetilbod fire gonger i døgeret.
Konkurransen
Men sjølv om den norske ekspressbussen er billegare enn toget, er han dyrare enn den svenske Säfflebussen som køyrer frå Oslo til Göteborg, Stockholm og København.
Kan norske ekspressbussar koma ned i same prisen som på Säfflebussen?
Den siste tida har me fått konkurranse på fleire bussruter innanlands, og det har ført til priseksperiment. Tidlegare kosta bussreisa mellom Oslo og Trondheim 600 kroner, men no har fastprisen kome ned i 290 kroner. Det verkar som om den låge prisen får folk til å reisa meir, og at det dermed kan løna seg. No er det i alle fall tre ruter mellom Oslo og Trondheim, fortel direktør Svendsen.
Det er Dovreekspressen, Østerdalsekspressen og Nettbussen. Bussekspressen prøvde seg med bussar med to etasjar, men måtte avvikla i februar. Nettbussen er eigd av NSB, og her konkurrerer NSB med seg sjølv.
Mellom Bergen og Oslo er det også tre bussruter: Haukeliekspressen er den eldste ruta, men i fjor sommar starta Arctic Express Buss ei ny rute, og i slutten av januar gjekk startskotet for E16Xpressen, som køyrer over Filefjell.
Kva synest du om at så mange skal konkurrera på den same strekninga, direktør Svendsen?
Det er vel det me har arbeidd for. Konkurransen får oss til å skjerpa oss, og mykje trafikk avlar meir trafikk.
Du er ikkje redd for at konkurransen frå bussane vert så hard at NSB må leggja ned?
Eg synest at NSB skal få lov til å driva som dei vil, og så må me få lov til å driva som me vil. Og det får me no, seier Svendsen og viser til at jernbanedrifta slett ikkje er så oppdatert som ho burde ha vore.
Ein skal hugsa på at det vert brukt diesellokomotiv på 40 prosent av skjenenettet til NSB. Eg ser ikkje det heilt store poenget med å køyra stort diesellokomotiv på Raumabanen, Nordlandsbanen og Rørosbanen, når ein kan køyra lette og miljøvennlege bussar som kan gå mykje oftare. Men ekspressbuss-tilbodet kan også utviklast vidare. No køyrer me til alle fylke, men me har ambisjonar om å køyra fram til alle kommunesentra i Noreg, seier administrerande direktør Ådne Svendsen i Nor-Way Bussekspress.
|